Historisk arkiv

Tale på representantskapsmøte i Det norske universitetsråd

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Statsråd Reidar Sandal

Tale på representantskapsmøte i Det norske universitetsråd

Asker, 13.5. 1997

Eg vil først få lov til å takke for invitasjonen til å vere med på dette representantskapsmøtet i Det norske universitetsråd. Sidan eg òg var til stades på møtet i Det norske høgskulerådet i mars, har eg på kort tid fått høve til å møte leiarane for alle dei statlege institusjonane for høgre utdanning og forsking i Noreg, inkludert leiarane for studentane. For ein utdannings- og forskingsminister er dette sjølvsagt svært verdfullt. I tillegg kjem det at eg får møte dykk innanfor ei ramme der vekta ligg på drøfting av meir overordna utdanningspolitiske spørsmål i eit heilskapleg perspektiv, eit perspektiv eg nokre gonger saknar i dei mange initiativa, forslaga og ønska på området som stadig kjem frå ulike hald. Derfor ser eg fram til møtet her i dag, sjølv om tida - dessverre - er knapp.

Utan at eg i detalj kan gå inn i dei saker som skal leggjast fram i statsråd litt seinare i formiddag, kan eg avsløre såpass at fleire av dei vil vere av interesse for denne forsamling. Det gjeld Melding om revidert nasjonalbudsjett, St.prp. om regulering av tilgjenge til universiteta, Ot.prp. om endring av lov om universitet og høgskular.

Per Nyborg skreiv til meg at han ville føre opp denne innleiinga i programmet under tittelen «Utfordringar i høgre utdanning». Eg tolkar dette som eit relativt vidt mandat med omsyn til kva tema eg vil ta opp. Utfordringane er sjølvsagt mange, men for å forstå dei rett må vi også ha klart for oss kvar vi vil, kva det er vi ønskjer å oppnå. Eg vil derfor også sjå litt tilbake på den utdanningspolitikken som har vore ført på 90-talet, og som framleis ligg til grunn for Regjeringa sin politikk på området i dag.

Eitt av måla for politikken som vart lagt fram i Stortingsmelding 40 i 1991 har som kjent vore å få til eit betre samarbeid og ei arbeidsdeling mellom institusjonane for høgre utdanning og forsking slik at dei kan verke saman som eitt integrert system, det såkalla Noregsnettet. Ikkje fordi samarbeid er kjekt i seg sjølv, men for å få utnytta potensialet, dei samla ressursane i systemet, fullt ut til beste for institusjonane sjølve, studentane og samfunnet i det heile. Eg veit at det har vore uttrykt mykje skepsis og at mange synest at lite har skjedd, men her vil eg seie med Ivar Aasen: "Me skal koma, um inkje so braadt". Og faktisk har det ikkje skjedd så lite. Det er kjent at foreldre med små barn ofte opplever at vener og kjende som ikkje har sett barna på ei stund, synest at dei har forandra seg svært når dei får sjå dei igjen. Foreldra, som har sett dei kvar dag, har på si side ikkje merka eller tenkt noko spesielt på dette. Slik er det kanskje også med nokre av dykk som har vore i utdanningssystemet over ein lang periode.

Kort sagt har vi vore gjennom ein prosess der departementet og Stortinget har trekt opp rammene for Noregsnettet, med Stortingsmelding 40, høgskulereforma og lov om universitet og høgskular som viktige milestolpar, medan arbeidet med å gi det innhald for ein stor del har gått føre seg ved institusjonane og i faglege samarbeidsorgan. Særleg er det grunn til å trekkje fram den rolla Det norske universitetsråd og dei nasjonale fakultetsmøta og fagråda har spelt i denne prosessen. Eg viser her til Universitetsrådets eigen rapport nr. 3/96, "Utviklingen av Norgesnettet: Universitetsrådets medvirkning 1991-96", som gir eit godt bilete både av prosessen i det heile og av det arbeidet som har skjedd i Universitetsrådssystemet med mellom anna kartlegging av studietilbod, standardisering av fagnemningar, utvikling av innpass- og overgangsordningar og andre former for nasjonal koordinering på ulike fagområde. Samtidig har det heile tida vore ein dialog mellom Universitetsrådet og departementet om meir overordna spørsmål.

Alt dette kjenner de like godt til som eg. Derfor vil eg også trekkje fram den holdningsendringa, eller lat meg heller kalle det bevisstgjeringa om samarbeid, som eg meiner har skjedd som ei viktig endring. Eg har eit klart inntrykk av at Noregsnett-ideen har hatt stor gjennomslagskraft i institusjonane si eiga tenking, meir enn mange kanskje tenkjer over. Det er rett og slett blitt sjølvsagt å tenkje samarbeid og Noregsnett. Då er det lett å gløyme at det ikkje alltid har vore slik. Ikkje minst har det skjedd ei utvikling i samarbeidet over dei tidlegare sektorgrensene, samarbeid om studietilbod og forskarutdanning, etablering av kontaktforum som t.d. Østlandskonferansen(1) eller omfattande formaliserte avtalar som den om Midtnorsk nettverk(2). I denne samanhengen vil eg òg framheve det positive samarbeidet som har utvikla seg mellom Universitetsrådet og Høgskulerådet, eit samarbeid eg ser som svært viktig for den vidare utviklinga av høgre utdanning og forsking i Noreg. Dette vil eg komme tilbake til.

Utviklinga av Noregsnettet vil vere ein kontinuerleg prosess som vil bestå av mange større og mindre steg. Så langt har arbeidet for ein stor del dreidd seg om å få ein grunnleggjande struktur på plass og klargjere rolla til dei ulike institusjonane. Høgskulereforma var eit stort steg framover i så måte, og eg tenkjer då også på forslaga om fagprofil og arbeidsdeling for dei nye institusjonane som blei lagde fram i samband med reforma. Som kjent gav departementet ei omfattande tilbakemelding på desse framlegga i juni 1995. Vi arbeider no med ei ytterlegare avklaring av rollefordelinga mellom høgskulane, der fire utval har greidd ut arbeidsdelinga innanfor dei sentrale yrkesretta utdanningane: helse- og sosialfagleg utdanning, ingeniørutdanning, lærarutdanning og økonomisk/ administrativ utdanning. Det har vore gjennomført ei svært omfattande høyring, og departementet er enno ikkje ferdig med å gå gjennom alt materialet. Det er likevel klart at tilrådingane frå utvala saman med høyringsfråsegnene er med på å leggje premissane for arbeidet framover i ei rekkje spørsmål innanfor dei fagområda det gjeld, som t.d. dimensjonering og fordeling av studietilbod.

Også universiteta blei i 1995 bedne om å komme med framlegg om den vidare utviklinga av fagprofil og arbeidsdeling, og igjen resulterte dette i grundige utgreiingar, både internt ved kvar institusjon og i regi av Universitetsrådet sine organ, som har gitt departementet eit svært verdfullt materiale å arbeide vidare med. Vi har enno ikkje gitt noka samla tilbakemelding på desse framlegga, men har komme så langt i prosessen at vi mellom anna no har kvittert ut alle søknadene om nye studium som var lagt på vent medan vi studerte framlegga om arbeidsdeling nærmare.

Fagprofilframlegga frå universiteta legg alle vekt på fagleg breidde og høgt vitskapleg nivå som grunnleggjande trekk ved eit universitet, og vidare på universiteta si rolle som knutepunkt i Noregsnettet i kraft av den funksjonelle arbeidsdelinga som gir universitet og vitskaplege høgskular eit nasjonalt ansvar for grunnforsking og forskarutdanning og også eit hovudansvar for utdanning på hovudfagsnivå. Vidare står universiteta fram som etablerte institusjonar med ein klar, historisk definert profil, institusjonar som er trygge på seg sjølve og som legg vekt på konsolidering heller enn på ekspansjon, sjølv om Universitetet i Tromsø framleis kan seiast å vere i ein oppbyggingsfase.

Prinsippet om funksjonell arbeidsdeling ligg fast. Utan at eg direkte vil forskotere den endelege tilbakemeldinga, kan eg gi nokre kommentarar: Eg er opptatt av korleis prinsippet om arbeidsdeling kan praktiserast konkret. Det er neppe vegen å gå å tildele knutepunkt på fagnivå til universiteta, slik det er gjort til høgskulane. For universiteta, med det breie fagtilbodet dei skal ha, blir det for detaljert. Vidare vil eg slå fast at det ikkje er aktuelt å rokke ved eller endre på dei grunnleggjande trekka ved universiteta si rolle i Noregsnettet slik den kjem fram i fagprofildokumenta. Desse dokumenta ber preg av at universiteta har tradisjon for samarbeid og heilskapleg tenking, noko arbeidet i Det norske universitetsråd og dei nasjonale fakultetsmøta og fagråda vel er det aller klaraste eksempelet på. Dette gir eit godt grunnlag for arbeidet vidare.

Så til nokre av utfordringane. Ei svært viktig oppgåve i åra framover blir å halde oppe, og helst auke, kvaliteten og volumet i norsk forsking, i ei tid då ein t.d. innanfor ein del EU-land har registrert at viljen til å investere i forsking er blitt mindre både i offentleg og privat sektor. Regjeringa ønskjer å satse på forsking ikkje berre av omsyn til konkurranseevna, slik det ofte blir trekt fram, men for å auke kunnskapen om oss sjølve og den verda vi lever i. I tråd med dette blei grunnforskinga si rolle spesielt omtalt i hovudinnleiinga til den siste budsjettproposisjonen for KUF, som mange sikkert vil ha lagt merke til. Grunnforskinga vil òg stå sentralt i den neste forskingsmeldinga, som Regjeringa tar sikte på å leggje fram i 1998.

Eg vil nytte høvet i ei forsamling av representantar frå dei fremste grunnforskingsmiljøa i landet til å understreke det ansvaret forskarane sjølve har for å bidra til auka forståing i samfunnet for nytten - i vid meining - av grunnforsking.

Kommunikasjon mellom forskarverda og den sosiale omgivnaden er viktigare enn nokon gong for å skape tillit til og tru på at det er vel verdt å investere offentlege midlar i forskingsverksemd.

I den nyaste forskingsstatistikken frå NIFU(3), som gjeld 1995, kjem det fram at det ikkje skjedde nokon realvekst i dei ressursane som faktisk blei brukte på forsking og utviklingsarbeid ved universitet og høgskular i perioden frå 1993 til 1995. For universiteta sin del finn NIFU ein svak vekst i den delen av FoU-verksemda som blir finansiert over grunnbudsjetta, medan oppdragsforsking og anna eksternt finansiert verksemd går ned.(4) No er det sjølvsagt ikkje noko mål i seg sjølv at utgiftene skal auke, men dersom tala frå NIFU gir eit nokolunde riktig bilete av utviklinga i omfanget av forskinga ved institusjonane, er ikkje dette ein situasjon eg som forskingsminister utan vidare kan vere heilt nøgd med. Sjølv om budsjettrammene har auka i takt med studenttala, veit vi at studentveksten har ført til større press på ressursar ved institusjonane som òg skal nyttast til forsking. Samtidig er det eit dokumentert behov for omfattande fornying av vitskapleg utstyr. Vi må derfor sjå på om den modellen vi har for finansiering av forskinga over UH-institusjonane sine grunnbudsjett er den beste.

Meir generelt vil økonomi nok alltid vere eit tema når ein diskuterer situasjonen på utdanningsområdet. Det vil alltid vere mogleg å peike på gode formål som det ikkje finst nok pengar til. Alt i alt meiner eg likevel at finansieringssituasjonen for høgre utdanning og forsking er rimeleg god, og ligg på eit nivå det bør vere realistisk å halde oppe også i framtida. Som det går fram av det nye langtidsprogrammet, vil Regjeringa framleis prioritere desse områda, men vi treng gode støttespelarar: med andre ord er det viktig at institusjonane sjølve er på bana med gode argument og synleggjering av verksemda. Når det gjeld grunnforskinga, er det spesielt viktig med ein god dialog mellom institusjonane, departementet og Noregs forskingsråd. Alle gode krefter må altså trekkje i same retning, og her har samarbeidsorgan som Det norske universitetsråd og Det norske høgskulerådet ei svært viktig oppgåve.

Ei anna utfordring som eg vil nemne, er å realisere potensialet ved universitet og høgskular i forhold til etter- og vidareutdanning. Regjeringa ser det slik at etter- og vidareutdanning blir stadig viktigare etter kvart som endringstakta i samfunnet aukar, og har derfor, som de veit, sett i gang ein prosess med sikte på ei reform også på dette området. Eit offentleg utval (Buerutvalet) skal sjå på korleis ei slik reform kan organiserast og finansierast, og eg er kjend med at Det norske universitetsråd allereie har komme med innspel til utvalet. På bakgrunn av mellom anna dette utgreiingsarbeidet vil Regjeringa leggje fram ei stortingsmelding våren 1998. Dette er også noko som partane i arbeidslivet er svært opptatt av.

Universitet og høgskular representerer den fremste kunnskapen i landet på svært mange område. Det er denne oppdaterte kunnskapen arbeids- og næringslivet treng for å hengje med i konkurransen internasjonalt, og det er denne kunnskapen kvar og ein av oss treng for betre å kunne forstå og delta i samfunnsprosessane omkring oss. Vidare forvaltar desse institusjonane ein unik pedagogisk kompetanse som det vil vere svært verdfullt å kunne trekkje på i gjennomføringa av reforma. I ei tid der arbeidstakarane må rekne med å omskulere seg og byte jobb oftare enn før, vil det dessutan vere viktig med dokumentert kunnskap, og her vil dei høgre utdanningsinstitusjonane som no stå i ei særstilling når det gjeld akkreditering av kompetanse.

Utfordringa er derfor å sørgje for at universitet og høgskular får den sentrale rolla dei naturleg bør ha i etter- og vidareutdanningsreforma. Eg trur nok at det trengst ei bevisstgjering; til dømes høyrde eg nyleg at Juridisk fakultet ved Universitetet i Oslo hevdar at dei ikkje driv etter- og vidareutdanning, trass i at dei har 35 spesialfag innanfor det som heretter skal kallast profesjonsdelen av studiet der meir enn halvparten av studentane i somme tilfelle er ferdige juristar. Meir generelt handlar det om å skape gode rammer for verksemda, både ved institusjonane og frå styresmaktene si side. Det er viktig at institusjonane blir oppfatta som attraktive og profesjonelle samarbeidspartnarar, noko som krev klare reglar og gode rutinar internt. I den samanhengen vil eg minne om at både departementet og Riksrevisjonen har innskjerpa at oppdrag skal gå til institusjonen og ikkje til den enkelte tilsette. Det er viktig med ein god dialog mellom departementet og institusjonane i tida framover for å leggje forholda best mogleg til rette for at den kunnskapsrikdommen som blir forvalta av universitet og høgskular, kan komme samfunnet og den enkelte til gode også gjennom etter- og vidareutdanning.

I denne samanhengen vil eg òg peike på den rolla universiteta speler som lærarutdanningsinstitusjonar. Denne viktige funksjonen har kanskje fått for lite merksemd både internt i universitetsmiljøa og i generell utdanningspolitisk samanheng. Som de vil vite har Regjeringa nyleg lagt fram ei stortingsmelding om lærarutdanning. Eit overordna prinsipp i meldinga er heilskap og samanhang i opplæringssystemet og føresetnaden om at lærarutdanninga skal tilpassast behova i opplæringssystemet. Dette prinsippet omfattar sjølvsagt også den lærarutdanninga - i hovudsak den praktisk-pedagogiske utdanninga - som universiteta og visse vitskaplege høgskular skal drive.

Endeleg vil eg peike på den utfordringa det framleis vil vere å sørgje for at det samla ordinære studietilbodet innanfor høgre utdanning er best mogleg i samsvar med samfunnet og den enkelte sine behov. Regjeringa si oppfatning har vore, og er, at dette krev heilskapleg tenking og ein viss grad av sentral styring. I Sverige innførte ein i 1993 eit styringssystem innanfor høgre utdanning som i prinsippet overlét til institusjonane sjølve å bestemme kva studium dei skulle tilby og også kor mange studentar dei ville ta opp, sjølv om styresmaktene fastsette eit tak for kor mange studentar kvar institusjon kunne få finansiering for, og også krav med omsyn til kor mange som minst måtte ta eksamen, både samla og innanfor utvalde fagområde. Eitt av måla med reforma var at studietilbodet samla sett skulle bli betre tilpassa ønska frå søkjarane. Eg skal ikkje gå i detaljar, men ein fersk rapport frå Högskoleverket(5) viser at det som først og fremst har vore bestemmande for samansetjinga og dimensjoneringa av studietilbodet korkje har vore søkninga eller styringssignala frå sentralt hald. Tvert imot, og kanskje ikkje så overraskande, har den viktigaste faktoren vore ein treigleik i systemet, der institusjonane naturleg nok har gitt studietilbod etter kva lærarkrefter og andre ressursar dei har rådd over. Ein er no i ferd med å sjå på systemet på nytt.

I Noreg har vi valt å styre fagspreiinga gjennom at departementet må godkjenne alle studietilbod, og dimensjoneringa gjennom fastsetjing av måltal og opptakstal. Somme meiner at dette inneber ein for stor grad av detaljstyring. Også hos oss bør vi stanse opp med jamne mellomrom og spørje oss sjølve, slik Högskoleverket i Sverige har gjort: Korfor ser utdanningssystemet ut akkurat slik som det gjer i dag? Kva for faktorar har hatt størst innverknad på resultatet? Og sjølv om mykje utan tvil kunne ha vore betre, og sjølv om vedtak av og til får andre konsekvensar enn det ein hadde tenkt på førehand, er eg glad for å kunne seie at situasjonen i dag i alle fall er eit resultat av ein bevisst, heilskapleg politikk. Når det gjeld den konkrete utviklinga på 1990-talet, med studenteksplosjon og ekspansjon ved institusjonane, kan ein seie at den samla dimensjoneringa, auken i studenttalet, har vore eit resultat av auka etterspurnad og eit ønske på politisk hald om å komme den auka interessa for høgre utdanning blant ungdommen i møte. Fagspreiinga derimot, fordelinga av auken i talet på studieplassar på ulike studium, har i alle høve til ein viss grad vore tilpassa behova i samfunnet og ønska frå søkjarane. Her ligg det likevel mange uløyste problem.

Dei utfordringane eg no har nemnt, er stort sett felles for universitet og høgskular. Både for å finne ei best mogleg løysing på kvar oppgåve og for at vi skal nå dei meir overordna utdanningspolitiske måla, er det viktig at alle gode krefter trekkjer saman. Det norske universitetsråd har i mange år vore ein verdfull medspelar for departementet i utforminga av utdanningspolitikken, og eg håper at den fruktbare dialogen vi har hatt til no vil halde fram. I tillegg har Det norske høgskulerådet no for alvor komme på bana. Eg har store forventningar til samarbeidet med desse to organa vidare framover.

Universitetsrådet og Høgskulerådet er representative organ som uttaler seg på vegner av medlemmene. Dette gir dei stor fagleg tyngde. For å få eit best mogleg grunnlag for avgjerder i viktige utdanningspolitiske spørsmål har departementet i tillegg sett det som formålstenleg å etablere eit uavhengig, breiare samansett organ, Noregsnettrådet, som spesielt skal gi råd i sektorovergripande spørsmål. I tillegg skal det etablerast eit sekretariat med nærmare definerte oppgåver.(6) Noregsnettrådet kjem altså ikkje til erstatning for Det norske universitetsråd og Det norske høgskulerådet. For at vi skal få til eit best mogleg utdanningssystem er det tvert imot viktig at alle tre råda fungerer godt og har eit godt samarbeid seg imellom og med departementet. Eg vil nytte dette høvet til å takke Det norske universitetsråd for det gode samarbeidet vi har hatt til no, og vil oppmode dykk til framleis å spele ei engasjert og aktiv rolle også i den vidare utviklinga av Noregsnettet.

(1) Samarbeidskonferanse mellom Universitetet i Oslo og dei vitskaplege og statlege høgskulane på Austlandet, halden første gong i september 1996.

(2) Formalisert samarbeid mellom NTNU og høgskulane i Nord- og Sør-Trøndelag om mellom anna overgangsordningar, felles utvikling og organisering av studietilbod, forskarutdanning ved NTNU for personale frå høgskulane m.v. Eit permanent sekretariat er etablert. Frå 1997 er også dei tre høgskulane i Møre og Romsdal inviterte til å vere med i nettverket.

(3) Norsk instititutt for studier av forskning og utdanning, tidlegare NAVFs utredningsinstitutt. NIFU er ansvarleg for den nasjonale forskingsstatistikken som blir gitt ut annakvart år på oppdrag frå Noregs forskingsråd.

(4) Kjelde: pressemelding frå NIFU 10.04.97. Nedgangen i eksternt finansiert forsking skuldast for ein stor del kutt i løyvingane til Noregs forskingsråd.

(5) «Grundläggande högskoleutbildning: Politik och planering eller den osynliga handen i full verksamhet?» Högskoleverkets skriftserie 1997:2 S (vedlagd). Som tittelen seier, gjeld rapporten grunnutdanningar/utdanningar på lågare grads nivå.

(6) Jf St.prp. nr. 32 (1996-97) Om etablering av Noregsnettrådet.

Lagt inn 15 mai 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen