Historisk arkiv

Utdanningspolitisk utgreiing for Stortinget

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Statsråd Reidar Sandal

Utdanningspolitisk utgreiing for Stortinget

26. mai 1997

«Det skal du og hugse vel på, at du aldri let den dag gå over deg at du ikkje lærer eitt eller anna som det er gagn i, om du vil heite vis. Og ver ikkje lik dei som held det for ei skam at andre skal syne eller lære dei slike ting som ville vere til stort gagn om dei lærte dei. La det vere deg ei like stor ære å få lærdom som å gje, om du vil heite full-vis.»

Det er ikkje tilfeldig at eg opnar den utdanningspolitiske utgreiinga med eit sitat frå Kongsspegelen frå 1200-talet. Sitatet viser at kunnskap og læring representerer ein av dei lengste tradisjonane i vår kultur.

Stortinget har hatt ei rekkje store utdanningspolitiske dokument til behandling i denne stortingsperioden. Det har vore år med stor aktivitet i utdanningssektoren.

Behandlinga av desse sakene har vist at det i hovudsak rår ei brei utdanningspolitisk semje i Stortinget og stor vilje til å gjennomføre grunnleggjande reformer i utdanningssystemet. Dette har vore ein føresetnad for å kunne arbeide målretta og setje i verk reformene på ein god måte. På denne bakgrunn ser eg med optimisme på det vidare reformarbeidet.

Demokrati, likeverd og fordeling

Kunnskap, kompetanse og innsikt er gode som alle i eit demokratisk samfunn må ha tilgang til. Mellom anna er dei viktige nettopp for å kunne ta del i dei demokratiske prosessane. Heldigvis er det slik at kunnskap i seg sjølv er eit gode som blir større ved deling og målretting, men like høve til utdanning for alle krev styring av ressursane.

I sterkare grad enn før vil utdanning vere avgjerande for likeverd og fordeling av samfunnsgoda. Etter som krava til kunnskap og kompetanse blir stadig meir mangearta og allsidige, vil det enkelte mennesket ha større behov for formell, kompetansegivande utdanning ved sida av uformell kompetanse, tverrgåande kvalifikasjonar osv. Val av utdanning - eller at ein vel vekk utdanning - kan avgjere både livsløp og livslykke for den enkelte. Utdanning kjem i framtida til å bli den viktigaste velferdskjelda for den enkelte, og vår oppgåve som politikarar er å byggje ned hindringar og skape opningar og handlingsrom for noverande og kommande generasjonar. Å gi befolkninga tilgang til den rikdom som kunnskap inneber, ser eg på som kanskje den fremste utfordringa vi politikarar står overfor.

Demokratiet står og fell med den aktive deltakinga frå samfunnsmedlemmane. Utfordringa er korleis vi gjennom utdanning og opplæring kan halde vedlike og utvikle vidare demokratiske holdningar og institusjonar. Det er ikkje nok å ha kunnskap og dugleikar, dei må brukast. I siste instans er det eit spørsmål om kompetanse, om evna til å møte verda og andre menneske med forstand og solidaritet.

Eg siterer frå Langtidsprogrammet til Regjeringa:

«Regjeringas mål om livslang læring innebærer at folk skal ha herredømme over sine liv og være aktive deltakere i utformingen av samfunnet.»

Landet vårt er i sterkare grad enn tidlegare del av eit internasjonalt fleirkulturelt samfunn. Dette har ført til aukande behov for kulturkunnskap. Gjennom utdanning må vi bidra til å byggje bru mellom forskjellar og motarbeide konfliktar som oppstår på grunn av fordommar og manglande kunnskapar. I St.meld.nr.17 (1996-97) om Innvandring og eit fleirkulturelt Noreg legg Regjeringa stor vekt på utdanning og opplæring som grunnlag for aktiv deltaking i arbeids- og samfunsliv.

Likeverd og likestilling er sjølve grunnlaget for utvikling av demokratiske institusjonar. Ein føresetnad er at slike verdiar er levande realitetar hos den enkelte. Dette vil ha konsekvensar for alle sider ved utdanningssystemet, frå like sjansar til rekruttering og til fagleg innhald.

Erkjenninga om at naturen set grenser for menneskeleg aktivitet, er blitt ein del av vårt felles tankegods. Men for at erkjenning skal omsetjast i handling, er det nødvendig med overordna avgjerder og individuelt ansvar. Det er snakk om å utvikle ein kunnskap og kompetanse som kan brukast på alle livsområda, i privatliv, arbeidsliv og samfunnsliv.

Arbeidsliv og kompetanse

Med basis i årskull på vel 50 000 20-åringar gjennom det neste ti-året skal vi utdanne nok fagfolk for alle dei varierte arbeidsoppgåvene som skal skjøttast og utførast i eit høgt utvikla samfunn. Etter at årskulla har gått ned med 20 prosent, har vi mindre enn nokon gong råd til å la talent gå til spille! Ikkje hos dei unge, og heller ikkje hos dei vaksne. Ei høgt utdanna befolkning finst det ingen snarvegar for å oppnå . Utdanningssystemet må vere i stand til å fange opp brukarane sine ulike ønske, evner og behov. Det må fremme utvikling av fagkunnskap, kreativitet og motivasjon for læring, ansvarsmedvit og sjølvstende. Dette må skje i godt samsvar med behova i samfunns- og næringslivet.

Kompetanse som er tilpassa behova i arbeids- og næringslivet, er ein føresetnad for auka konkurranseevne, verdiskaping og høg sysselsetjing. Den faglærte - anten det er innanfor akademiske eller praktiske yrke - møter ein differensiert arbeidsmarknad prega av krav til kompetanse på ulike felt. Men framfor alt krevst det evne til å møte eit intenst oppdrive innovasjonstempo på det teknologiske og organisasjonsmessige området. Evna til endring og fornying i bedriftene er sterkt avhengig av at arbeidsstyrken har den rette kompetansen. Denne utfordringa kan berre møtast med livslang læring for alle.

Veksten i informasjonsmengda fører til at nye system må lærast. Dette utfordrar evna til å behandle informasjon og lese og forstå tekstar - gjerne på fleire språk. I aukande grad trengst det evne til å arbeide i ein internasjonal samanheng. Formelle og uformelle kvalifikasjonar glir over i kvarandre. I tillegg til den rolla skulen har i å utvikle språkkompetansen for den enkelte, har den ei sentral rolle i språkutviklinga i landet når det gjeld bokmål, nynorsk og samisk.

Evne til å forstå og uttrykkje seg gjennom ikon og symbol blir stadig viktigare. Framveksten av informasjonsteknologien har gitt oss nye hjelpemiddel i informasjonsbehandlinga. Men på same tid har den auka krava til enkeltindividet - og dermed til utdanningssystemet.

Oppvekstvilkår til barn og unge

Oppvekst- og livsvilkåra til barn og unge har endra seg. Den materielle velstanden er jamnt over høgre, og sjansane til utdanning er betre enn nokon gong før. Dei unge kan på ein heilt annan måte enn før velje livsvegen sin. Men det stiller også krav til kompetanse; å vere informert om ulike utdanningar og yrke - og å kunne ta ei avgjerd. Dette er utfordringar i eit livslangt perspektiv som utdanningssystemet må ta inn over seg.

Stadig fleire unge bruker lengre tid i opplæring og utdanning enn tidlegare. I sterkare grad enn før er formell opplæring og arbeid skilt. Her må det byggjast bruer. Ei utfordring for arbeidslivet er å delta i den arbeidsdelinga som avteiknar seg mellom utdanningssystemet og arbeidslivet. Basiskompetansen blir utvikla gjennom utdanning - spisskompetansen gjennom arbeid.

Reformene i 1990-åra

Det norske utdanningssystemet slik det var utforma på 1970-talet, vart ståande utan større endringar gjennom 1980-åra. Då var den største oppgåva å møte veksten i ungdomskulla og den kraftige auken i etterspurnaden på utdanning - først i vidaregåande opplæring og seinare i høgre utdanning. Ved inngangen til 1990-åra var det heilt nødvendig med større omleggingar av utdanningssystemet - særleg galdt dette vidaregåande opplæring.

Det utdanningssystemet vi har utvikla , er bygt opp av mange delsystem som til saman utgjer ein heilskap som kan justerast og tilpassast. Dei reformene som er gjennomførte i høgre utdanning, vidaregåande opplæring og som skal setjast i verk i grunnskulen, byggjer på kvarandre, og dette sikrar samanhengen og heilskapen i det samla utdanningssystemet. Reform 97 skal sikre ein god overgang til vidaregåande opplæring og medverke til at opplæringsretten blir reell for alle. I og med at grunnskulen frå og med hausten også omfattar 6-åringar, styrkjer vi einskapsskulen og det likeverdige opplæringstilbodet. Med bakgrunn mellom anna i ei ny vidaregåande opplæring og oppvekstvilkåra til barn og unge var det behov for ei omlegging av grunnskulen. Både innhald og arbeidsmåtar trong fornying og presisering. I tillegg var det nødvendig å styrkje den nasjonale styringa av grunnskulen. Dette kjem til dømes til uttrykk gjennom det nasjonalt fastsette fellesstoffet i læreplanane for fag, dei faglege presiseringane på kvart årssteg, forpliktande arbeidsformer og opprustinga av skulelokala.

Som ein del av reformarbeidet har Regjeringa gjort framlegg om å endre lærarutdanninga (Stortingsmelding nr. 48 for 1996-97). Det er foreslått ein ny modell for yrkesfaglærarutdanninga og styrking av allmennlærarutdanninga på fleire felt. Vaksenpedagogikk skal inn i all lærarutdanning. Vidare vil vi skjerpe krava gjennom heile studiet til om lærarstudentane er skikka til å vere lærarar.

Opplærings - og utdanningsreformene omfattar på same tid strukturen i utdanningssystemet, innhaldet i utdanninga og til dels rettane til brukarane. Til saman har reformene gitt oss ei utdanning på alle nivå som vil vere basisen i eit framtidig system for livslang læring. I dette breie utdanningslyftet er det no dei vaksnes tur gjennom etter- og vidareutdanningsreforma. Det er viktig at denne reforma utfyller heilskapen og blir ein integrert del av den.

Innsatsfaktorar

Den viktigaste ressursen i utdanningssystemet er den enkelte elev og student. Like eins er kompetansen til personalet, som arbeider på svært ulike felt og område, i stor grad avgjerande for kvaliteten på opplæringa. Eg har stor respekt for det arbeidet som blir utført på alle nivå i utdanningssystemet. Å arbeide med barn, unge og vaksne i opplæring er både spennande og givande. Krav til fornying og endring av arbeidsoppgåver gjeld i utdanningsinstitusjonane som på andre arbeidsplassar.

I samband med reformene er det stilt store midlar til disposisjon for etter- og vidareutdanning. Det er utvikla og gjennomført handlingsplanar for etterutdanning som omfattar både fag og arbeidsmetodar. Gjennom avtaleverket er undervisningstida redusert, og det er sett av tid til kompetanseheving. Eg veit at mange meiner det er for lite, men eg vil peike på at mange arbeidstakarar i det offentlege må omstille seg og ta i bruk nye arbeidsmåtar utan ein slik ekstrainnsats frå arbeidsgivarsida som det her er tale om. Etter mitt syn er det gitt gode vilkår for både fagleg og pedagogisk fornying. Eg gir nokre eksempel på dette:

Talet på elevar i grunnskulen har variert frå 590 000 omkring 1980 til 463 000 i 1992-93 og er i skuleåret 1996-97 på om lag 487 000. Dette talet vil auke i åra framover. Talet på skular gjekk ned på 1980-talet, men har i dei siste åra vore stabilt. I perioden 1980 til 1992 auka ressursinnsatsen , målt i talet på lærarårsverk pr klasse, sterkt, og gjennomsnittleg klassestorleik blei redusert. Sidan 1992 har vi hatt 1,8 årsverk pr klasse. Lærarressursar til spesialundervisning og andre pedagogiske styrkingstiltak har hatt ein svak vekst dei siste tre åra.

Staten går inn med store midlar for å gjennomføre endringane i grunnskulen. Kommunane vil få om lag tre milliardar kroner årleg i kompensasjon for meirkostnadene som knyter seg til Reform 97. I dette går også inn kompensasjon til skulebygg. Samla investeringsbehov til skulebygg for seksåringane er kostnadsrekna til 4,8 milliardar kroner, som blir kompensert over 20 år. I denne innsatsen ligg det òg auka investeringar i renovering og fornying av skulebygg. I tillegg vil kommunane få kompensasjonen for dei meirkostnadene nye lærebøker til 2.-10. klassetrinn fører med seg.

Det er om lag 177 000 elevar i vidaregåande opplæring. Elevtalet har gått ned kvart år sidan 1991. Talet på 16-19-åringar i folket har vore avtakande i den same perioden. Etter Reform 94 går nær 50 prosent av elevane på dei yrkesfaglege studieretningane.

1. okt 1996 rapporterte fylkeskommunane om nesten 28 000 løpande lærekontraktar. Talet har auka kvart år sidan 1993. I løpet av 1996 blei det til saman inngått om lag 17 000 nye kontraktar - nesten 7 000 fleire enn i 1995. Ved årsskiftet hadde 53 000 lærarar og 14 000 instruktørar i lærebedrifter deltatt i etterutdanningskurs som ledd i gjennomføringa av reforma. I løpet av reformperioden har staten ytt ca. 1 milliard kroner til utstyr, auka elevtal og lærlingtilskot. I tillegg kjem 510 millionar kroner til etter- og vidareutdanning.

Løyvingane til høgre utdanning har auka kraftig sidan 1990. Delar av løyvingane til universiteta og høgskulane er styrte ut frå innsats. Det har vore kraftig vokster i talet på stillingar innan høgre utdanning. Universiteta og dei vitskaplege høgskulane har fått pengar til forsking saman med pengar til studieplassar. Det er løyvt store summar til nye bygg og til nye måtar å organisere sektoren på.

Det er oppretta om lag 54 000 nye studieplassar sidan 1990. Vi har no over 170 000 studentar. Målt i forhold til folketalet er dette eit av dei høgste tala i verda. Gjennom desentraliserte opplæringstiltak har vi betra den geografiske og sosiale rekrutteringa til høgre utdanning. Kapasiteten i hovudfagsstudia har vakse særleg kraftig frå 1550 eksamenar i 1993 til 2300 i 1996. I perioden 1990-95 var det til saman 2900 som tok doktorgraden ved utdanningsinstitusjonane våre. I 1990 var det 393 som tok doktorgraden. Til samanlikning blei det i 1995 avlagt 603 doktorgradar. Kvinnedelen i doktorgradsutdanninga har auka frå 16 % i 1989 til 34 % våren 1996.

Renteutviklinga dei siste åra i Statens lånekasse for utdanning har vist ein klar nedgang. I 1990 var topprenta 12,5 %. I 1996 var den 6,5 %. Stipenddelen har auka frå 13% i 1993 til 28 % i 1997.

Innanfor vaksenopplæringa deltar ca. 1,3 millionar vaksne i organisert opplæring. Nyare statistikk og forsking viser at talet på vaksne i opplæring aukar, og at opplæringa blir meir retta mot yrkeslivet. Studieforbunda gir opplæring til 7-800 000 deltakarar kvart år. Mange vaksne tar del i fjernundervisning fordi livssituasjonen gjer denne fleksible undervisningsforma mest praktisk.

Framandspråklege vaksne får no 500 timar opplæring i norsk med samfunnskunnskap. Særlege grupper kan i tillegg få 250 timar til etter vurdering av behov. I stortingsmeldinga om innvandring, som blei lagd fram i februar i år, er det lagt vekt på å styrkje opplæringa i norsk med samfunnskunnskap.

Det har vore satsa i fleire år på informasjonsteknologi i utdanningssystemet. Eg veit at utstyrssituasjonen i grunnskulen ikkje er så god som ein kunne ønskje seg. Men i mange kommunar skjer det no ei systematisk planlegging med sikte på å skaffe seg betre utstyr. Enno veit vi for lite når det gjeld bruk av IT som verktøy i undervisninga. Det er ikkje nok å ha ein god maskinpark. Departementet har derfor tatt initiativ til etablering av fleire større prosjekt over fleire år for å vinne erfaring med systematisk, forskingsbasert arbeid med IT i undervisning og læring slik at norsk utdanning kan liggje i forkant og aktivt vere førebudd på framtida.

Noko som vi veit utan meir forsking, er at jenter har ein tendens til å velje bort teknologien. Dette får konsekvensar for deira framtidige yrkesval og for utviklinga av den måten teknologien blir tatt i bruk på. Eg kjem seinare i denne utgreiinga inn på tiltak for å styrkje rekrutteringa til realfag og teknologi. Tiltak som rettar seg mot jenter, er svært viktige i denne samanhengen.

Departementet arbeider med oppfølging av Stortinget si behandling 4. februar i år av den IT-politiske utgreiinga frå planleggingsministeren. Statistisk Sentralbyrå er engasjert til å gjere ei undersøking for å oppdatere biletet av utstyrssituasjonen i skulane og av planane i kommunar og fylkeskommunar. Vi vil komme tilbake til dette.

Den siste rapporten frå OECD viser at Noreg er det landet som i alt bruker mest ressursar til utdanning - 7,6% av brutto nasjonalprodukt, medan gjennomsnittet for OECD-landa er 4,9%. Sjølv om ein tar omsyn til ei rekkje faktorar som geografi, busetjing og integrering, viser tala at Noreg - både faktisk og i internasjonal samanheng - ligg svært godt an når det gjeld satsing på utdanning.

Målet til Regjeringa er å utvikle utdanningssystemet slik at vi får mest mogleg opplæring ut av dei store ressursane som blir investerte til beste for den enkelte og samfunnet.

Rammefaktorar og prioriterte område

For å sikre og utvikle vidare eit likeverdig opplæringstilbod er det nødvendig med nasjonalt fastsette rammer og strukturar på ein del område. Slik kan vi bruke ressursane kraftfullt og målretta. Samtidig må vi syte for at dei lokale og regionale styresmaktene og institusjonane har nødvendig handlefridom. Dette er sikra gjennom lovverket.

Reformarbeidet har derfor også handla om struktur, der målsetjinga har vore å rive ned murar, fjerne hindringar og skape rom for nytt innhald, betre elev- og studentgjennomstrøyming og nye samarbeidsrelasjonar mellom utdanning og arbeidsliv. Dette gjeld alle nivåa i utdanningssystemet.

I den vidaregåande opplæringa har vi gjennomført ei total omlegging - særleg i den yrkesfaglege opplæringa. Og dersom vi festar blikket på nokre av måla med reforma, som søkning til yrkesfaga, gjennomstrøyming og samarbeid mellom skule og arbeidsliv, kan vi slå fast at vi er på rett veg. Det kan vi mellom anna lese ut av den forskingsbaserte evalueringa av reforma. Det er svært positivt å registrere at dei unge etter Reform 94 søkjer seg til dei yrkesfaglege studieretningane som aldri tidlegare. Fagopplæring er no blitt ei utdanning også for ungdom. I 1996 var 6500 av lærlingane under 19 år. I 1995 - etter gammal struktur - var det tilsvarande talet berre 700. Elevvurderinga så langt tilseier at reformelevane klarer seg rimeleg bra.

Ved årsskiftet var 97 prosent av 16 - 19-åringane i vidaregåande opplæring eller arbeid. Dei fleste som blir registrerte hos den fylkeskommunale oppfølgingstenesta , kjem som regel inn igjen i skulen eller i opplæring i bedrift. Det er godt grunnlag for å seie at reforma oppfyller målet om å gi eit reelt opplæringstilbod til alle unge i aldersgruppa 16 til 19 år.

Den store oppgåva i Reform 94 er å skaffe nok læreplassar. På dette feltet må arbeidslivet i endå sterkare grad ta ansvaret. Auka statlege løyvingar til lærlingordninga har lagt enno betre til rette for dette. Det er viktig at alle partar arbeider for samsvar mellom behov og tilbod når det gjeld læreplassar. Lærlingordninga er nyleg drøfta i Stortinget, og departementet er i fullt arbeid med å følgje opp vedtaka.

Det nasjonale læreplanverket for grunnskule og vidaregåande opplæring er fornya. Læreplanane er målstyrande, med metodefridom for lærarane. Lærebøkene er blitt fornya, og lærebokdekninga har aldri vore betre.

Reform 94 er organisatorisk og pedagogisk innretta slik at den òg er ei god opplæringsreform for vaksne. Statistikken viser likevel at både søkninga frå og talet på vaksne elevar har gått kraftig ned. Dette er ei utfordring som departementet har tatt opp med fylkeskommunane. Ein betra arbeidsmarknad speler sjølvsagt ei rolle i den samanhengen. §20-ordninga i lova om fagopplæring i arbeidslivet legg til rette for at vaksne kan ta fag- og sveinebrev samtidig med at dei er i arbeid. Talet på kandidatar aukar. På den måten har vi oppnådd at vaksne med lang arbeidslivserfaring får fagarbeidarstatus. Ikkje minst gledeleg er det at det er svært mange vaksne kvinner i denne gruppa.

Differensiering og tilrettelegging av opplæringa er ein gjennomgåande struktur i heile utdanningssystemet. Målet er å imøtekomme ulike behov hos alle elevar, lærlingar og studentar. I den samanhengen blir det no innanfor vidaregåande opplæring gjennomført eit nasjonalt prosjekt om delkompetanse i fem fylkeskommunar.

Læringa til elevane og studentane skal stå i sentrum. Vurderinga - både karakterar og skulebasert vurdering - skal brukast til å styrkje og differensiere opplæringa. På ulike måtar legg departementet til rette for å sikre at ein i skulane og i fagopplæringa arbeider etter dei nasjonalt fastsette måla. Når det gjeld Reform 94, gir evalueringa av reforma signal om kva for sider ved reforma som bør styrkjast. Det gjeld mellom anna iveksetjing av det nye læreplanverket: arbeidsmåtar, differensiering, elevmedverking og yrkesretting av teoriopplæringa i yrkesfag. Som eit ledd i dette arbeidet går departementet inn for at opplæringsboka skal bli tatt i bruk i heile den vidaregåande opplæringa. I grunnskulen skal foreldra trekkjast meir aktivt med. Alliansen skule - heim er viktig for læring, utvikling og modning hos elevane.

Ei så gjennomgripande omlegging av eit opplæringssystem som Reform 94 vil ha overgangsproblem. Det viktige er å skilje mellom sider ved reforma som med enkle grep kan justerast undervegs, og større endringar som eventuelt må komme etter kvart. Førebels er det ikkje grunnlag for større tiltak. Vi må hugse på at det første reformkullet enno ikkje har forlate skule eller opplæringsstad. Med Reform 94 har vi løyst problem knytte til ungdom og utdanning, som gjer oss interessante i ein internasjonal samanheng. Vi har klart å hindre at heile aldersgrupper blir marginaliserte når det gjeld utdanning og yrke. I land det er naturleg å samanlikne seg med, er situasjonen for aldersgruppe 16 - 19 år ganske annleis. Eg vil elles streke under at ei viktig årsak til at vi har lykkast bra med Reform 94, er det nære samarbeidet mellom departementet, partane i arbeidslivet og fylkeskommunane.

Høgskulereforma tok til å gjelde hausten 1994. Talet på høgskular er redusert til 26. Færre og større einingar gir styrke til vidare vokster og utvikling. Vokster ved at miljøa er attraktive for rekruttering også frå utlandet. Utvikling ved at miljøa er store nok til at både studentar og fagleg tilsette kan flytte mellom institusjonane. Alle institusjonane er gitt eit særskilt nasjonalt ansvar for eitt eller fleire fagområde. Universiteta og dei vitskaplege høgskulane har ansvaret for grunnforsking og forskarutdanning. Alle institusjonane er bundne saman i Noregsnettet for høgre utdanning og forsking. Innanfor Noregsnettet er nasjonalt ansvar og oppgåve for kvar enkelt institusjon spesifisert. Arbeidsdelinga i Noregsnettet gjer at dei samla ressursane vert betre utnytta. Spesialisering gjer at institusjonane blir dyktigare og større på utvalde område.

Noregsnettet har hatt stor gjennomslagskraft, ikkje minst i institusjonane si eiga tenking. Det har utvikla seg eit omfattande og systematisk samarbeid på område der det nok kan ha vore samarbeidd før også, men då meir sporadisk. Eit anna spennande utviklingstrekk er samarbeidsnettverka som held på å bli etablerte på regionalt nivå. Formålet er å utnytte den samla kompetansen ved institusjonane, samstundes som studietilbodet kjem nærmare studentane. Ei anna form for regionalt samarbeid som er styrkt med høgskulereforma, er samarbeid mellom utdanningsinstitusjonar, regionale forskingsinstitutt og næringslivet. Slikt samarbeid har vore med på å auke kompetansen og verdiskapinga i dei ulike regionane. Næringslivet har fått betre tilgang til forskingsresultat og kompetent personell.

Eg er tilfreds med det vi hittil har oppnådd, men systemet for høgre utdanning vil måtte endre seg kontinuerleg i takt med behova i samfunnet. I dette ligg det at Noregsnettet aldri vil vere ferdig utvikla. Det vil bli arbeidd vidare med den faglege profilen til institusjonane. Det er grunnlag for fagleg spissing i endå sterkare grad.

Det er framleis grunnlag for å utnytte studieåret betre ved institusjonane våre. Omfanget av tre-termins studieår, der delar av sommaren blir brukt til organisert undervisning, bør auke i tida framover.

Forsking er grunnleggjande for all høgre utdanning. Eg vil fremme ei eiga stortingsmelding om forsking i 1998.

Sjølv om vi kan registere god måloppnåing på visse grunnleggjande område, vil det finnast nok av forbetringsområde framover.

Eg vil spesielt nemne rekrutteringa til real- og teknologifaga i den vidaregåande skulen og i høgre utdanning, inklusive allmennlærarutdanninga. Situasjonen er ikkje tilfredsstillande.

Regjeringa har ikkje nøydd seg med passivt å registrere utviklinga, men har sett i verk ei rekkje tiltak:

  • Natur- og miljøfag er blitt eige fag i grunnskulen, og timetalet i matematikk er auka.
  • Realfaga er prioriterte område for kompetanseutviklinga i grunnskulen.
  • Omfanget av matematikk er foreslått utvida i allmennlærarutdanninga.
  • Elevar som vel matematikk og fysikk i den vidaregåande skulen, får ekstra poeng ved opptak til høgre utdanning.
  • Som einaste nordiske land deltok Noreg i eit OECD-prosjekt om utvikling av faga matematikk, naturfag og teknologi. Noregs bidrag i matematikk har vekt interesse.
  • Då Noreg overtok leiarvervet i Nordisk Ministerråd, tok eg inititativ til at det blir arrangert ein nordisk tema-konferanse om matematikk, naturvitskap og teknologi i nordisk utdanning. Målet med konferansen er å kaste lys over nordiske erfaringar og få fram kva vi kan lære av kvarande. Konferansen er planlagd til slutten av september i år.

Eit anna område eg vil nemne særskilt, er den skeive rekrutteringa av gutar og jenter til somme utdanningsvegar. Regjeringa ser det som ei utfordring å stimulere begge kjønn til å velje i eit breiare spektrum for å motverke ein kjønnsdelt arbeidsmarknad. Mitt departement har i samarbeid med organisasjonane i arbeidslivet sett i gang eit forprosjekt som vil bli følgt av eit treårig hovudprosjekt i 1998 - 2001. Dette blir gjort for å prøve ut tiltak som kan motivere til bevisste yrkesval og for å leggje til rette for eit støtteapparat som gjer det mogleg å velje utradisjonelt.

Utdanningssystemet er prega av lange tradisjonar. Derfor vil det ta tid før resultatet av struktur- og innhaldsreformer viser seg. Det er viktig at vi politikarar gir reformene tid til å feste seg, mens vi heile tida følgjer nøye med i det som skjer. Ønske om å sjå resultat på kort sikt må ikkje overskygge dette. Mi linje er å halde fast ved dei grunnleggjande vedtaka som er gjorde, og gripe inn når det er nødvendig.

Utvikling og kvalitet

I utdanningssektoren arbeider ein etter mål på ulike område. Hovudmålet er sjølvsagt å leggje til rette eit opplæringstilbod i grunnopplæringa og i høgre utdanning som gjer at den enkelte elev og student får realisert sine evner og anlegg, og at samfunnet får dekt sitt behov for kompetanse. Omgrepet kvalitet må ein i stor grad knyte til i kva grad dette skjer, og om dei nasjonale måla for opplæringa, både i innhald og omfang, blir nådde. Kvalitets-vurdering av utdanningssystemet er avhengig av kva kriterium eller indikatorar ein vel å leggje til grunn. Ei god og fullstendig vurdering krev tilgang til fleire ulike indikatorar. Saman med andre land i OECD er Noreg med på å utvikle eit sett av indikatorar for vurdering av utdanning.

For å skaffe oss informasjon om utvikling og kvalitet på dei ulike områda, blir det årleg utarbeidd statistisk materiale. Det gjeld til dømes ressursinnsats, oversikt og utvikling når det gjeld tal på elevar, lærlingar og studentar, gjennomstrøyming i utdanningssystemet og karakterstatistikkar. Ikkje minst er det viktig å ha god informasjon om samanhengen mellom ressursinnsats og læringsutbyte. Formatet på denne utgreiinga tillet sjølvsagt ikkje ei fullstendig oversikt over alle desse områda i heile utdanningssystemet. Eg viser elles til presentasjonen av det statistiske materialet i dei årlege budsjetta og til avsnittet om rammefaktorar i denne utgreiinga.

Departementet byggjer sine vurderingar mellom anna på følgjande dokument:

  • Dei årlege tilstandsrapportane frå Statens utdanningskontor i fylka.
  • Informasjonssystema GSI (for grunnskulen) og VSI ( for vidaregåande opplæring) og annan utdanningsstatistikk.
  • Forskingsbaserte evalueringar, til dømes EVA 94 (av Reform 94) og evaluering av høgskulereforma.
  • Rapportar frå institusjonane for høgre utdanning i samband med tildelingsbrev, budsjettforslag og kvartalsvise økonomirapportar.
  • Andre utgreiingar og analysar, til dømes rapportar frå NIFU om høgre utdanning.

Tilstandsrapportane frå Statens utdanningskontor for 1996 er nyleg komne til departementet og vil i samband med statsbudsjettet for 1998 bli gjennomgått og analyserte. Som tidlegare år viser rapportane at dei kommunale ressursane til grunnskulen er forskjellige. Enkelte utdanningsdirektørar har på denne bakgrunn gitt uttrykk for uro.

Ser ein grunnskulen i landet under eitt, har talet på årsverk pr. klasse og elevar pr. årsverk vore stabilt dei tre siste åra. Variasjonane kommunane imellom når det gjeld bruk av lærarressursar, har òg vore stabile desse tre åra. Forskjellane skuldast bl.a. at skulestrukturen i kommunane er ulik. Samtidig vil eg ikkje sjå bort frå at tilbodet i enkelte kommunar kan opplevast som forskjellig frå det elevar i andre kommunar har. Derfor vil det vere ei viktig oppgåve for departementet å følgje utviklinga i kommunane nøye. Styringa av kommunesektoren baserer seg på at kommunane tar sitt ansvar for grunnskulen alvorleg. Uakseptable forskjellar mellom kommunane vil krevje ei vurdering av verkemidla for styring av grunnskulen.

Departementet har tatt initiativ til å delta i fleire komparative internasjonale undersøkingar innan enkelte fagfelt for både grunnutdanning og høgre utdanning. Resultata av desse undersøkingane har vore med i departementet sine totalvurderingar når det gjeld dei forslaga om fagleg styrking som er fremma for Stortinget.

Det skjer vidare eit løpande arbeid for å utvikle vurderingssystema. Det gjeld både vurdering av den enkelte elev og kvaliteten på læringsarbeidet i institusjonane. Når det gjeld grunnskulen og vidaregåande opplæring, er dette fastsett i eigne forskrifter.

Det er behov for å styrkje den nasjonale vurderinga av grunnskulen og vidaregåande opplæring. Mykje er på plass, men eg legg vekt på at vi får betre systematikk i dette arbeidet med kontinuerleg oppfølging. Dette vil Regjeringa komme tilbake til i ei eiga melding til Stortinget. Både skulebasert og nasjonal vurdering, som byggjer på eit godt informasjonsgrunnlag, er viktig for at vi heile tida skal kunne utvikle opplæringstilbodet vidare.

Det har vore sett i verk ulike nasjonale prosjekt innanfor høgre utdanning på 90-talet. Eit femårig prosjekt for nasjonal evaluering av fag og studium blir avslutta i 1997. Prosjektet har ført til mange endringar i innhald og oppbygging av studia. Dei erfaringane som er gjorde, dannar grunnlag for at fagevaluering kan gå inn som ein del av den vanlege verksemda ved institusjonane.

Eit felles statistikksystem vil vere på plass på institusjonane i løpet av 1997. Dette gjer det mogleg å følgje opp studentane tettare. Det vil òg gi større fleksibilitet for kvar enkelt student. M a er det eit mål at det skal bli betre høve til å studere på deltid.

Regelverket for opptak til høgre utdanning er kraftig forenkla. Det gamle systemet oppmuntra til poengsamling etter fullført vidaregåande opplæring. Dette hadde som resultat at studentane var gjennomgåande eldre ved oppstart til høgre utdanning. Det førte ikkje til at fleire fekk høgre utdanning. Eit komplisert system førte òg til at elevar i vidaregåande skule måtte velje framtidig studieveg allereie etter første året i vidaregåande skule.

Studiekvalitet og studentvelferd er sett i samanheng. Utdanninginstitusjonane har ansvaret for planlegging og samanheng mellom velferdstilbod. Samskipnadene har ansvaret for drift og kvalitet på velferdstilboda. At eit studium har høg kvalitet, er vel så mykje avhengig av tilgang til ein barnehageplass som tilgang på gode forelesarar. Splitting av ansvar kan føre til at ingen tar ansvar. Den nye ansvardelinga resulterer i at utdanninginstitusjon og samskipnad må sjå samanhengen mellom undervisningstid og opningstid i kantina, mellom ønsket om vidare geografisk rekruttering og bustadtilbod, mellom sjølvstendig studentrolle og tilgang til bibliotek og datautstyr. I sum er dette politikken for eit heilskapleg læringsmiljø.

På det nasjonale nivået vil det nye Noregsnettrådet, i samråd med departementet og institusjonane, få ansvaret for å utvikle retningslinjer og rutinar for kvalitetssikringsarbeidet innan høgre utdanning.

Styring og ansvarsdeling

Omorganiseringa av utdanningsadministrasjonen i 1992 førte til at det m.a. blei oppretta 18 statlege regionale utdanningskontor. Kontora er bindeledd mellom departementet og den offentlege utdanningssektoren i kommunane og fylkeskommunane og har mellom anna kontroll- og tilsynsfunksjonar. Eg vil leggje vekt på at desse funksjonane blir styrkte i tida framover.

I linkdoc014005-050002#docOt.prp. nr. 36 (1996 -97), som gjeld ny opplæringslov, er det gjort framlegg om at Sametinget skal få større innverknad på innhaldet i den samiske opplæringa og sjølv få rett til å fastsetje delar av læreplanverket innanfor rammer gitt av departementet.

Dei prinsippa som er fastlagde for styring og ansvarsdeling i utdanningssektoren, føreset ei funksjonsfordeling mellom stat, fylkeskommune og kommune. I tillegg har partane i arbeidslivet fått ei sentral, formell rolle for å oppfylle overordna mål for utdanningspolitikken. Eg ser ingen grunn til å ønskje ei omlegging av vedtatte prinsipp.

Staten skal ta vare på ei nasjonal og overordna oppgåve, mens kommunane og fylkeskommunane har fått fullmakter som gir dei eit sjølvstendig ansvar. Når eg finn grunn til å omtale det her, er det for å understreke det store ansvaret som er gitt til fylkeskommunane og kommunane når det gjeld å organisere og leggje til rette opplæringstilbodet.

Framtida

Målet med 90-tals-reformene har vore å utvikle løysingar innanfor opplæring og utdanning som skal tene den enkelte, arbeidslivet og samfunnet på kort og lang sikt. Det set krav til dei løysingane vi har valt. Det er derfor ei viktig side ved reformene i 1990-åra at dei gir oss strukturar som tillet endring og dynamikk. Eit utdanningssystem for framtida må vere budd på fleire moglege utviklingsvegar og kunne møte nye behov og endra rammevilkår. På same tid må det vere stabilt på den måten at hovudstrukturane ligg fast over tid. Utvikling og oppfølging av reformene blir eit prioritert område i åra framover.

Vi må no konsentrere oss om å utvikle vidare ei opplæring som

  • legg vekt på kompetanse i vid forstand,
  • er tilgjengeleg, dvs. er brukarorientert og
  • gir energi for ny læring heile livet.

Ei kvalitetsheving av utdanningssystemet vil seie å skape grunnlag for ei livslang kompetanseheving i befolkninga, som byggjer på forsking, opplæring og kultur, der det er rom for både tradisjonsformidling og nytenking - og for både formelle og uformelle kvalifikasjonar.

Den store utfordringa i åra framover vil vere å meisle ut etter- og vidareutdanningsreforma som den siste byggjesteinen i eit heilskapleg system for livslang læring. Vi må alle vere budde på eit tilvære der kontinuerleg omstilling er regelen og ikkje unntaket. Eg viser til at vi har fått ein global informasjonsteknologi, ei generell internasjonalisering og ei naturvitskapleg og teknisk utvikling som utan tvil vil halde fram, og som stadig krev nye former for samhandling innanfor dei fleste samfunnsområda.

Ei brei tilnærming i kompetansepolitikken er eit svært viktig grunnlag for Regjeringa sitt arbeid med å utvikle velferdssamfunnet vidare. Vi treng å ta i bruk teknologi og vitskap, men samtidig er det viktig å styre i retning av det som stemmer over eins med våre verdiar og mål. Dessutan må vi finne ein balanse mellom desse verdiane og omsynet til den internasjonale konkurranseevna som vi er avhengig av for å halde på og å utvikle vidare velferdssamfunnet. Vi treng derfor eit heilskapleg og langsiktig perspektiv på arbeidet.

Stortinget har bedt Regjeringa om å utarbeide ein nasjonal handlingsplan for vaksenopplæring og etter- og vidareutdanning. Regjeringa har sett ned eit offentleg utval, under leiing av Lars Buer, som skal greie ut sentrale spørsmål i dette store feltet.

Eg vil spesielt nemne at Regjeringa legg stor vekt på at partane i arbeidslivet har slutta opp om dette utgreiingsarbeidet. Det illustrerer ein av dei sentrale kvalitetane ved den norske samfunnsmodellen; eit forpliktande samarbeid mellom partane i arbeidslivet og styresmaktene. Slikt samspel er heilt avgjerande for dette reformarbeidet.

Ambisjonen må vere å leggje til rette for eit system som gjer det mogleg for alle vaksne å ta del i livslang læring. Det vil leggje grunnlaget for nye arbeidsplassar, auka verdiskaping og betre livskvalitet. Styresmaktene vil her måtta spele ei sentral rolle, men det blir inga reform utan ei brei semje og ein aktiv medverknad frå partane i arbeidslivet, det offentlege som arbeidsgivar og frå den enkelte.

Dei prinsippa som er lagde til grunn for Buer-utvalet, finn ein igjen i Langtidsprogrammet. Det gjeld mellom anna desse punkta:

Reforma skal sikte mot auka likestilling i etter- og vidareutdanning. I dag er deltakinga slik at dei som har minst utdanning, og som arbeider på lågare nivå i verksemdene, er lite med i opplæringstiltaka. Her ligg det det ein fare for nye klasseskilje - mellom dei som kan og dei som ikkje kan.

Reforma skal gi den enkelte betre høve til å sikre seg relevante kvalifikasjonar. Det gjeld ikkje berre dei med låg utdanning, men òg alle dei som treng oppdatering og ny opplæring på grunn av tekniske og organisatoriske omstillingar i bedriftene. Behova til den enkelte må her òg vurderast opp mot behova i bedriftene; dei er ikkje nødvendigvis samanfallande.

Reforma skal vidare gi høve til opplæring også for dei gruppene som av ulike årsaker er utanom arbeidsmarknaden for kortare eller lengre tid. Dette gjeld arbeidssøkjande generelt, det gjeld innvandrarar og flyktningar, funksjonshemma og yrkeshemma, vaksne med omsorgsoppgåver, og det gjeld sjølvsagt ei aukande gruppe av alderspensjonistar.

Behova vil vere mange, og dei vil spenne vidt. Derfor må også tiltaka vere varierte og mangesidige.

Som det går fram av denne utgreiinga, er det i 1990-åra lagt til rette for omfattande reformer i utdanning og forsking. Dei store reformene i grunnskule og vidaregåande opplæring vil sikre barn og ungdom ei god og framtidsretta grunnutdanning. Det er eit nødvendig grunnlag for livslang læring seinare.

Reformene i høgre utdanning og den store utbygginga av studieplassar viser kor sterkt det er satsa også på denne delen av kunnskapssystemet i Noreg.

Ei kvalitetsheving i utdanninga vil seie å få meir ut av det samla talentet i befolkninga - og målet er å få til ei livslang kompetanseheving. Derfor står kultur, forsking og utdanning heilt sentralt. Kyrkja, kulturlivet, utdanningssektoren og forskinga har det til felles at dei skal formidle vidare og foredle tidlegare generasjonars visdom og kunnskap, samtidig som dei skal setje spørjeteikn ved nedarva fordommar og undertrykkjande holdningar.

Reformene i grunnutdanninga og i høgre utdanning legg også betre til rette for opplæring av vaksne. Det er ein hovudstrategi frå Regjeringa i den satsinga som no er varsla for vaksenopplæring og etter- og vidareutdanning.

Lagt inn 26 mai 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen