Historisk arkiv

"Den norske IT-vegen"

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Statssekretær Torstein Rudihagen

"Den norske IT-vegen"

Forelesing på datakrimkonferansen, Oslo 13. november 1996

Informasjons- og kommunikasjonsteknologien som gjer seg gjeldande på stadig fleire område. Det vert ofte sagt at denne teknologien er ei drivkraft som vil kunne endre vår kvardag og vårt samfunn like gjennomgripande som den industrielle revolusjon. Revolusjon eller ikkje. Det avgjerande er at det er ei utvikling som gir samfunnet vårt mange nye moglegheiter, samtidig som den gir oss klare utfordringar i høve til sentrale verdiar og rettar i det norske samfunn.

Det er ikkje mogleg å velje bort teknologien, men vi kan velje å utnytte dei moglegheitene den gir og velje å ha ei aktiv og offensiv haldning til dei samfunnsmessige utfordringane.

Det er motstridande trekk som er karakteristisk for utviklinga. Det opnar seg moglegheiter til ny verdiskapning, næringsutvikling, til kunnskapsspreiing og opplæring. Land og regionar blir knytt saman på ein ny måte som kan gi auka forståing for andre folk og kulturar. Den kan styrkje distrikta ved at avstandane får mindre å seie. Det offentlege og næringslivet kan bli effektivisert. Einskildmenneskets moglegheit til demokratisk deltaking kan bli styrkt. Det opnar seg nye moglegheiter for funksjonshemma til deltaking i arbeidslivet, i kulturaktivitetar o.s.b.

Ja, slik kunne eg optimistisk ha fortsett å rekne opp. Men samtidig har utviklinga trekk i seg som fort kan bli svært så negative om vi ikkje er klar over dei og tek omsyn til det i vår politikkutforming. Vi må handtere ei rekkje utfordringar som teknologien reiser i høve til verdiar og rettar som likeverd, like moglegheiter, forbrukaromsyn og personvern, informasjonstryggleik og opphavsrett, norsk språk og kultur og sjølvsagt datakriminalitet som er tema her.

Debatten og undersøkjingar vi har på gang viser at mange er opptatt av og fryktar dei negative konsekvensane for samfunnet og einskildmennesket. Men, vi verken kan eller bør skjerme oss for den teknologiske utviklinga, men vi bør så langt som råd er leggje rammer for korleis teknologien skal takast i bruk i det norske samfunnet - på ein slik måte at sentrale samfunnsverdiar og rettar blir teke vare på. Vår oppgåve er å leggje dei naudsynte rammevilkåra for at utviklinga skal vera i samsvar med dei overordna måla for vår politikk. Eit tryggare og meir rettferdig samfunn med arbeid for alle og auka livskvalitet for det einskilde menneske, slik det er formulert i Regjeringas langtidsprogram.

Arbeidet for å nå desse overordna måla, og heile breidden av spørsmål og utfordringar som utviklinga reiser, har vore utgangspunktet for arbeidet i Statssekretærutvalet for IT. Eit utval som vart sett ned av Regjeringa i mars i fjor og som framleis er i aktivitet.

Hovudmålet med statssekretæutvalet sin rapport "Den norske IT-veien. Bit for bit" har vore å leggje eit grunnlag for Regjeringa sitt arbeid med ein samordna norsk IT-politikk, og medverke til å definere felles mål og prioritering av satsingsområde.

Vi ønskjer å føre ein politikk der Noreg skal ligge i forkant og er i første rekke mellom moderne teknologinasjonar. Dei land, regionar og verksemder som klarer å ta i bruk IT på ein offensiv og positiv måte, har dei beste føresetnadene til auka verdiskaping, sysselsetjing og velferd. Vi må utnytte det rom teknologien gir for verdiskaping og auka livskvalitet, og leggje til rette slik at næringslivet og den einskilde har like gode rammevilkår i Noreg som i andre land.

Auka globalisering og internasjonal konkurranse gjer det naudsynt for norsk næringsliv å skaffe seg føremoner gjennom aktiv bruk av IT. Konsekvensane for sysselsetjinga kan bli svært så negative dersom norske verksemder ikkje arbeider for å ta i bruk ny teknologi. Vi kan bli låst fast i ein teknologi som fort blir forelda.

Men vi må ikkje stirre oss så blinde mot eit stadig jag etter ny vekst og verdiskaping at det vert skapt nye sosiale skiljeliner. Vi er opptatt av at det einskilde mennesket må kunne vere i stand til å tilpasse seg omstilling og samstundes kjenne ein sosial tryggleik i eit tid med samfunnsendringar. Alle må få moglegheit til å utnytte dei moglegheitane som vert skapt. Utdanning, livslang læring og kompetanse er nøkkelfaktorar i ein politikk for å få til dette.

På mange område vil styresmaktene måtte revurdere verkemidla for å styre mot fastsette mål. Eit døme på dette er avviklinga av eineretten på telesektoren. Einerett er ikkje lenger eit velegna verkemiddel for å sikre landsdekkande tenester til lågast mogleg pris, mykje på grunn av den teknologiske utviklinga. Derfor vil eineretten bli avvikla og nye styrings- og reguleringsmekanismer innført.

IT-utviklinga er i høgste grad internasjonal. Kommunikasjonen blir utan grenser. Problem som tidlegare kunne bli løyst nasjonalt, må no finne si løysing internasjonalt. Det blir difor viktigare enn tidlegare å delta og arbeide aktivt i internasjonalt samarbeid. Men den norske IT-vegen må først og fremst ta utgangspunkt i våre eigne verdiar og fortrinn..

Digitalisering og nye rutiner i produksjon og administrasjon - ei omlegging som skjer i alle land - reduserer behovet for arbeidskraft i tradisjonelle næringar, men skapar nye og store oppgåver i andre næringar. Innslaget av informasjonshåndtering og kommunikasjon veks i dei fleste bransjar og næringar. Den tradisjonelle IT-industrien, som består av data og elektronikk, vert utvida til nye område. Utviklinga i krysningsfeltet tele, kringkastings,- elektronikk og databransjen skapar ny næringsverksemd, og er i ferd med å utgjere meir enn 10 % av BNP. Vi har forventningar til at nye teletenester, nye programvareprodukt, nye digitale multimedieprodukt og reine informasjonsprodukt som gjev innhald til dei nye media, vil skape mange nye arbeidsplassar. I det heile kan vi sjå at teknologien gir eit positivt bidrag både til verdiskaping og sysselsetting.

Innføring av ny teknologi i nærings- og arbeidslivet fører til endringa av produksjonsprosessar, det skapast nye produkter og tenester, men den fører og til ny organisering. Vi får m.a. meir heimearbeid eller telependling. Vi ser og ein utvikling i retning av auka bruk av lausare arbeidskontrakter. Alt dette gjer at det blir nødvendig med ei vurdering av arbeidsrettslege forhold og avtalane mellom partane i arbeislivet. Vår utfordring er å sikre rammevilkår for arbeidslivet som er slik at vi tek vare på våre sosiale velferdsordningar og trygge arbeidsplassar og vårt høge nivå i høve til helse, miljø og sikkerheit.

Utgangspunktet i Noreg for å vere i forkant og dra nytte av teknologiutviklinga burde vere god. Vi har relativt sett høge investeringar i IT- og teleutstyr, enten det vert måla pr. innbygger eller i høve til BNP i heile verda. Vi har og stor utbreiing av informasjonsteknologi både i arbeidsliv og heime hos folk. Når det gjeld infrastruktur er vi og på høgde med det beste i verda. Og minst like viktig: Dei siste åra har vi gått frå å ha dei høgaste teleprisane til å vere mellom dei land i verda med lågast telekostnader.

Det som er imidlertid er viktig er korleis vi utnytter investeringane. Vi kan sjå at stadige omstillingar og endra arbeidsinnhald i arbeidslivet gjer det naudsynt å kunne tileigne seg ny kunnskap gjennom heile yrkeskarriera. Utdanning og livslang læring er difor eit sentralt område i den utviklinga vi ser rundt oss. Alle må få naudsynt kunnskap til å meistre teknologien og ta del i utviklinga.

Vi har store forventningar til elektronisk kommunikasjon og nettinfrastrukturen, og meiner elektroniske informasjonsnettverk kan effektivisere forretningsdrift og gi oss ei betre offentleg forvaltning. Men for å stimulere til brei bruk av elektronisk kommunikasjon i heile det norske samfunnet er det naudsynt å avklare ei rekkje tilhøve med omsyn til trykkleik, informasjonssikkerheit og beskyttelse. Gode løysingar på desse områda vil vere ein føresetnad for å kunne utnytte dei moglegheitene som ligg i elektronisk handel, elektroniske marknader og opne elektroniske betalingstenester.

Særleg har den voldsame fokusen på internett medverka til å aktualisere spørsmålet om datatryggleik. Det har vore talrike oppslag i pressa som har synt til øydeleggjande virus, piratkopiering, datasnoking og -innbrot. Vidare har det i det siste vore mykje oppstuss kring etablering av elektronisk betalingsformidling på internett.

Det er heilt klart at dersom ikkje tryggleiken i netta er god nok, vil brukarane vere tilbakehaldne med å bruke elektronisk kommunikasjon.

Regjeringa vil leggje til rette for at elektronisk kommunikasjon skal bli like akseptert, tillitsvekkande og juridisk haldbart som tradisjonell papirbasert skriftlig kommunikasjon og dokumentasjon. Vi må sikre løysingar som skapar tillit hos brukarane, til at informasjonen er rett og som sikrar at følsom informasjon berre blir handsama av autoriserte brukarar. Her ser vi for oss eit samarbeid mellom styresmaktene og privat sektor.

Spørsmålet om ei eiga norsk ordning for sertifisering av sikkerhetsprodukter og -systemer er under drøfting i Rådet for IT-sikkerhet som vert leia av Administrasjonsdepartementet, og der berørte departement og etatar deltek. Stortinget har i forbinding med handsaminga av statsbudsjettet for 1997 bedt Regjeringa om å leggje fram ei eiga sak om oppretting av eit sertifiseringsorgan for sikre dataløysingar. Regjeringa har merka seg dette, og vil kome tilbake til dette spørsmålet.

Utviklinga i Noreg på dette området må harmoniserast med den internasjonale utviklinga. Noreg er difor med i det pågåande arbeidet i EU når det gjeld utvikling av sertifiseringsordningar og ordningar for gjensidig godkjenning av sertifikat. Noreg er også aktiv med i OECD, der ein arbeider med retningslinjer for å samordne dei ulika landa sin politikk for bruk av kryptering og digitale signaturar.

Vi treng også løysingar for å sikre personvernet. Meir og meir informasjon finns i elektronisk form, og behovet for eit godt personvern aukar samtidig med at potensialet for manipulering med informasjon og einskildindividet aukar. Det dukkar opp mange problemstillingar i spenningsfeltet mellom misbruk og beskyttelse - mellom omsynet til individet og omsynet til samfunnets behov. Den medisinske forskinga er eitt av områda der teknologien opnar nye moglegheiter til å nyttiggjere personopplysningar. Samstundes er helseopplysningar noko av det som kjennest som mest sensitivt. Når eit register med sensitive personopplysningar gjer det mogleg å forebyggje sjukdomar, står vi overfor vanskelege avvegingar.

Motarbeiding av kriminalitet er eit anna område der vi kan hauste føremoner av ny teknologi. Som og statsadvokat Bush var inne på aktiv bruk av IT kan gjere politiet betre i stand til å bekjempe mange former for kriminalitet, både nasjonalt og internasjonalt. Og eg har lagt merke til at i "Trude-saka" i Geiranger, har politiet nytta elektroniske spor i form av mellom anna bankkort og mobiltelefonbruk for å kunne medverke til ei oppklaring. I etterforskinga av alvorlege brotsverk kan elektronisk lagra materiale medverke til at t.d ein drapsmann kan verte funnen.

Utfordringa er å skape eit regelverk som kan tek vare på personvernet, men som samstundes gjer det mogleg å utnytte teknologiens moglegheiter. Det såkalla Skaugeutvalet, som foretar ein gjennomgang av personregisterlovgjevinga, ser mellom anna nærare på desse spørsmåla. Utvalet skal leggje fram si innstilling innan 1. mars 1997.

Vi kan også sjå at meir utbreidd bruk av elektronisk kommunikasjon aukar moglegheitene for spreiing av uønska innhald, t.d. vald, pornografi og rasisme. Den teknologiske utviklinga gir oss mindre moglegheiter til ei effektiv offentleg regulering av tilgangen på programmateriale med uønska innhald. Dersom vi t.d. legg begrensningar på kva som kan takast inn av informasjon via nettverkstilkopling til Internett hos operatørar i Noreg, er det likevel fullt mogleg via telenettet å ringe opp ein database kvar som helst i verda - og via modem koble seg til databaser eller internett der.

Samstundes som det er vanskeleg å kontrollere innhaldet i netta, er det likevel ikkje slik at dette er eit ikkje-regulert område. I Noreg som i dei fleste andre land, er det slik at eksisterande lovgjeving dekkjer stort sett innhaldet på databasar innanfor det einskilde land sin juridiksjon. Det er altså slik at dei same lovene som gjeld elles i samfunnet også gjeld i IT-verda. Men det er heilt klart naudsynt å arbeide for å få til bindande internasjonale reguleringar på dette området, og slik at vi kan få til internasjonalt samarbeid mellom anna om haldningskampanjar.

Som vi ser utfordrar utviklinga oss på mange område. Vi har prøvd å gripe fatt i desse utfordringane, både i arbeidet med IT-rapporten og i oppfølginga etterpå.

IT-rapporten inneheld vel 30 politikkformuleringar og 60 forslag til tiltak for byggje den norske IT-veien. I høringsrunda var det mange som etterlyste konkret oppfølgjing. Politikk- og tiltakspunkta i rapporten er no til vurdering og oppfølgjing i dei ulike departementa. Departementa er ansvarlege for bruk av IT innanfor eigne ansvarsområde, og må setje dei ulike tiltaka ut i livet og finne rom for desse på sitt budsjett. Når det er sagt, vil eg samtidig understreke at "suksessen" til denne rapporten ikkje kan målast i vekst på budsjettet. Svært mange av tiltaka vil bli følgd opp i form av regelendringar og administrative tiltak som ikkje krevjer bevilgningsmessige utteljingar. Ellers så vil privat sektor også ha ei avgjerande rolle og ansvar for utviklinga.

Regjeringa si samla satsing på IT for 1997 er omtalt i statsbudsjettet. Det er ei rekke tiltak i mange departement som er ei oppfølging av problemstillingar og forslag i vår rapport. Eg tenkte berre å nemne eitt punkt som gjeld Regjeringa sitt 1997-budsjett for justissektoren, som har samanheng med satsinga på informasjonsteknologi:

Justisdepartementet vil i 1997 sette i gang ei kartleggjing av rettsreglar som kan endrast for å betre rammevilkåra for elektronisk kommunikasjon. Bakgrunnen for dette er at uklarheter i eller manglande oppdatering av rettsreglar ikkje bør vere eit hinder for at slik kommunikasjon vert nytta eller påberopt som bevis. Problema vil verte kartlagt i samarbeid mellom styresmaktene, næringslivet og andre berørte.

Politikken på IT-området vil måtte vera dynamisk, men Regjeringa vil gjennom den varsla utgreiinga for Stortinget om IT-politikken trekkje sine førebelse konklusjonar med omsyn til kva som bør vere den "Den norske IT-veien". Ein veg som då vil vere staka ut på grunnlag av rapporten frå Statssekretærutvalet, synspunkter i høyringsrunda, den omfattande debatten som har vore og den konkrete oppfølgjinga som departementa har lagt opp til.

Lagt inn 15 november 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen