Historisk arkiv

Stortingsmelding om rangering av søkjarar til høgre utdanning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 033-97
2. mai 1997

Stortingsmelding om

Rangering av søkjarar til høgre utdanning

  • Same reglar skal gjelde for opptak til universitet og høgskular
  • Søkjarar opp til 21 år kan konkurrere i ein eigen kvote på grunnlag av skulepoeng
  • Ordninga med fordjupingspoeng for krevjande fagkombinasjonar i vidaregåande skule vil bli vidareført. Fysikk og matematikk gir større utteljing enn andre fag
  • Alle karakterar skal telje ved opptak
  • Tilleggspoeng kan tildelast for eit folkehøgskuleår eller eit års høgre utdanning, som vil gi like mange poeng
  • Tilleggspoeng for militær- eller sivilteneste vil bli vidareført inntil vidare og skal gjelde både universitet og høgskular
  • Det kan gjerast unntak frå dei generelle reglane for visse studium

Dette er dei viktigaste momenta i St.meld.nr. 49 (1996-97) Prinsipp for rangering av søkjarar til studium ved universitet og høgskolar som passerte Statsråd fredag.

Medan universitet og vitskaplege høgskular sjølve tidlegare fastsette opptaksreglar er det no departementet som har slikt mynde for å kunne sikre større heilskap i regelverket. Departementet ønskjer å føre vidare den forenklinga av opptaksreglane og opptaksprosessen som har skjedd etter 1990.

Stortinget behandla i januar 1997 ei melding om folkehøgskulen og utdanningssamfunnet, der det blei vedtatt at eit år på folkehøgskule skal gje tre poeng ved opptak til høgre utdanning. Stortinget bad samstundes departementet om å gjere ein gjennomgang av poeng for andre utdanningstilbod.

Hovudprinsippa i meldinga:

Same reglar skal gjelde for universitet og høgskular. Eitt felles regelsett vil gjere det lettare for søkjarane å setje seg inn i kva som gjeld, slik at faren for feil informasjon og mistydingar blir liten. Samtidig gjer det opptaket enklare innafor den samordna opptaksmodellen som er utvikla dei siste åra.

Søkjarar opp til 21 år skal kunne konkurrere i ein eigen kvote, primærvitnemålskvote. I dette ligg at det berre er vitnemålet som blir gitt når vidaregåande skule er fullført, som skal gjelde. I denne kvoten skal berre skulepoenga telje, det vil seie karakterpoeng og eventuelle Ä fordjupingspoeng. Dette vil sikre dei unge ein viss del av studieplassane, og hindre at mange unge søkjarar må ta omvegar etter avslutta skulegang, anten ved å måtte skaffe seg tilleggspoeng eller ved å gå opp til eksamen på ny. Storleiken på kvoten vil bli fastsett etter nærare analyse av søkjardata. Det er likevel ein føresetnad at mange av dei godt kvalifiserte unge skal kunne komme inn direkte gjennom denne kvoten.

Ordninga med fordjupingspoeng for krevjande fagkombinasjonar i vidaregåande skule vil bli vidareført. Det har vist seg at stadig fleire av elevane no vel fordjupingar i vidaregåande skule. Dette gir godt fagleg grunnlag for høgre utdanning ved at elevane har kunnskapar på høgt nivå. Nytt er det at fysikk og matematikk skal kunne gi fleire poeng enn andre fag. Det er stadig færre som vel desse faga på høgt nivå. Derfor er det viktig å setje i verk særskilde tiltak nettopp for desse faga.

Alle karakterar på vitnemålet frå vidaregåande opplæring skal telje med og telje likt ved opptak. Slik unngår ein at opptaksreglar gjer at elevar legg mindre vekt på enkelte fag alt etter kva vekt faget har for opptakspoenga.

For dei som ikkje kjem med eller ikkje når opp i primærvitnemålskvoten, er det høve til å konkurrere på grunnlag av skulepoeng, alderspoeng og tilleggspoeng. Tilleggspoeng kan tildelast anten for eit folkehøgskuleår eller eit års høgre utdanning, som begge delar etter framlegget vil gi 3 poeng.

Tilleggspoeng for militær- eller sivilteneste vil inntil vidare bli ført vidare til innstillinga frå eit offentleg utval som ser på tiltak til fordel for dei som avtener verneplikt, er vurdert. Ordninga bør gjelde både universitet og høgskular.

I tråd med intensjonane i Reform 94 meiner departementet at det er viktig at regelverket er eigna til å sikre at søkjarar som har fagbrev og generell studiekompetanse skal ha reelle sjansar til opptak. Det vil bli vurdert kva tiltak som er eigna i denne samanhengen.

Det kan gjerast unntak frå dei generelle reglane for visse studium. Dette gjeld til dømes for studium med særleg stor oversøkning og utdanningar der det bør kunne leggjast vekt på andre kriterium som td. opptaksprøver.

Stortinget har vedtatt at eitt folkehøgskuleår skal kunne gi poeng ved opptak til høgre utdanning hausten 1998. Framlegget om at høgre utdanning skal telje like mykje som folkehøgskulepoeng, og vere alternativ til det, bør setjast i verk samtidig. Ei større omlegging av opptaksreglane vil først kunne skje frå 1999.

Pressekontaktar:

Ekspedisjonssjef Jan S. Levy, tlf. 22 24 77 00
Underdirektør Kari Østvedt, tlf. 22 24 77 60

Lagt inn 2 mai 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen