Historisk arkiv

Stortingsmelding om tiltak mot flom

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

25.04.97

Stortingsmelding om tiltak mot flom

Regjeringa har i statsråd i dag lagd fram ei stortingsmelding om tiltak mot flom. Meldinga er ei oppfølging av utreiinga som vart lagt fram av Flomtiltaksutvalget linkdochttp://www.dep.no/oed/norsk/publ/utredninger/NOU/038005-020004/index-dok000-b-n-a.html#doc (NOU 1996: 16).

- Det er store offentlege og allmenne interesser knytta til utviklinga av vassdraga og vassdragsnære område. Risikoen for flomskader vert påverka av ei rekke avgjerder fatta av aktører på lokalt, regionalt og sentralt nivå. Planlegging og gjennomføring av flomtiltak må vere basert på ei totalvurdering. Det er difor naudsynt med eit sterkt statleg engasjement i bevisstgjering og tiltak på fleire område, seier Olje- og energiminister Ranveig Frøiland.

Etableringar i og utnytting av flomutsette områder vil ha stor innverknad både på skadepotensialet ved flom og behovet for flomsikringstiltak. Regjeringa legg opp til ein innskjerping og styrking av kommunane si kartlegging og oppfølging med omsyn til flom ved arealplanlegging og byggesaksbehandling. Regjeringa foreslår at det vert fastsett kvantifiserte krav til tryggleik som angjev kva for ein flomrisiko som er akseptabel, differensiert etter kva for verdier det er tale om. Dette skal bidra til ein betre styring av område som er utsette for flom.

Dokumentasjon og analyse av flomskaderisiko er viktig både for disponeringa av areale som er utsette for flom og for planlegginga av flomsikringstiltak. Grunnlaget og metodene for gjennomføring av risikoanalysar og kost/nytte-vurderinger vil derfor verte forbetra.

Meldinga legger opp til ei betre oppfølging med omsyn til tryggleik og miljø ved utforminga av flom- og erosjonssikringstiltak. Det lokale tilsynet med flomanlegg vert foreslått innskjerpa og styrkt ved auka kontroll og rettleiing.

Dagens ordning med en distriktsandel på 25 prosent av kostnadene ved statlege flom- og erosjonssikringstiltak vert foreslått opprettheldt, men det skal vere mogleg å nedsette eller fjerne krav om distriktsandel i visse tilfelle.

Reguleringsmagasin som vert etablert i samband med kraftproduksjon har eit stort potensiale for demping av flommar. Konkrete tiltak for å legge tilhøva betre til rette for demping av flommar ved vassdragsreguleringar vert foreslått utreda og gjennomført. Vidare vert det foreslått å gje flomdemping vesentleg større vekt ved handsaming av utbyggingsprosjekt i Samla plan.

Arbeidet som er iverksett for å styrke flomvarslinga og vassdragsstyresmaktenes beredskapsmessige rolle vil fortsette, med sikte på å legge tilhøva betre til rette for den lokale handteringa av flom og andre krisesituasjonar i vassdrag.

Informasjonssjef: Anne Ekern Tlf: 22 24 61 09

Lagt inn 29 april 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen