Historisk arkiv

Statsministerens program uke 18

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Statsministerens kontor

Pressemelding

Nr. 49/97
Dato: 25. april 1997

Statsministerens program uke 18

Måndag 28. april kl. 11.30 er statsministeren med i delegasjonen på Slottsplassen i Oslo når kongen tek imot kong Albert av Belgia til statsgjesting i Noreg. Kl. 20.00 er han mellom gjestene på kongeparet sin middag for det belgiske kongeparet, på Akershus festning.

Tysdag 29. april kl. 11.30 tek statsministeren imot presidenten i Sametinget, Ole Henrik Magga, til samtale på Statsministerens kontor. Det er høve til å fotografere. Kl. 11.30 er statsministeren vert under regjeringa sin lunsj for det belgiske kongeparet, på Bristol Hotell i Oslo. Ein pool av pressefolk som er akkrediterte via Utanriksdepartementet sitt pressekontor - telefon 22 24 34 41 - har høve til å vere til stades ved innleiinga og under talane.

Onsdag 30. april er statsministeren på samrådsgjesting i Akershus. Han kjem til Skedsmotun aldersheim kl. 08.30. Fram til kl. 10.15 møter han dei som bur der, utan presse til stades. Kl. 10.15 møter han dei tilsette same staden. Vi kjem attende med fleire detaljar om denne dagen.

Torsdag 1. mai kl. 09.00 deltek statsministeren i 1. mai-arrangement på Grünerløkka eldresenter i Oslo. Kl. 10.00 held han appell ved statuen av Eilert Sundt. Kl. 12.00 held han tale for dagen på Youngstorget i Oslo, og kl. 13.30 er han med på 1. mai-arrangement i Oslo Arbeidarsamfunn.

Lagt inn 25 april 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen