Historisk arkiv

Framleis nasjonal opning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 041-97
13.mai

Regulering av opptaket ved universitet og høgskular:

Framleis nasjonal opning

Regjeringa går inn for at det framleis skal vere opning på nasjonal basis på lågare grad ved allmennfakulteta ved dei fire universiteta. Dette gjeld dei historisk-filosofiske, samfunnsvitskaplege og matematisk-naturvitskaplege fakulteta. For å dekke eit aukande behov i arbeidsmarknaden for sivilingeniørar og hovudfagskandidatar innan informasjonsteknologi (IT), er opptaket til desse faga auka med 50 plassar i høve til i fjor.

Dette er hovudpunkta i St. prp. nr. 59 (1996-97) om regulering av opptaket til studium ved universiteta studieåret 1997-98, som passerte statsråd tysdag.

Nasjonal opning av dei historisk-filosofiske, samfunnsvitskaplege og matematisk-naturvitskaplege fakulteta ved dei fire universiteta blei innført første gong ved opptak til studieåret 1995-96. Frå studieåret 1996-97 blei dei statlege høgskulane òg omfatta av den nasjonale opninga. I 1996 fekk dei 2 192 søkjararane til allmennfakulteta som blei utan studieplass etter opptaket, tilbod om opptak under ordninga med nasjonal opning.

Regjeringa går inn for at nasjonal opning òg skal gjelde for studieåret 1997-98. Dei søkjarane som ikkje får tilbod ved den førsteprioriterte lærestaden, skal få tilbod om plass på tilsvarande studium ved ein av dei andre lærestadene, enten universitet eller høgskule.

Opptaksrammene ved universiteta er stort sett uendra i høve til i fjor. Allmennfakulteta ved Norges teknisk-naturvitenskaplige høgskole (NTNU) i Trondheim og Universitetet i Tromsø er med unntak av nokre få studium opne.

Arbeidsmarknaden viser stort behov for kandidatar innanfor IT-sektoren. Regjeringa har difor auka opptaket på sivilingeniørutdanninga og hovudfag innan IT ved NTNU og ved Universiteta i Bergen og Oslo med 50 plassar i høve til studieåret 1996-97.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Reidar Sandal seier i ein kommentar at det er eit mål for Regjeringa at fleire skal kunne få tilgang til høgre utdanning. Nasjonal opning er eit tiltak for å må dette målet. Nasjonal opning av universiteta sikrar mange ein studieplass.

Pressekontakt: Underdirektør Eva Liljegren, tlf. 22 24 77 44

Informasjonskontoret, Boks 8119 Dep., 0032 Oslo, telefax 22 24 95 44

Lagt inn 13 mai 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen