Historisk arkiv

Noreg tek del i den sjuande kapitalpåfyllinga i Det afrikanske utviklingsfondet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr. 153/96
22. november 1996

Noreg tek del i den sjuande kapitalpåfyllinga i Det afrikanske utviklingsfondet

Regjeringa har i statsråd idag lagt fram forslag for Stortinget om at Noreg tek del i den sjuande kapitalpåfyllinga av Det afrikanske utviklingsfondet (AfDF) i Den afrikanske utviklingsbanken med eit tilskott på 613 mill. kroner over tre år i 1996-98. Noregs del av påfyllinga utgjer 3,54 prosent, og er eit resultat av forhandlingar som har pågått sidan 1993.

Problem med drifta av banken og usemje mellom dei ikkje-afrikanske medlemslanda og låntakarlanda om viktige element i utlånspolitikken tok mykje tid i forhandlingane. Uvisse om bidrag frå enkelte av dei store gjevarane førte og til at forhandlingane om påfyllinga drog ut. Dei nordiske landa har samarbeidd tett og saman spela ei viktig rolle i tingingane.

Resultatet vart ei samla påfylling på 2,02 milliardar dollar.

Fondet blir administrert av Den afrikanske utviklingsbanken (Afrikabanken). Det yter bistand til dei fattigaste utviklingslanda i Afrika i form av rentefrie lån med lang tid for tilbakebetaling. Afrikabanken arbeider for å fremje økonomisk og sosial utvikling, tilbyr fagleg rådgjeving til låntakerlanda i samband med långjevinga og arbeider for å fremje private og offentlege investeringar på kontinentet. Den største sektoren for fondet sine utlån har tradisjonelt vore landbruk, som utgjer rundt 30 prosent. Deretter følgjer transportsektoren som ligg på om lag 20 prosent. Rundt 17 prosent av låna har gått til sosial sektor.

Det Kgl. Utenriksdepartement, 22. november 1996

Lagt inn 22 november 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen