Historisk arkiv

60 000 lærarar får læreplanverket for den 10 -årige grunnskolen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 091-96
5. november

60 000 lærarar får læreplanverket for den 10 -årige grunnskolen

Læreplanverket for den 10-årige grunnskolen vart presentert på ei pressesamling i Oslo i dag. Første opplaget av boka er trykt i 100 000 eksemplar og vil bli distribuert til alle lærarar i grunnskulen, til råd og utval i skulen, vidaregåande skular, administrasjonen i kommunane og fylkeskommunane, til universitet og høgskular.

Kunst- og kulturdimensjonen er vektlagt i læreplanverket. Boka er rikt illustrert med eit utval av samiske, norske og utanlandske kunstuttrykk for å gjere synleg ulike sider ved læreplanen.

Statsråd Sandal sa m.a. på presentasjonen:

"Innhaldet i skulen vil bli fornya og endra frå skulestart i 1997. Dette er ein viktig milestolpe i utbygginga og utviklinga av einskapsskulen. Saman med retten til 3-årig vidaregåande opplæring, gjer dette at vi kan snakke om ein 13-årig "folkeskule".

Grønt nummer

Samstundes med presentasjonen av det nye lærplanverket set KUF i gang ein informasjonskampanje om Reform 97 mot breie målgrupper. Det er utvikla informasjonsmateriell som er særskilt mynta på foreldregruppa, og det er etablert grønt nummer 800 3 1997 for å kunne gi svar på spørsmål om reformen. Både TV-spot og annonsar vil informere om det grønne nummeret.

Lagt inn 5 november 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen