Historisk arkiv

Sterk vekst i kommuneøkonomien i 1998

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kommunal- og arbeidsdepartementet

Pressemelding

Oslo, 13.05.97


Informasjonsenheten, forværelse. Tlf.: (+47) 22 24 68 21
Informasjonssjef Erling Hansen. Tlf. priv.: (+47) 66 91 26 79

Sterk vekst i kommuneøkonomien i 1998

Kommunesektoren har mange viktige oppgåver å ta hand om i 1998 - mellom anna eldresatsinga og Reform 97. Regjeringa legg difor opp til ein fortsatt kraftig vekst i dei kommunale og fylkeskommunale inntektene. Vekst i samla inntekter vil vere på omlag 2 prosent, eller om lag 3 500 millionar kroner. Dette gjev ein vekst på 8,5 milliardar kroner over to år, seier kommunal- og arbeidsminister Kjell Opseth.

I 1996 var den reelle inntektsveksten i kommunesektoren sine samla inntekter på vel 3/4 prosent. For 1997 er den i Revidert nasjonalbudsjett rekna til knapt 3 prosent. Dette innbærer en reell inntektsvekst i kommunesektoren i 1997 på 5 milliarder kroner.

Anslaga for realveksten i kommunesektoren sine inntekter for 1997 er i forhold til salderingen av statsbudsjettet endra som følgje av;

  • Skatteinntektene anslås å bli om lag 800 millionar kroner høyere
  • Overføringane foreslås økt med om lag 300 millionar kroner til grunnskolereformen
  • Realverdien av inntektene anslås å bli vel 400 millionar kroner høyere som følge av lågare prisstigning på vareinnsats og realinvesteringar.
  • Lågare renteinntekter på 500 millionar kroner

Etter dette anslås kommuneforvaltningen sine inntekter å auke reelt med vel 1 milliard kroner mer enn under salderingen av budsjettet. Realinntektsveksten frå 1996 til 1997 anslås nå å bli knapt 3 prosent. Under salderingen av statsbudsjettet var den anslåtte veksten 2 ¼ prosent.

I tillegg til veksten i inntektene vil kommunesektoren også få reduserte utgifter som følgje av lågare rente. Frå 1996 til 1997 er det rekna at sektoren sine brutto renteutgifter vil gå ned med om lag 1 milliard kroner, eller om lag 20 prosent.

Auken i skatteinntekter i 1997 vil bli vidareført til 1998.

  • Regjeringa vidarefører ein politikk som kompenserer for tap som følgjer av den tidligare omleggjing av inntektssystemet. Kommunar som særskild er råka av fråflytting vil få motverka inntektsnedgangen i skjønstilskotet, seier Opseth.

Vekst i samla inntekter

Vekst i samla inntekter for 1998 er altså anslått til om lag 3 500 millionar kroner

Pengane vil mellom anna bli brukt til:

  • eldrepakken- auke i øyremerkte tilskot til kommunane på 1 315 millionar kroner
  • frie inntekter - alt kjem som vekst i rammeoverføringane (700 millionar kroner), herav 250 millionar kroner. til eldrepakken
  • innsatsstyrt finansiering av sjukehus- innføring frå 1.7.97. Auke i løyving frå 1997 til 1998 på omlag 700 millionar kroner.
  • dei resterande omlag 800 millionar kroner vil gå til mellom anna Reform 97

Regionaltilskot og skjønstilskot

Regjeringa vidarefører auken i regionaltilskotet på 90 millionar kroner som kom i samband med salderinga av statsbudsjettet for 1997, slik at regionaltilskotet i 1998 blir på 180 millionar kroner. Regjeringa vil også trappe opp regionaltilskotet med 90 millionar kroner for kvart av åra 1999, 2000 og 2001, slik at regionaltilskotet vil utgjere 450 millionar kroner i år 2001.

Den samla skjønsramma består av ordinært skjønstilskot og tapskompensasjon. Regjeringa foreslår ei samla skjønsramme for 1998 på 3 114 millionar kroner, ein auke på vel 165 millionar kroner frå 1997.

På grunn av fråflytting får nokre kommunar ein inntektsnedgang gjennom inntektssystemet. Regjeringa vil vurdere å motverke denne inntektsnedgangen gjennom skjønstilskotet for kommunar som blir særleg hardt råka.

Regjeringa følgjer opp Arbeidarpartiet sitt landsmøtevedtak om at omlegginga av inntektssystemet må skje slik at kommunar som taper på omlegginga skal kompenserast for dette, slik at dei ikkje får ei nedbyggjing av tenestetilbodet.

Vidareføring av regionaltilskotet på 180 millionar kroner og opptrapping av skjønstilskotet med 300 millionar kroner sikrar at alle kommunar kan kompenserast fullt ut for omlegging av inntektssystemet også i 1998. 150 millionar kroner meir i skjønstilskot sikrar at ingen fylkeskommunar får ein inntektsnedgang som følgje av omlegginga av inntektssystemet, utover 60 kroner pr. innbyggjar.

Inntektssystemet

Regjeringa trappar opp inntektsutjamninga frå 1997 til 1998, for å sikre kommunane økonomiske føresetnader for eit likeverdig tenestetilbod. Opptrappinga av inntektsutjamninga fører til ein auke i det inntektsutjamnande tilskotet frå 1997 til 1998 på omlag 800 millionar kroner.

Regjeringa gjer framlegg om å innlemme i inntektssystemet størstedelen av dagens tilskot til psykisk utviklingshemma (Sosial-og helsedepartementet sitt budsjett), og å innføre antal psykisk utviklingshemma som kriterium i inntektssystemet. Regjeringa gjer framlegg om å innlemme øyremerkte tilskot til pensjonsinnskot for lærarar i inntektsystemet.

Resultatrapportering

I proposisjonen blir det gjeve ein omfattande dokumentasjon av utviklinga i kommunesektoren dei siste åra, basert både på økonomiske storleikar og tenesteytingsdata. Det viktigaste ein kan trekkje ut av gjennomgangen, er at det er mange positive utviklingstrekk i sektoren. Innan mange sektorar har tenesteytinga blitt monaleg utvida i dei seinare åra:

  • I 1995 hadde 59 prosent av borna i aldersgruppa eit til seks år eit tilbod i barnehage eller skule. 6 av 10 seksåringar får eit skuletilbod i inneværande skuleår.
  • I dei somatiske sjukehusa har behandlingskapasiteten auka frå 1992 til 1995. I tillegg til at fleire heildøgnspasientar blir behandla, har talet på polikliniske konsultasjonar gått sterkt opp som følgje av den særskilde satsinga på området.
  • I 1995 nytta heile 97 prosent av avgangskullet frå ungdomsskulen retten til vidaregåande utdanning same haust.

linkdoc036005-030004#docSt prp nr 61 (1996-97) Om kommuneøkonomien 1998 m.v.

Lagt inn 13 mai 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen