Historisk arkiv

Betre kontroll og raskare valresultat

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kommunal- og arbeidsdepartementet

Pressemelding

Kommunal- og arbeidsdepartementet


Informasjonsenheten, forværelse. Tlf.: (+47) 22 24 68 21
Informasjonssjef Erling Hansen. Tlf. priv.: (+47) 66 91 26 79

Oslo, 02.05.97

Betre kontroll og raskare valresultat

Regjeringa har i dag gjort framlegg om endringar i vallova. Endringane gjeld valoppgjeret og kontrollen av valet. Reglane om oppteljing av førehandsrøystene er utforma med sikte på å få valresultatet raskare fram. I tillegg skjer det ei desentralisering av kontrolloppgåvene ved valet.

  • Flytting av kontrollarbeidet frå Stortinget til fylkesvalstyra gjer at ein vil spare tid når det gjeld kontrollen av valet. Fylkesvalstyra gjer allereie delar av dette arbeidet, i samband med valoppgjeret på fylkesnivå, seier statsråd Kjell Opseth.
  • Eg meiner og det er viktig at grovteljingsresultata, inkludert førehandsrøystene, blir gjort kjent for ålmenta så raskt som mogleg.

Dei viktigaste framlegga er:

  1. Fylkesvalstyra blir pålagde å kontrollere førebuingane og gjennomføringa av stortingsval, som ei førebuing til Stortinget sin kontroll. Det vil seie at fylkesvalstyra skal kontrollere at lov og føresegner er følgde av røystemottakarar, røystestyre, valstyre og valfunksjonærar.
  2. Fylkesvalstyra skal rette feil valstyra har gjort dersom feilen får verknad for valoppgjeret. Elles skal fylkesvalstyra orientere Stortinget om feil og uheldige tilhøve som blir avdekka under kontrollen, og spesielt gjere merksam på feil som kan føre til at valet må kjennast ugyldig.
  3. Fylkesmannen i Oslo og Akershus skal kontrollere førebuinga og gjennomføringa av stortingsvalet i Oslo.
  4. Departementet skal førebu klagesaker for Stortinget ved stortingsval, men Stortinget skal framleis avgjere klagesakene.
  5. Valstyra blir pålagde å halde førebels oppteljing (grovteljing) av førehandsrøystene på måndag, dersom det er inngjeve minst 300 førehandsrøyster i kommunen. Denne oppteljinga skal ta til seinast fire timar før det siste vallokalet i kommunen stenger.
Lagt inn 2 mai 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen