Historisk arkiv

Regjeringa ettergir Guyana si gjeld til Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr. 77 /97
23. mai 1997

Regjeringa ettergir Guyana si gjeld til Noreg

Regjeringa vedtok i Statsråd 23.05.97 å ettergi staten Guyana si gjeld til Noreg.

Vedtaket bygger på ein tidlegare avtale i Parisklubben der dei statlege kreditorane ga landet ei gjeldsavskriving på 67 pst. Noreg har no valt og å ettergi heile den norske fordringa på om lag 10 mill kroner.

Landet høyrer til gruppa av dei aller fattigaste utviklingslanda.

Guyana er eit av dei landa som kan få ytterlegare gjeldslette gjennom det gjeldsinitiativet som Verdsbanken og Det internasjonale valutafondet har teke for dei fattigaste og mest gjeldstyngde landa.

Landet har i dei seinare åra hatt ei positiv økonomisk utvikling, og trass i små ressursar har landet heile tida betalt gjelda si på ein særs god måte.

Det Kgl. Utanriksdepartement, 23. mai 1997

Lagt inn 23 mai 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen