Historisk arkiv

Riksvegferjene: Ingen reduksjonar i rutetilbodet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

13 mai 1997

Riksvegferjene:

Ingen reduksjonar i rutetilbodet

Samferdselsdepartementet legg til grunn at rutetilbodet for riksvegferjene i år skal førast vidare på om lag same nivå som i 1996.

Dette går det fram av ei orientering som er tatt inn i eit framlegg frå regjeringa om ein del saker som gjeld veg- og jernbaneformål.

I orienteringa blir det vist til at vegsjefane i fylka forhandlar med reiarlaga om rutetilbodet innanfor konsesjonsområdet til det enkelte reiarlag. - Forhand- lingane for 1997 er i sluttfasen. Etter det Samferdselsdepartementet kjenner til er det berre i Møre og Romsdal at forhandlingane har ført til nemnande reduksjonar. Hovudinntrykket frå forhandlingane i dei andre fylka er at det tilbodet som var i 1996 blir ført vidare i 1997. Nokre forbetringar av tilbodet ligg òg inne, som i sambanda Bruvik - Brimnes i Hordaland og Bodø - Moskenes i Nordland, går det fram av orienteringa.

Samferdselsdepartementet har bede Vegdirektoratet om å vurdere situasjonen etter at forhandlingane med reiarlaga er avslutta. - Dersom gjennomgangen til Vegdirektoratet skulle vise at det er gjennomført reduksjonar i rutetilbodet av nemnande omfang, vil vegkontora på nytt ta opp forhandlingar med reiarlaga om å oppjustere tilbodet. Eventuelle forhandlingar må ha som utgangspunkt at det skal vere rom for lokale justeringar i rutetilbodet ut frå endringar i lokale forhold frå 1996 til 1997. For Møre og Romsdal legg departementet opp til at ruteopplegget for 1996 skal vidareførast. Justeringa i rutetilbodet i Møre og Romsdal og eventuelle forhandlingar om justeringar av ruteopplegg i andre fylke, vil bli gjennomførte ved omprioriteringar innanfor tildelt ramme til riksvegvedlikehald til det enkelte fylke for 1997, går det fram av orienteringa.

Lagt inn 13 mai 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen