Historisk arkiv

Eiksundsambandet: Innkrevjing av "førehandsbompengar"

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr. 39/97
30.05.97

Eiksundsambandet:

Innkrevjing av "førehandsbompengar"

Regjeringa går inn for at det skal bli høve til å krevje inn "førehandsbompengar" for å finansiere vidare planlegging av riksvegprosjektet Eiksundsambandet i Møre og Romsdal. Førehandsbompengane kan også nyttast for å lette ei eventuell seinare finansiering av dette veg-, bru- og tunnelprosjektet, går det fram av eit forslag som blei lagt fram i statsråd i dag.

Prosjektet omfattar bygging av om lag 16,5 kilometer ny veg frå Eiksundet i Ulstein kommune og fram til Furene i Volda kommune. Ein undersjøisk fjelltunnel på vel 6,4 kilometer inngår mellom anna i prosjektet. Førehandsbompengane skal krevjast inn som eit påslag i takstane for alle trafikantgrupper i ferjesambandet Eiksund - Rjånes. Dette ferjesambandet skal leggjast ned når den nye vegen er bygd ferdig.

Kostnadsoverslaget for heile prosjektet er i dag på omkring 620 millionar kroner, med grunnlag i dei planar som til no er godkjende. I dei planane som ligg føre går ein ut frå at utbygginga skal finansierast ved ein kombinasjon av løyvingar over statsbudsjettet og bompengar.

Utbygging av prosjektet vil føre til at dei fire øykommunane Hareid, Ulstein, Herøy og Sande, med til saman om lag 22 000 innbyggjarar, får ferjefritt vegsamband til fastlandskommunane Ørsta og Volda, med til saman om lag 18 000 innbyggjarar. Dei fire øykommunane er i dag knytte saman med vegar og bruer, medan fire ferjesamband og ei snøggbåtrute gir samband til fastlandet.

Vegfylling, bru, tunnelar og ny veg

Etter det planalternativet som no er godkjend av Vegdirektoratet skal den nye vegen ta av frå Eiksundet i Ulstein kommune, og han skal så leggjast på ei 250 meter lang fylling i Eiksundet og fram til ei bru som går vidare over til øya Eika. Brua blir på 368 meter og får ei minste fri seglingshøgd på 16 meter i ei breidd på 20 meter. Alternativet omfattar dessutan 130 meter veg på øya Eika og så ein 6 440 meter lang trefelts undersjøisk tunnel fram til Ytre Steinnes i Ørsta kommune. Deretter følgjer alternativet til dels eksisterande veg, før den nye vegen så tek av og går vest for Hovdevatnet og fram til Furene i Volda kommune. På strekninga mellom Steinnes og Furene er det mellom anna planlagd to tunnelar, ein på 1 270 meter og ein på 560 meter.

Verknader for miljø og kulturminne

I framlegget frå Regjeringa blir det vist til at det godkjende alternativet har nokre negative verknader for miljø og kulturminne. Miljøulempene er hovudsakleg knytte til utfyllinga i Eiksundet. Alternativet fører til konfliktar med kulturminne på Ytre Steinnes. - Dersom det vidare planarbeidet viser at det på Ytre Steinnes ikkje er mogeleg å gjere justeringar som kan godtakast av kulturstyresmaktene, har Vegdirektoratet vedteke at den undersjøiske tunnelen i staden for å kome opp ved Ytre Steinnes, skal kome opp mellom Steinnes og Sørheim i Ørsta kommune. Tunnelen vil i så fall bli om lag 7,7 kilometer lang. Dette vil igjen føre til at kostnadsoverslaget for prosjektet aukar med 20 millionar kroner, til 640 millionar kroner, går det fram av forslaget.

Vidare planlegging

I forslaget peiker Samferdselsdepartementet på at Eiksundsambandet har låg samfunnsøkonomisk lønsemd. I grunngjevinga for likevel å leggje fram forslag om forskotsbompengar blir det vist til omsynet til distriktet og det lokale næringslivet. - Prosjektet vil betre infrastrukturen i området og kan vere med på å utvide arbeidsmarknaden, særleg for industrien. Prosjektet vil difor vere med på å styrkje næringsutvikling og busetnad. Samferdselsdepartementet har òg lagt vekt på fylkeskommunen si prioritering av prosjektet, går det fram av forslaget.

Samferdselsdepartementet vil seinare kome tilbake til Stortinget med eit framlegg til eige vedtak om endeleg utbygging. - Vidare planlegging vil redusere uvissa i kostnadsoverslaget. Eit eventuelt framlegg om å gjennomføre prosjektet må baserast på avklåringane i vedtekne reguleringsplanar og på ei uavhengig vurdering av prosjektet, går det fram av forslaget.

Lagt inn 30 mai 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen