Historisk arkiv

Widerøes flyselskap vann tilbodskonkurranse

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr.79/96
1.11.96

Regionale flyruter:

Widerøes flyselskap vann tilbodskonkurranse

Samferdselsdepartementet har i dag vedtatt at Widerøes Flyveselskap AS skal tildelast einerett for drift av regionale flyruter. Tildelinga gjeld for tre år, rekna frå 1. april neste år, og omfattar dei rutene som selskapet i dag har konsesjon for.

Vedtaket skjer på bakgrunn av ein open konkurranse der i alt seks selskap kom med tilbod om kor stor godtgjersle dei skulle ha frå staten for å drive ulike delar av rutenettet eller heile nettet.

Widerøes Flyvselskap AS hadde det lågaste tilbodet, med eit transporttilbod som fyller dei krava som Samferdselsdepartementet har fastsett. For ei godtgjersle frå staten på 638 millionar kroner skal selskapet i tre år trafikkere det regionale flyrutenettet. Med utgangspunkt i føresetnadene for utrekning av tilboda, er dette er om lag 30 prosent lågare enn nivået for det statstilskotet som i dag blir gitt for drift av desse rutene.

Samferdselsdepartementet tar sikte på at kontrakt for drift av rutene kan underteiknast om kort tid.

Lagt inn 1 november 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen