Historisk arkiv

Forskingsrapportar om økonomiske sider ved innvandring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kommunal- og arbeidsdepartementet

Pressemelding

Kommunal- og arbeidsdepartementet


Informasjonsenheten, forværelse. Tlf.: (+47) 22 34 68 21
Informasjonssjef Erling Hansen. Tlf. priv.: (+47) 66 91 26 79
Informasjonsrådgiver Anne Marit Schiong. Tlf. priv.: (+47) 22 62 19 67

Oslo, 26.11.96

Forskingsrapportar om økonomiske sider ved innvandring

Tre forskingsinstitusjonar har utarbeidd fire rapportar om økonomiske sider ved innvandring. Rapportane vart i dag levert til kommunal- og arbeidsminister Kjell Opseth.

  • Eg finn ikkje resultata oppsiktsvekkjande. Vi har lenge vore kjent med at grupper av innvandrarar har hatt problem på arbeidsmarknaden. Det er heller ikkje overraskande at grupper i befolkningen som ikkje er yrkesaktive, inneber auka utgifter på offentlege budsjett, uttalar Kjell Opseth, i samband med offentleggjeringa. Opseth seier rapportane synleggjer ein del av dei største utfordringane i integreringspolitikken.
  • Vi må gje innvandrarar og flyktningar sjanse til å skaffe seg kompetanse for at dei skal vere konkurransedyktige på den norske arbeidsmarknaden. Vi må og gje innvandrarar betre moglegheit til å bruke kompetansen sin, og vi må motverke diskriminering på arbeidsmarknaden. Men viktigast av alt er å slå fast våre internasjonale humanitære plikter. Det inneber at vi og i framtida vil ta i mot flyktningar, sjølv om dei på kort sikt inneber utgifter for det norske samfunnet, seier Kjell Opseth.

Rapportane er utarbeidd på oppdrag frå departementet av ECON Senter for økonomisk analyse, Norsk institutt for by- og regionforskning (NIBR) og Stiftelsen for samfunns- og næringslivsforskning (SNF), som ein del av bakgrunnsmaterialet for arbeidet med stortingsmeldinga om innvandring og Noreg som fleirkulturelt samfunn.

  • Med den tid vi har hatt til rådvelde, og dei data som har vore tilgjengelege, har det ikkje vore mogleg å gje eit fullstendig bilete av samanhengen mellom innvandring og økonomi. Det er difor viktig å vere merksam på dei avgrensingar som ligg i desse arbeida. Hovudkonklusjonen synast likevel å vere klar. Utfordringa er å legge forholda til rette, slik at fleire kan kome i jobb.
  • ECON Senter for økonomisk analyse har gjennomført eit litteraturstudie av kva som er gjort av forsking på området innvandring og økonomi i Vest-Europa, USA, Canada og Australia. Studiet viser at temaet har vore gjenstand for forsking i fleire land i fleire tiår. Ulike studiar gir ikkje noko eintydig bilete av samanhengen mellom innvandring og økonomi.

ECON Senter for økonomisk analyse har i tillegg sett på kva verknad innvandring hadde på offentleg økonomi i Noreg i året 1993. ECON har i sine utrekningar funnet at nettoverknad av innvandring på offentlege budsjett var omlag null i 1993, dersom ein ser bort frå offentlege utgifter og inntekter knytt til flyktningar. At Noreg har tatt i mot flyktningar medførte offentlege nettoutgifter på omlag 3,8 milliardar i 1993. Resultata kan i hovudsak forklarast ut frå yrkesaktivitet, alderssamansetting og butid i Noreg.

  • Ved vurdering av desse resultata er det viktig å vere merksam på at mange av flyktningane i 1993 hadde budd kort tid i Noreg. Vidare vil eg minne om at bakgrunnen for at flyktningane er i landet ikkje er ut frå omsynet til vår nasjonaløkonomi, men fordi dei treng vern, seier Opseth.

Norsk institutt for by- og regionforskning (NIBR) har gjennomført eit prosjekt kor dei har sett på BNP-bidraget frå innvandrarbefolkninga i 1993. Bidraget frå innvandrarane var i 1993 på omlag 4 prosent av BNP. Denne analysen viser og at det som er avgjerande for resultata er kor mange som er sysselsett. Talet på sysselsette har ein markert auke med aukande butid. Materialet tyder dermed på at om tilhøva leggast til rette, vil innvandrarbefolkninga etter kvart bidra i same grad som resten av innbyggjarane.Stiftelsen for samfunns- og næringslivsforskning (SNF) har sett på rekruttering av innvandrarar med høgare utdanning i norske bedrifter. Analysen viser at personalansvarlege i norske verksemder har særeigne forestillingar til innvandrarar som gruppe. Dette medfører at ikkje-vestlege innvandrarar har klart dårlegare sjansar for tilsetting enn andre med tilsvarande utdannings- og erfaringsbakgrunn.

  • Vi får gjennom dette arbeidet synleggjort nokre av dei verkeleg store utfordringane vi står fram for i arbeidet med integrering av våre nye landsmenn, kommenterer kommunal- og arbeidsminister Kjell Opseth.
  • Slik eg ser det, må vi først sikre at opplæringa i norsk med samfunnskunnskap er resultatorientert og tilpassa føresetnadene til den enkelte. Dagens ordning med 500 eller 750 timar gratis undervisning må bli meir fleksibel. Vi må sikre at vi sett inn mest resursar til dei som treng det mest. Vi må samtidig betre moglegheitene for å kombinere norskopplæring og deltaking i arbeidslivet.

SNF har vist at det ikkje er nok for innvandrarar å tileigne seg kompetanse.

  • Det å vere innvandrar reduserer sjansen for å bli tilsett i mange verksemder. Det offentlege skal her gå føre og sikre at personar med innvandrarbakgrunn har same sjanse til å bli tilsett som andre kvalifiserte søkjarar. I vår rekruttering er vi opptatt av å få tak i dei beste. Vi har ikkje råd til å utelukke innvandrarar i rekrutteringspolitikken. Det er ikkje i tråd med det menneskesynet vi har, å forvalte denne gruppa sine ressursar på ein måte som gjer at kvalifisert arbeidssøkjarar ikkje når opp, seier Opseth.
  • Ei god samordning av denne innsatsen er viktig for at gruppa raskare skal bli sjølvhjelpen. Difor tek ein, som ei oppfølging av Velferdsmeldinga, sikte på eit meir formalisert samarbeid på lokalt nivå overfor gruppa. I tillegg til kommunale og statlege etatar, vil det bli lagt opp til å få med partane i det lokale arbeidslivet. NHO og fagrørsla har det siste året tatt fleire initiativ for å sette innvandrarane sin situasjon på arbeidsmarknaden på dagsorden. Eg ser svært positivt på at partane i arbeidslivet, saman med Arbeidsdirektoratet, nå har eit aktivt engasjement for å auke integreringa av innvandrarar i arbeidslivet, kommenterer kommunal- og arbeidsminister Kjell Opseth.

Rapportane kan tingast frå:

ECON Senter for økonomisk analyse Postboks 6823 St. Olavs plass 0130 Oslo Tlf: 22 98 98 50 Norsk institutt for by- og regionforskning Postboks 44 Blindern 0313 Oslo Tlf: 22 95 88 00 Stiftelsen for samfunns- og næringslivsforskning Breiviken 2 5035 Bergen-Sandviken Tlf: 55 95 95 00 Lagt inn 26 november 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen