Historisk arkiv

Regjeringa gjer framlegg om: 250 millionar kroner meir til lærlingordninga

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 094-96
29. november 96

Regjeringa gjer framlegg om:

250 millionar kroner meir til lærlingordninga

Regjeringa gjer framlegg om å auke tilskotet i samband med lærlingordninga på 1997- budsjettet med 250 millionar kroner. Dette går fram av salderingsproposisjonen, som vart fremja i Statsråd fredag. Auken i tilskot skal i hovudtrekk gå til målretta tiltak for å oppnå måltalet på 17 000 læreplassar i 1997.

-Regjeringa markerer med denne auken i løyvinga til lærlingordninga ei sterkare og meir målretta satsing på arbeidet med å skaffe reformlærlingane lærekontrakt, seier kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Reidar Sandal i ein kommentar. -Røynslene frå arbeidet med å formidle lærlingar i haust viser at det er ei hovudutfordring å stimulere nye bedrifter og særskilt få små og mellomstore bedrifter til å ta inn lærlingar. Eg er overtydd om at framlegget frå Regjeringa vil gje ein mykje større effekt enn generell nedsetjing av arbeidsgjevaravgifta for dei som tar inn lærlingar, seier Sandal.

Regjeringa gjer framlegg om følgjande tiltak:

  • Det vert gjort framlegg om å auke basistilskotet til lærebedrifter frå 53 000 kroner til 60 000 kroner pr. lærling. Tilskotsauken gjeld reformlærlingar som har avslutta vidaregåande kurs I (VkI) frå og med våren 1996 og som inngår kontrakt etter 1. januar 1997. Totalt vil den årlege meirutgifta vere på 120 millionar kroner, mens kompensasjonen til fylkeskommunane på 1997-budsjettet vil utgjere 30 millionar kroner.
  • Det vert gjort framlegg om eit ekstra tilskot til lærbedrifter som ikkje tidlegare har hatt lærlingar på 25 000 kroner pr. bedrift. Med eit anslag på 4000 nye lærebedrifter vil dette utgjere ei meirutgift på 100 millionar kroner.
  • Det vert gjort framlegg om eit stimuleringstilskot på 18 000 kroner pr. lærekontrakt til bedrifter som tar inn fleire lærlingar i 1997 enn i 1996. Totalt vil denne kostnaden utgjere 108 millionar kroner.
  • Det vert gjort framlegg om at satsane for driftstilskot til opplæringsringar og -kontor vert auka med gjennomsnittleg 25 prosent. Føremålet er at det vert lagt betre til rette for at små og mellomstore bedrifter skal ta inn lærlingar. Kompensasjonane til fylkeskommunane vil bli gitt for begge åra opplæring i bedrift etter normalmodellen pågår, og vil på 1997-budsjettet utgjere 2 millionar kroner.
  • Det vert gitt rom for at fylkeskommunane kan søkje om inntil 500 000 kroner kvar til å utvikle formidlingsarbeidet når det gjeld lærlingar. Dette kan t.d. gjelde å etblere kontakt- og informasjonskanalar mellom fylkeskommuar, bedrifter og skular, auka bemanning og kompetanseheving i fylkeskommunane.
Lagt inn 29 november 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen