Historisk arkiv

Semje om auka grunnbeløp i Folketrygda

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Planleggings- og samordningsdepartementet

Pressemelding

Nr: 39/97
30.05.97

Semje om auka grunnbeløp i Folketrygda

Partane i Trygdeoppgjeret blei einige natt til 30. mai om ein auke av grunnbeløpet på kr 1 500 med verknad frå 1. mai. Grunnbeløpet kjem dermed opp i kr 42 500. Minstepensjonen vil auke med kr 2 424 for einslege og kr 4 080 for ektepar.

- Eg er godt nøgd med at vi også i dette oppgjeret klarte å komme fram til semje, seier statsråd Bendik Rugaas som leidde drøftingane frå Regjeringa si side. Organisasjonane som deltek i drøftingane er Norsk Pensjonistforbund, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon og LO.

Lagt inn 30 mai 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen