Historisk arkiv

Reform 97: 9 månader igjen - ny læreplan klar!

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 087-96
1. november 1996

Reform 97: 9 månader igjen - ny læreplan klar!

Grunnskulereforma (Reform 97) vil fornye og endre innhaldet i skulen allereie frå skulestart i august 1997. Den nye læreplanen blir no sendt til 60 000 lærarar som skal førebu innføringa av Reform 97.

Det er laga omfattande informasjonsmateriell om den nye skulereforma som vil vere tilgjengeleg for foreldre og andre interesserte.

Dei økonomiske sidene ved reforma har så langt prega diskusjonen. No er tida inne til å presentere innhaldet i Reform 97.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vil markere denne milepælen og informere media om innhaldet i den nye læreplanen.

Kulturdimensjonen er eit viktig element i den nye læreplanen. Dette vil vi markere særskilt ved å invitere til..

pressesamling

tysdag 5. november 1996 kl. 10.00

i Samtidsmuseet, Myntgt. 4, Oslo, 2. etg.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Reidar Sandal vil orientere og svare på spørsmål.

Kulturminister Turid Birkeland vil også vere til stades og markere kulturdelen i læreplanen.

Beste helsing
Terje Flesjø
informasjonssjef

Lagt inn 1 november 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen