Historisk arkiv

Regjeringa legg fram forslag om å opprette eit statleg investeringsfond for utviklingsland

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr.146/96
15. november 1996

Regjeringa legg fram forslag om å opprette eit statleg investeringsfond for utviklingsland

Regjeringa vedtok i Statsråd i dag å fremje forslag for Stortinget om å opprette "Statens investeringsfond for næringsverksemd i utviklingsland". Ein planlegg at Fondet skal vere i verksemd frå nyåret.

- Fondet vil vere eitt av fleire nyttige reiskap i arbeidet med å skape sårt tiltrengd økonomisk aktivitet i mange utviklingsland. Etableringa av eit slikt fond er eit viktig steg i Regjeringa sitt arbeid med å stimulere til auka investeringar i utviklingsland, seier u-hjelpsminister Kari Nordheim-Larsen. Med eit slikt verkemiddel vil Noreg også kome på line med andre industriland på dette området. Ho understrekar at prosjekta sjølvsagt må utviklast av investorane sjølve og at det er investorane som må stå for størstedelen av finansieringa.

Føremålet med Fondet vil m.a. vere å stille med risikovillig eigenkapital og lån for å utvikle berekraftig næringsverksemd i landa i sør. Fondet skal berre gå inn som minoritetseigar i dei enkelte prosjekta. Fondet kan gå inn i eit prosjekt med eit samarbeidsselskap der også lokale interessentar er med eller saman med ein norsk investor åleine. Dessutan vil Fondet kunne gje stønad til lokale finansieringsinstitusjonar for vidarelån frå desse til lokale små og mellomstore prosjekt. Ein vil stille forretningsmessige krav til medverknad i enkeltprosjekt.

Fondet skal normalt berre operere i land som har eit årleg inntektsnivå pr. innbyggjar på under 20.000 kr. Dette vil gje Fondet den fattigdomsprofilen det er meint å skulle ha. Verksemda skal elles drive i samsvar med dei grunnleggjande prinsippa for norsk utviklingshjelp.

Lagt inn 15 november 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen