Historisk arkiv

Observasjon av små barn

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Justis- og politidepartementet

Pressemelding

Nr.
Oslo, 29.11.96

Observasjon av små barn

Ein sakkunnig kan gjere bevisopptak ved observasjon når vitnet sin alder eller andre særlege omstende tilseier det. I statsråd i dag vart det gjort framlegg til endring i straffeprosesslova som gjer dette mogleg.

Framlegget inneber at ein person med særleg kjennskap til barn sin måte å vere på skal observere barnet gjennom leik og samtale. Den sakkunnige skal gje ei samla vurdering av det som kjem fram under observasjonen. For å byggja opp eit tillitsforhold til barnet og unngå at det blir for trøytt, kan observasjonen skje over fleire gonger.

Bakgrunnen for lovframlegget er at reglane vi har i dag om dommeravhøyr ikkje er tilstrekkelege. Særleg gjeld det dei minste borna, som ofte har liten evne til verbal kommunikasjon. Framlegget tek først og fremst sikte på born under skulepliktig alder, men vil i prinsippet kunne omfatte born opp til 14 år. Ordninga vil også kunne nyttast ovanfor psykisk utviklingshemma uavhengig av alder.

Det er også gjort framlegg om at dommeravhøyr som hovudregel skal takast opp på video og dersom det er naudsynt, også på lydband. Det same skal etter framlegget gjelde for observasjon. I dag skal avhøyret takast opp på video eller lydband.

Lovframlegga er ei oppfølgjing av framlegg frå ei tverrfagleg rådgjevingsgruppe som har bistått Justisdepartementet i å utforme nye regler om dommeravhøyr av born.

Ved lov 1. juli 1994 om endringer i straffeprosessloven mv (styrking av kriminalitetsofres stilling) vart det blant anna gjort endringar i straffeprosesslova med sikte på å styrke kriminalitetsofrene si stilling. Dei endringane som gjeld avhøyr av born utanfor rettsmøte skal tre i kraft 1. januar 1997.

Lagt inn 29 november 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen