Historisk arkiv

Styrking av miljøfagleg kompetanse i Statens vegvesen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

28.5.97

Styrking av miljøfagleg kompetanse i Statens vegvesen

Vegdirektoratet og vegkontora skal styrkje den miljøfaglege kompetansen, med særleg vekt på naturfag og kulturminnevern. I tillegg skal den generelle miljøkompetansen betrast på leiarnivå og elles i Statens vegvesen.

Dette opplyste statssekretær Torstein Rudihagen i Samferdsels-departementet i dag, ved ein konferanse i Trondheim. Statssekretæren viste til at Samferdselsdepartementet no har godkjend eit forslag frå Vegdirektoratet til ein toårig plan for heving av miljøkompetansen i Statens vegvesen. Planforslaget blei utarbeidd etter initiativ frå samferdselsminister Sissel Rønbeck i januar i år.

I samband med godkjenning av planen viser Samferdselsdepartementet til at større vekt på naturfag og kulturminnevern ikkje må gå ut over den kompetansen som Statens vegvesen treng på andre viktige miljøområde. - Statens vegvesen må mellom anna framleis ha ein fullgod kompetanse når det gjeld støy og lokal luftforureining. Oppfølginga av den komande forskrifta til forureiningsloven om grenseverdiar for lokal luftforureining og støy set strenge krav til kompetansen på desse områda. I arbeidet med å byggje opp miljøkompetansen bør ein også utvikle vidare det samarbeidet ein i dag har med dei statlege miljøetatane, det vil seie med Riks-antikvaren, Direktoratet for naturforvaltning og Statens forureiningstilsyn, går det fram av eit brev frå Samferdselsdepartementet til Vegdirektoratet.

Lagt inn 28 mai 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen