Historisk arkiv

Den registrerte arbeidsløysa under 3,5%

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kommunal- og arbeidsdepartementet

Pressemelding

Informasjonsenheten, forværelse. Tlf.: (+47) 22 24 68 21
Informasjonssjef Erling Hansen. Tlf. priv.: (+47) 66 91 26 79

Oslo, 30.04.97

Den registrerte arbeidsløysa under 3,5%

Månadstala for den registrerte arbeidsløysa er no under 3,5%. Det er lågaste tal sidan desember 1988.

  • Dette er svært gledeleg. Tala gjev uttrykk for at Regjeringa sin langsiktige strategi for å takle arbeidsløysa har vore vellukka. Det er Regjeringa sitt mål å bringe arbeidsløysa ytterlegare ned, seier Kommunal- og arbeidsminister Kjell Opseth.

Talet på heilt arbeidslause er no 76 245 personar, eller 3,4 prosent av arbeidsstyrken. Dette er ein nedgang på 17,1 prosent frå same periode i fjor. Talet på deltakarar i ordinære arbeidsmarknadstiltak var i april 27 365 personar, eller 1,2 prosent av arbeidsstyrken. Summen av heilt arbeidslause og personar på ulike tiltak er redusert med 29 476 personar, eller 22,1 prosent sidan i fjor. Det er no 3 252 færre personar som er langtidsarbeidslause enn i april i fjor og langtidsarbeidsløysa utgjer no 1,2 prosent av arbeidsstyrken. Ungdomsarbeidsløysa er i same periode redusert med heile 20,1 prosent for ungdom under 20 år og 23,4 prosent for ungdom i alderen 20-24 år.

  • Nedgangen i arbeidsløysa hittil i 1997 har vore større enn eg hadde forventa, seier kommunal- og arbeidsminister Kjell Opseth. Etter kvart som arbeidsløysa reduserast må ein rekne med at det blir vanskelegare å redusere ho ytterlegare. Likevel er nedgangen i arbeidsløysa så langt i år større enn nedgangen i same periode i fjor - og det er eg særs glad for seier Opseth vidare.

Arbeidsmarknadsetaten sin gode formidlingsinnsats har verka positivt. Det gjeld generelt, men og overfor ungdom, langtidsledige og yrkeshemma.

  • Sjølv om arbeidsmarknaden er den beste på mange år, er det framleis grupper som har vanskar med å få seg ein ordinær jobb. Dette gjeld mellom anna somme grupper ungdom, innvandrarar og langtidsarbeidslause med låg kompetanse. Dei av desse gruppene som ikkje kan formidlast til jobb er derfor prioritert ved inntak til ulike tiltak, påpeikar kommunalministeren.
Lagt inn av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen