Tilleggsløyving på 10 millionar kroner til hovudplanlegging
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Jagland
Utgiver: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Dato: 13.05.1997 | Sist oppdatert: 21.10.2006
Pressemelding
13 mai 1997
Ringeriksbanen:
Tilleggsløyving på 10 millionar kroner til hovudplanlegging
Regjeringa har i statsråd i dag gjort framlegg om ei tilleggsløyving på 10 millionar kroner over statsbudsjettet for 1997 til arbeid med hovudplanlegging av Ringeriksbanen, det vil seie ny jernbane mellom Sandvika og Hønefoss.
I statsbudsjettet for 1997 er det sett av 10 millionar kroner til hovudplanlegging, med utgangspunkt i val av "ein korridor". Framlegget om ei tilleggsløyving på 10 millionar kroner har samanheng med at Stortinget i november i fjor vedtok at det skulle gjennomførast hovudplanlegging for to ulike korridorar. Den eine korridoren omfattar "avgreining frå Sandvika og med traséføring vidare mot Hønefoss over Kroksund i Hole kommune", medan den andre korridoren gjeld "avgreining frå Sandvika og med traséføring vidare mot Hønefoss via Åsa".
Lagt inn 13 mai 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen