Historisk arkiv

Visjonar og strategiar for vaksenopplæringsreforma

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Statsråd Reidar Sandal

AOFs Landskonferanse Haugesund
27. mai 1997

Visjonar og strategiar for vaksenopplæringsreforma

1. Innleiing

Mange takk for invitasjonen til denne samlinga av AOF-medarbeidarar frå heile landet. Eg er glad for å sjå at de møter arbeidet med vaksenopplæringsreforma med initiativ og engasjement, og eg gler meg til debatten og til dei aktivitetane vi får sjå seinare i dag.

Regjeringa ønskjer ein brei og innsiktfull samfunnsdebatt, og vi vil ha synspunkt om viktige spørsmål direkte frå dei som arbeider med desse spørsmåla. Det er det som er grunngivinga for desse samråda.

Studieforbunda har eit stort og breitt engasjement i opplæring. Oppgåvene ligg i skjeringsfeltet mellom opplæring og kultur, med klare kontaktar til frivillig organisert innsats og offentleg styring. Gjennom studieforbunda har organisasjonane ein plass i utdanningssamfunnet. Når vi no vil satse sterkare på etter- og vidareutdanning og vaksenopplæring, er den breie, folkelege forankringa studieforbunda har, ein av dei kvalitetane dette arbeidet kan byggje på.

Statistikken over opplæring i studieforbunda viser mellom anna at AOF har ein særleg brei aktivitet, og eg har sett at de har lagt sterk vekt på arbeidslivet og kvalifikasjonar for yrkesdeltaking dei seinere åra. Hovudtyngda av deltakarane er godt vaksne folk.

Arbeidslivet sitt behov for kompetanse vil vere viktig i reforma. Det heng sjølvsagt saman med at vi legg stor vekt på full sysselsetjing. Kvar enkelt skal ha sjanse til arbeid og til å følgje med i eit arbeidsliv der endringane er omfattande og kjem i eit stadig raskare tempo.

Derfor er samarbeidet med partane særleg viktig. Og AOF, som studieforbundet for fagrørsla, er eit sentralt koplingspunkt mellom arbeidsliv og utdanning.

Som innleiing til debatten vi skal ha her i dag, vil eg seie noko om:

  • dei utfordringane vi står framfor,
  • reforma for etter- og vidareutdanning for vaksne og
  • kva slags rolle studieforbunda kan spele i reforma.

2. Utfordringar

I stortingsmeldinga om Langtidsprogrammet gir Regjeringa sine visjonar for samfunnsutviklinga. Opplæring og kompetanse har ein heilt sentral plass i programmet og den politikken som Regjeringa går til val på.

Vi er midt i gjennomføringa av store og krevjande reformer i grunnutdanning og høgre utdanning. Dessutan står vi framfor ei grundig vurdering av heile det forskingspolitiske området. Utbygging og tilpassing av etter- og vidareutdanning for vaksne er dei neste byggjesteinane i eit system for livslang læring.

Livslang læring er eit overordna perspektiv i utdanningspolitikken. Skal vi lykkast i forhold til sentrale mål om likestilling, verdiskaping og velferdsutvikling, må livslang læring bli ein realitet for alle.

Korfor er livslang læring så viktig og nødvendig som reiskap i samfunnsutviklinga?

Samspelet mellom den politiske, økonomiske og teknologiske utviklinga skaper ei dramatisk aukande endringstakt i heile samfunnet. Dette påverkar oss kvar dag - som enkeltmenneske, arbeidstakarar og leiarar, og det påverkar organisasjonane og verksemdene. Vi må alle vere budde på eit tilvære der kontinuerleg omstilling er regelen og ikkje unntaket. Vi har fått ein global informasjonsteknologi, ei generell internasjonalisering og ei naturvitskapleg og teknisk utvikling som utan tvil vil halde fram, og som stadig krev nye former for samhandling innanfor dei fleste samfunnsområda.

Ut frå ei slik vurdering av samfunnsendringane kan ein gi ulike grunngivingar for livslang læring. Eg vil nemne tre som er sentrale for Regjeringa si tilnærming, og som òg står langt framme i den internasjonale debatten. Her ligg også klare signal om korleis arbeidet med livslang læring skal innrettast.

Den første gjeld demokrati og deltaking.

Eit kort sitat frå Langtidsprogrammet:

"Regjeringas mål om livslang læring innebærer at folk skal ha herrredømme over sine liv og være aktive deltakere i utformingen av samfunnet. Aktivitet som foregår i organisasjoner og andre frivilliges regi er avgjørende for å sikre slik mulighet til deltakelse". Dette er ei formulering som eg reknar med at AOF har merka seg.

Den andre er omsynet til personleg utvikling og vekst.

Opplæring og kompetanse er eit gode i seg sjølv. Det gir livskvalitet og grunnlag for at den enkelte kan utvikle sine evner til beste for seg sjølv og for fellesskapen.

Den tredje gjeld livslang læring som investering.

I Langtidsprogrammet seier Regjeringa klart at dei menneskelege ressursane er den største komponenten i nasjonalformuen, og derfor utgjer det viktigaste grunnlaget for verdiskapinga og evna vår til å løyse fellesoppgåvene på ein god måte. Politikken må innrettast mot høg yrkesdeltaking, og kunnskapar og kompetanse i folket må betrast gjennom god grunnutdanning og etter- og vidareutdanning.

Vi treng eit heilskapleg og langsiktig perspektiv på arbeidet - eit perspektiv som går langt utover tiltak for betre utnytting av teknologi og vitskap.

I ein rapport til UNESCO - "Learning - The Treasure Within"- seier kommisjonen som var leidd av Jacques Delors, at det er fire element som er grunnleggjande for ei framtidsretta utdanning. For det første må vi lære å leve saman. Meir enn nokon gong er det viktig å utvikle ei forståing for andre menneske, deira historie og tradisjonar. For det andre må vi lære å tileigne oss kunnskap. For det tredje må vi lære å bruke kunnskapane. Og for det fjerde må vi utvikle eit personleg ansvar som gjer at vi kan arbeide mot felles mål. Dette er ei forståing av læring og kompetanse som ligg nær den folkeopplysningstradisjonen som AOF er ein del av.

Å utvikle alle fire elementa er avgjerande for å skape eit samfunn der grunnleggjande verdiar som likeverd og solidaritet kan verke positivt saman med teknologiske nyvinningar. Eg trur reformene i utdanningssystemet nettopp viser at det er eit slikt breitt kunnskapssyn som ligg i botnen.

3. Grunnlaget for reformarbeidet

Vi har eit godt utgangspunkt for reformarbeidet, også dersom vi samanliknar oss med andre land.

Det er lagt til rette for omfattande reformer i utdanning og forsking. Dei store reformene i grunnskule og vidaregående opplæring vil sikre barn og ungdom ei god og framtidsretta grunnutdanning. Det er eit nødvendig grunnlag for læring seinare i livet.

Reformene i høgre utdanning og den omfattande utbygginga av studieplassar viser kor sterkt det er satsa også på denne delen av kunnskapssystemet i Noreg.

Reformene i grunnutdanninga og i høgre utdanning legg også betre til rette for opplæring for vaksne. Det er ein hovudstrategi for Regjeringa i den satsinga som no er varsla for vaksenopplæring og etter- og vidareutdanning.

Dei siste åra har Arbeidarpartiet engasjert seg sterkt i etter- og vidareutdanningsspørsmåla. Det har mellom anna ført til at Stortinget har bedt Regjeringa om å leggje fram ein nasjonal handlingsplan for vaksenoppplæring og etter- og vidareutdanning. Regjeringa har i sin tur sett ned eit offentleg utval - Buer-utvalet - som skal greie ut sentrale spørsmål i dette store feltet, og innan hausten 1997 leggje fram si innstilling. Vaksenopplæringsforbundet er med i utvalet, og eg veit at AOF bur seg på det som skal komme.

Eg vil spesielt nemne at Regjeringa legg stor vekt på at partane i arbeidslivet har slutta fullt opp om dette utgreiingsarbeidet. Det illustrerer ein av dei sentrale kvalitetane ved den norske samfunnsmodellen: Eit forpliktande samarbeid mellom partane i arbeidslivet og styresmaktene. Eit slik samspel er eit viktig og nødvendig grunnlag for dette reformarbeidet.

4. Mål, prioritering og strategiar for arbeidet med vaksenopplæringsreforma

Ambisjonane med ei vaksenopplæringsreform er å leggje til rette for eit system som gjer det mogleg for alle vaksne å ta del i livslang læring, og som med det legg grunnlaget for fleire arbeidsplassar, auka verdiskaping og betre livskvalitet.

Dei prinsippa som er lagde til grunn for Buer-utvalet, finn ein igjen i Langtidsprogrammet. Det gjeld mellom anna desse punkta:

Reforma skal sikte mot auka likestilling i etter- og vidareutdanning. I dag er deltakinga i slik opplæring slik at dei som har minst utdanning og arbeider på lågare nivå i verksemdene, nyttar seg lite av opplæringstilboda. Her ligg det ein fare for utvikling av nye klasseskilje: mellom dei som har mykje opplæring og skaffar seg meir, og dei som ikkje har. Motivering for opplæring er viktig.

Reforma skal gi den enkelte betre høve til å sikre seg relevante kvalifikasjonar. Det gjeld ikkje berre dei med låg grunnutdanning, men òg alle dei som treng oppdatering og ny opplæring på grunn av tekniske og organisatoriske omstillingar i bedriftene. Behova til den enkelte må her òg vurderast opp mot behova til bedriftene; dei er ikkje nødvendigvis samanfallande.

Reforma skal vidare gi høve til opplæring også for dei gruppene som av ulike årsaker er utanom arbeidsmarknaden for kortare eller lengre tid. Dette gjeld arbeidssøkjande generelt, det gjeld innvandrarar og flyktningar, funksjonshemma og yrkeshemma, vaksne med omsorgsoppgåver, og det gjeld sjølvsagt også ei aukande gruppe av alderspensjonistar.

Behova vil vere mange, og dei vil spenne vidt. Derfor må også tiltaka vere varierte og mangesidige.

Strategien til Regjeringa

Den strategien Regjeringa arbeider etter, vil eg samanfatte slik:

1. Utdanningsreformene har eit stort potensial for dei vaksne som treng å fullføre ei grunnutdanning, og dei legg eit grunnlag for sterkare innsats i etter- og vidareutdanning. Dette potensialet må nyttast betre.

Eit eksempel: Arbeidet med å leggje til rette for læreplassar for ungdom gjer at mange bedrifter har fått ei kraftig oppgradering av sitt eige arbeid med kompetanseutvikling, mellom anna slik det er skissert i hovudavtalen. Statusen til fagbrevet er heva. Det kan vi mellom anna sjå i det aukande talet på paragraf 20-kandidatar. Faktisk blei talet på deltakarar nesten dobla frå 1995 til 1996. Eg veit at AOF sitt engasjement i teoriopplæringa til paragraf 20-kurs har auka sterkt dei siste par åra. Det er positivt og ei framtidsretta prioritering.

2. Buer-utvalet greier ut sentrale spørsmål for ei reform. Utgreiinga frå dette utvalet er ein viktig del av grunnlaget for arbeidet vidare med handlingsplan for etter- og vidareutdanning og vaksenopplæring.

3. Departementa utviklar vidare det offentlege engasjementet og gjer forbetringar i verkemidla for kompetanseutvikling i næringslivet. Det gjeld til dømes i samspelet mellom nærings-, arbeidsmarknads-, kultur- og utdanningspolitikken. Eg trur at dei som arbeider med vaksenopplæring, betre enn dei fleste, ser behovet for å sjå ulike politikkområde i samanhang.

4. Ei reform i vaksenopplæringa må byggje vidare på dei sterke sidene og fortrinna som vi har i Noreg. Eg vil kort nemne fire av desse:

* Det første er engasjementet og deltakinga til partane i arbeidslivet når det gjeld utforminga av utdannings- og kompetansepolitikken. Det som står om kompetanse i Hovudavtalen er eineståande i internasjonal samanheng. Dei forpliktande avtalane mellom partane i arbeidslivet og styresmaktene, som reforma i vidaregåande opplæring og styrkinga av yrkesfaga byggjer på, har vore omfatta med stor interesse frå andre land. Dette kan vi byggje vidare på i vaksenopplæring og etter- og vidareutdanning.

* For det andre: I Noreg og dei andre nordiske landa har vi ein lang tradisjon for ei brei folkeleg forankring av vaksenopplæringa i dei frivillige organisasjonane. Studieforbunda har årleg 750 000 deltakarar på kursa sine. Den kunnskapen desse organisasjonane har til å leggje til rette opplæring for vaksne og til å motivere og rekruttere til opplæring, er ein viktig kvalitet å byggje vidare på. Ei oppfordring om å utvikle dette vidare vil eg gi dykk særskilt.

* Det tredje eg vil nemne, er erfaringane frå fjernundervising og fleksibel tilrettelegging av opplæring. Her ligg vi langt framme internasjonalt. Det gjeld både offentlege og frittståande institusjonar. Utviklinga av slike tilbod må vi sjå i samanheng med Noregs-nettet for høgre utdanning og forsking, og planane om eit "Kultur-nett Noreg" som vil kunne knyte saman kompetansemiljøa med dei lokale knutepunkta for distribuert opplæring. Dette er viktige element i eit utdanningssystem som er meir tilpassa brukarane og styrt av etterspurnaden.

* Sist, men ikkje minst: Det offentlege utdanningssystemet i Noreg er sterkt desentralisert. Vi har i liten grad bygd opp eigne institusjonar for vaksne, men gitt dette som ein naturleg del av ansvaret for dei ordinære institusjonane. Det gir eit fleksibelt system som kan utnytte ressursane i forhold til endra behov.

5. Studieforbunda si rolle i ei vaksenopplæringsreform

Eg vil peike på nokre sentrale problemstillingar for det vidare arbeidet, som eg gjerne ser blir tatt opp til debatt.

Etterspurnad og brukarstyring

Livslang læring er meir enn opplæring. Opplæring i skule vil vere viktig for mange. Men korkje dei vaksne eller arbeidslivet vil vere tent med at dette blir ei skulereform åleine. Det må oppmuntrast og leggjast til rette for læring også på arbeidsplassen, i fritida og i familien.

Eit framtidig system for livslang læring må styrast av behov og etterspurnad, og ikkje av tilbod. Dette synest det å vere semje om. Men korleis skal vi få betre kjennskap til behova for alle grupper, ikkje berre for dei som har og tar mest utdanning? Korleis skal vil kartleggje og dokumentere vaksne sine behov for kompetanse?

Læringsarenaer

Skulen er ein læringsarena også for vaksne. Men meir enn før blir arbeidsplassen viktig. Meir bedriftsnært organisert opplæring er ønskt frå arbeidslivet si side. Det gjeld å utvikle betre læringsarenaer for dei behova vi no ser. Korleis kan vi få til eit betre samspel mellom utdanningsinstitusjonar og bedrifter? Korleis kan betre kontakt knytast mellom studieforbunda og arbeidslivet? AOFs kontakt med fagrørsla gir eit godt utgangspunkt.

Eg veit at AOF har fleire relevante utviklingsprosjekt i gang, mellom anna om samahangen mellom læringsmiljø kompetanseutvikling.

Bruk av IT og fjernundervising i opplæring må vere ein del av arbeidet for å gi innhald til eit forsterka samarbeid mellom utdanning og arbeid.

Realkompetanse

Skal vi klare eit lyft i kompetanseheving for vaksne, må vi kunne byggje på det dei vaksne allereie kan. Vegen til målet må gjerast så kort og realistisk som mogleg. Derfor blir dokumentasjon og verdsetjing av realkompetanse eit nødvendig verkemiddel i ei reform.

Korleis kan vi sikre dokumentasjon og verdsetjing av vaksne sin realkompetanse i forhold til arbeid og utdanning? Systemet eller ordninga må ha eit fagleg forsvarleg nivå og ein legitimitet, utan å vere avhengig av eit stort offentleg eller privat byråkrati.

Paragraf 20-ordninga er i dag den mest innarbeidde ordninga der vaksne har høve til å dokumentere kunnskapane sine.

Det vil vere ei utfordring å utvikle ei ordning som òg femner om andre kompetanseområde.

6.1 Studieforbunda

Samarbeid om utvikling og tilrettelegging av tilbod

Studieforbunda sin styrke er fleksibiliteten. Veikskapen kan mellom anna vere mangelen på dei faste lokalitetane og manglande økonomisk grunnlag for å investere i utstyr.

Satsinga på informasjonsteknologi i opplæringa har vist behovet for å ha lokale knutepunkt for å ta imot distribuerte tilbod, og samstundes gi betre høve til å ta omsyn til behovet for eit miljø rundt opplæringa. Biblioteka vil få ei rolle i ein slik strategi. Mi vurdering er at dette også vil gi studieforbunda sjanse til eit nytt fundament i utviklinga av studiearbeidet. Her har de avgjort eit bidrag å gi.

Studiearbeidet som verkemiddel i utvikling av lokalsamfunn

Gode lokalsamfunn og nærmiljø er avgjerande for livskvaliteten for den enkelte. Studiearbeidet er mange stader ei kjelde som gir inspirasjon til at folk går saman for å løyse oppgåver i nærmiljøet sitt og for å styrkje det lokale demokratiet.

Informasjonsteknologien kan ein også nytte i ei slik nærmiljøtilnærming, og den kan gi nye sjansar for studiearbeidet. Eg vil gjerne høyre om dei gode eksempla og erfaringane på dette området.

I denne samanhengen vil eg også peike på utfordringane som ligg i å trekkje våre nye landsmenn med inn i fellesskapen. Studiearbeidet som møteplass i det fleirkulturelle Noreg kunne vore eit interessant tema for ein kampanje i studieforbunda sin regi.

Studieforbunda og internasjonal deltaking

Rapporten frå Delors-kommisjonen teiknar eit bilete av verda som ein global landsby. Vedtak gjort i eit land langt herfrå kan påverke kvardagen vår. IT har endra kommunikasjonsvegane og tida ein treng for å få svar. Handlingane våre kan nokre gonger få store verknader for folk i andre delar av verda. Det fører til at vi, meir enn til no, har eit like stort ansvar for å delta i å utvikle det globale samfunnet som det nasjonale og det lokale.

Eg har sett at studieforbunda deltar aktivt i nordisk samarbeid og i nokon grad også europeisk. Det er bra at til dømes AOF har prosjekt i Leonardo, som er EUs yrkesutdanningsprogram. På ein litt annan arena, i bistandsarbeidet, speler dei frivillige organisasjonane ei viktig rolle i kraft av kompetansen dei har. Sjølv om mange av studieforbunda allereie er aktive, oppfordrar eg til, i endå sterkare grad, å sjå utover grenser i framtida.

Folkeopplysning

Verksemda til studieforbunda er tufta på folkeopplysningstanken. Kanskje bør ein stille eit grunnleggjande spørsmål: Kva er folkeopplysning i vår samtid, i informasjonssamfunnet?

Har folkeopplysingsomgrepet innhald og aktualitet i dag ? Svarer det på dei utfordringar folk flest har i dag? Det må gjerast synleg at folkeopplysning som omgrep og det innhaldet det står for, har relevans og aktualitet i utdanning, i arbeidsliv og for den enkelte. Dette er ikkje ein teoretisk diskusjon. Det må synast i praksis, det vil seie gjennom det studie- og opplysningsarbeidet de driv.

6. Prosessen vidare

Stortinget ventar ei melding frå Regjeringa våren 1998 om etter- og vidareutdanning og vaksenopplæring. Det meiner eg er realistisk når Buer-utvalet skal avgi si innstilling 1. oktober i år. Deretter skal innstillinga raskt sendast på høyring. Det er ikkje mykje tid til overs.

Til slutt vil eg oppmode AOF og dei andre studieforbunda om å delta aktivt i samfunnsdebatten om vaksenopplæring. Det er no det er viktig at de er aktive og kreative. Det er no strategiar blir utforma og planar blir laga.

Tru på det de gjer. Vis kva arbeidet har for verdi. Sats på det de kan best.

Eg gler meg til resten av samlinga!

Lagt inn 28 mai 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen