Historisk arkiv

Rassikring for 41 millionar kroner

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

13 mai

Vegen Stamnes - Eidslandet:

Rassikring for 41 millionar kroner

Regjeringa har i statsråd i dag gjort framlegg om at Hordaland fylkeskommune skal få høve til å forskottere 20 millionar kroner til rassikring på fylkesvegstrekninga Stamnes - Eidslandet i Hordaland. Beløpet skal betalast tilbake, utan renter, over riksvegbudsjettet i perioden 1998-2001. Prosjektet er ein del av eit framtidig riksvegsamband mellom E 16 ved Dalseid og riksveg 1 ved Romarheim.

Den samla kostnaden for anlegget på strekninga Stamnes - Eidslandet er på 70 millionar kroner. Anlegget kan byggjast ut i fleire steg. Det første byggjesteget er rekna å koste til saman 41 millionar kroner. Dette byggjesteget blir finansiert med forskottet på 20 millionar kroner frå fylkeskommunen, eit tilskot på 11 millionar kroner frå Hordaland fylkeskommune og eit tilskott på i alt 10 millionar kroner frå dei to kommunane Modalen og Vaksdal og frå Bergenshalvøens kommunale kraftselskap (BKK).

Anleggsarbeidet tok til i fjor haust, med sprenging av to tunnelar forbi dei mest rasfarlege strekningane på vegen. Denne delen av arbeidet er finansiert ved hjelp av tilskotta på til saman 21 millionar kroner frå fylkeskommunen, dei to kommunane og BKK.

Det er ein føresetnad at fylkesvegstrekninga mellom Stamnes og Mo blir omklassifisert til riksveg når prosjektet til 41 millionar kroner er fullført.

Lagt inn 13 mai 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen