Historisk arkiv

-NATO-utviding i 1999, seier Utenriksminister Godal.

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr.156/96
25. november 1996

-NATO-utviding i 1999, seier Utenriksminister Godal.

-NATO bør ønskja nye medlemmer velkomne til 50-årsmarkeringa i 1999. Det sa utanriksminister Bjørn Tore Godal i sitt årlege tryggingspolitiske foredrag i Oslo Militære Samfund i dag. Godal slutta seg dermed til dei synspunkt som president Clinton ga uttrykk for tidlegare i haust.

Utanriksminister Godal tok og til orde for ein samarbeidsavtale mellom NATO og Russland. - Det ville vera gunstig om vi kunne nå fram til ein slik samarbeidsavtale innan toppmøtet i 1997, sa Godal og understreka at den må innehalda ei permanent konsultasjonsordning på høgt nivå. - Dette vil bl.a. medføra jamlege møte på utanriks- og forsvarsministernivå og toppmøte ved særlege høve. Vi må vera innforstått med at ei slik konsultasjonsordning inneber noko meir enn vilje til å lytta til russiske synspunkt. Føremålet må vera å gje Russland reell medverknad i styrkinga av europeisk tryggleik, sa utanriksministeren.

- Utplassering av taktiske kjernevåpen og troppar på nye medlemsland sitt territorium er uaktuelt. Det er heller ingen føresetnad for integrering av nye medlemsland i NATOs militære struktur, sa Godal. - Restriksjonar når det gjeld kjernevåpen og framande styrkar må det likevel vera det enkelte medlemsland som avgjer. Dette er eit viktig prinsipp som det er i norsk interesse å understreka.

Utanriksminister Godal sa i foredraget at tida no er inne til å bringa Alliansens politiske forhold til partnarlanda inn i ein ny fase. - Behovet for politisk samarbeid er større og tida er mogen for å gå betydeleg lengre. Mykje talar for at vi etter kvart bør slå saman det sivile og militære samarbeid som i dag føregår i NACC (Det nordatlantiske samarbeidsråd) og PFP (Partnarskap for fred). Eit permanent partnarskapsråd kan fungera som politisk overbygning for det praktiske samarbeidet. Det kan gje oss eit politisk forum for drøfting av saker om europeisk tryggleik. Dette kan omfatta spørsmål vedrørande praktisk krisehandtering. Eit slikt råd vil og kunna vera styringsorgan for utviklinga av det militære og sivile samarbeidet mellom Alliansen og partnarlanda, sa utanriksminister Bjørn Tore Godal. Utanriksminister Godal ga i denne samanhang uttrykk for støtte til oppretting av eit Atlantic Partnership Council slik den amerikanske utanriksminister Warren Christopher foreslo i ein tale Stuttgart i september i år.

Lagt inn 26 november 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen