Historisk arkiv

Satsing på hamner og farleier i budsjettframlegget for 1997

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Fiskeridepartementet

Pressemelding

Nr. 43/96
4. oktober 1996

Satsing på hamner og farleier

i budsjettframlegget for 1997

Regjeringa går i budsjettframlegget for Fiskeridepartementet for 1997 inn for å løyve 143,5 millionar kroner til Hamnetenesta neste år, og vil spesielt prioritere opprusting av fiskerihamner på stader der det er påvist behov for dette ut frå næringsmessige vurderingar. Det vert foreslått at 106,7 millionar av løyvingane går til planlegging, utbygging, utvikling og vedlikehald av fiskerihamner, 20,8 millionar skal gå til utbetring av farleier og 16 millionar som tilskott til finansiering av anlegg i kommunale fiskerihamner.

  • Det er stort behov for å byggje ut meir fullstendige fiskerihamner tilpassa ei moderne og framtidsretta fiskerinæring. Det er også stort behov for å ruste opp mange farleier langs kysten, seier fiskeriminister Jan Henry T. Olsen.
  • Det er ønskjeleg at løyvingane til utbygging og opprusting av fiskerihamner kan leggje til rette for ein auka samla innsats på dette området, der også kommunar og næringsliv medverkar økonomisk. Dette er i tråd med intensjonane Stortinget vedtok då det handsama St. meld. nr. 44 (1992-93) "Om fiskerihavnepolitikken", seier fiskeriministeren.

Reparasjonar av fiskerihamneanlegg bør etter Regjeringa sitt syn verte høgast prioritert, for å unngå at skadar aukar i omfang og for å ivareta investeringar som allereie er gjort. Vidare vert det lagt opp til ei betring av eksisterande fiskerihamner, moloreparasjonar og igangsetjing av vedlikehaldsmudring der behovet er stort. Til reparasjonar og utbetringar vert det foreslått å løyve 15 millionar kroner.

Når det gjeld farleiene, ønskjer Regjeringa at løyvingane skal nyttast til utdjuping og utbetring for å sikre skipstryggleiken og meir funksjonsduglege hamner. Konkret vert det nemnt vidare arbeid med å fjerne hindringar i farleiene, sikre at dei er djupe nok og gode manøvreringsforhold i fiskerihamnene. Innafor totalramma er det sett av 20,6 millionar kroner som kan nyttast til entreprisearbeid.

Prioriterte anleggsarbeid i hamner og utbetringar i farleier

Det er gjort ei lang rekkje arbeid i fiskerihamner og farleier langs kysten i 1996. Ein kan til dømes nemne anlegg i fiskerihamnene i Listahamn (Vest-Agder), Husøy (Rogaland), Osmundsvåg (Sogn og Fjordane), Urkevik (Møre og Romsdal), Myre (Nordland) og Hasvik Ytre (Finnmark). Av større anlegg i farleier i 1996 kan ein nemne Røsvikrenna (Østfold), Bognestraumen (Hordaland), Brønnøysund (Nordland). Det er også gjennomført moloreparasjonar og vedlikehaldsmudring fleire stader.

Regjeringa gjer framlegg om 127,5 millionar kroner over løyvinga til Hamnetenesta til planlegging, utbygging, utvikling og vedlikehald av fiskerihamner og til utbetring av farleier i 1997.

I tråd med intensjonane i Stortingsmeldinga om fiskerhamnepolitikken, legg Regjeringa vekt på ei heilskaplege vurdering i val av fiskerihamner og farleier som skal prioriterast når det gjeld utbyggingar i 1997. Nærings- og distriktsomsyn og tids- og utbyggingsøkonomiske omsyn står sentralt i denne vurderinga.

Følgjande igongverande byggjearbeid, medrekna landanlegg og utdjupingsarbeid, vert foreslått fullførde i 1997: Utgårdskilen II i Østfold (utdjuping), Lista hamn (reparasjonar), Buskøy II (utdjuping), Osmundsvåg i Sogn og Fjordane (utdjuping), Salthella i Hordaland (reparasjonar), Urkevik i Møre og Romsdal (molo- og kaiarbeid), Andenes II (utdjuping) og Brønnøysund (utdjuping) i Nordland og Kristoffervalen i Troms (utdjuping).

Av igongverande anlegg som det vil bli utført arbeid på i 1997 og etterfølgjande år, vert det foreslått løyvingar til desse i 1997 : Sandshamn i Møre og Romsdal (landanlegg og utdjuping), Tjeldsundet i Nordland (utdjuping), Sommarøy (molo og utdjuping), Skjervøy indre (utdjuping) og Skjervøy ytre (moloar) i Troms.

Følgjande hamneanlegg får midlar til start av arbeid i følgje budsjettframlegget for 1997: Egersund i Rogaland (utdjuping), Eggesbønes i Møre og Romsdal (utdjuping), Uthaug i Sør- Trøndelag (utdjuping), Bodø (utdjuping), Røst (bygging av kai) og Risøyrenna (utdjuping) i Nordland og Senjahopen (utdjuping) i Troms.

Ei rekkje anlegg er til vurdering og under planlegging for åra 1998 til 2000. I den grad budsjettet gjer det mogeleg, vil styresmaktene vurdere å nytte entreprise for å setje i gang arbeid på eit tidlegare tidspunkt. Mellom dei fremst prioriterte i ein slik samanheng vil vere Forsøl og Nordvågen i Finnmark

Tilskot til finansiering av anlegg i kommunale fiskerihamner

I 1996 vart det gjeve tilskot til 13 fiskerihamner. Av desse var til dømes Husøy og Sirevåg i Rogaland, Trollebø og Kalvåg i Sogn og Fjordane, Bodø i Nordland, Breivikbotn, Skarsvåg og Vardø i Finnmark.

Regjeringa foreslår 16 millionar kroner over løyvingane til Hamnetenesta som tilskot til investeringar i kaianlegg og andre byggverk i kommunale fiskerihamner i 1997.

Det vert foreslått løyvingar til følgjande hamneanlegg i 1997: Husøy I, Husøy II og Sirevåg i Rogaland, Trollebø og Kalvåg i Sogn og Fjordane, Ålesund i Møre og Romsdal, Bodø og Ytre Meløy i Nordland, Skjervøy og Engenes i Troms, Breivikbotn, Skarsvåg og Vardø i Finnmark.

Det vert vidare foreslått å løyve midlar til å starte arbeid med nyinvesteringar og utbetringar i følgjande hamner: Egersund i Rogaland, Mjøstadneset i Møre og Romsdal, Straumsjøen og Sund i Nordland, Sommarøy og Ørnfjordbotn i Troms og Hasvik i Finnmark.

Lagt inn 4 desember av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen