Historisk arkiv

Salderingsproposisjonen: Framleis behov for eit høgt nivå på dei ordinære arbeidsmarknadstiltaka

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kommunal- og arbeidsdepartementet

Pressemelding

Kommunal- og arbeidsdepartementet


Informasjonsenheten, forværelse. Tlf.: (+47) 22 34 68 21
Informasjonssjef Erling Hansen. Tlf. priv.: (+47) 66 91 26 79
Informasjonsrådgiver Anne Marit Schiong. Tlf. priv.: (+47) 22 62 19 67

Oslo, 29.11.96

Salderingsproposisjonen:

Framleis behov for eit høgt nivå på dei ordinære arbeidsmarknadstiltaka

I Salderingsproposisjonen som blir lagt fram i dag, held Regjeringen fast ved sitt forslag om løyving til eit gjennomsnittleg nivå på dei ordinære arbeidsmarknadstiltaka på 31 500 plassar i 1997.

  • Sjølv med dagens gode arbeidsmarknad er det viktig med ein høg innsats overfor ungdom og langtidsarbeidslause. Ein periode med kvalifisering og arbeidstrening vil kunne gi betre moglegheiter for desse gruppene til å komme i ordinært arbeid, seier Opseth.

Stortinget sitt førebelse vedtak om å sette ned løyvinga til dei ordinære tiltaka med 500 millioner kroner inneber reduserte ambisjonar når det gjeld målsettinga knytt til prioriterte grupper. - Ein vil da ikkje i stor nok grad kunne understøtte formidlinga av langtidsarbeidslause og ungdom til dei ledige jobbane, held Opseth fram.

  • Vi står framfor ein sesongmessig auke i arbeidsløysa i månadene som kjem. Det er difor viktig å halde eit forsvarleg nivå på tiltaka. Det er mykje større arbeidsløyse mellom flyktningar enn befolkninga elles. Tiltaka må og gje rom for ein innsats for denne gruppa, seier statsråd Opseth.
Lagt inn 29 november 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen