Historisk arkiv

Auka førskulelærardekning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 040-97
13. mai

Stortingsmelding om

Auka førskulelærardekning

  • Framleis høg opptakskapasitet i førskulelærarutdanninga. 1997 og 98-opptaka vert på ca 2700 studieplassar
  • tiltak for å auke stabiliteten i førskulelæraryrket
  • tiltak for at førskulelærarar arbeider i større del av heil stilling

Dette er nokre av hovudpunkta i Stortingsmelding nr 52 (1996-97) om auka førskulelærardekning som passerte statsråd tysdag . Meldinga tek opp spørsmålet om utdanning av førskulelærarar i høve til Regjeringa sitt mål om full barnehagedekning. Stortingsmeldinga legg opp til framleis høg utdanningskapasitet, men handsamar òg andre verkemiddel for å auke førskulelærardekninga.

Med dei verkemidla som er skisserte over vil det på landsbasis vere ei førskulelærardekning som gjer det mogleg at alle barnehagar kan ha kvalifisert personale som styrarar og pedagogiske leiarar i løpet av år 2001.

I følgje lov om barnehagar skal styrarar og pedagogiske leiarar i barnehagar ha utdanning som førskulelærar. Meldinga viser til barnehageutbygginga i perioden 1985-95, og at behovet for førskulelærarar er dobla i perioden. Samstundes har det vore utbygging av pedagogisk tilbod til 6-åringar i skulen. Grunnskulereforma inneber at førskulelærarar med eitt års relevant vidareutdanning kan tilsetjast for arbeid på heile småskoletrinnet. Regjeringa legg til grunn at det må tilførast netto 9 300 førskulelærarar til barnehagane for å nå målet om full førskulelærardekning og at det trengst ca 1 500 nye førskulelærarar til grunnskulen.

Regjeringa si satsing på førskulelærarutdanning har ført til at opptaket til utdanninga er tredobla i perioden 1985 til 1996. Opptaket i 1985 var på 993, i 1996 var det på 2940. Kandidattala auka frå 587 i 1989 til 1433 i 1996. Det har sidan 1987 vore god søking til førskulelærarutdanninga. Frå 1994 er det tendens til nedgang i talet på søkjarar. Det er i hovudsak kvinner som søkjer førskulelærarutdanning.

Statsråd Sandal seier i ein kommentar at målet om full barnehagedekning innan år 2000 har gjort det nødvendig å auke kapasiteten innanfor førskulelærarutdanninga. Auken i talet på studieplassar dei siste åra og kraftig omdisponering av studieplassar frå lågare prioriterte utdanningar har gjort at opptaket til førskulelærarutdanninga er tredobla i løpet av ein tiårsperiode. Regjeringa vil halde oppe det høge talet på studieplassar. Med framlegget frå Regjeringa vil det på landsbasis vere ei førskulelærardekning som gjer det mogeleg at alle barnehagar kan ha kvalifisert personale som styrarar og pedagogiske leiarar i løpet av 2001.

Pressekontakt: Avdelingsdirektør Borghild Abusland, tlf. 22 24 77 20

Informasjonskontoret, Boks 8119 Dep., 0032 Oslo, telefax 22 24 95 44

Lagt inn 13 mai 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen