Historisk arkiv

Regjeringa føresleg at Noreg tek del i den fjerde påfyllinga i Det internasjonale fondet for jordbruksutvikling (IFAD) med 118 millionar kroner

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr.82/97
Dato: 30. mai 1997

Regjeringa føresleg at Noreg tek del i den fjerde påfyllinga i Det internasjonale fondet for jordbruksutvikling (IFAD) med 118 millionar kroner

Det internasjonale fondet for jordbruksutvikling, IFAD, var føreslege oppretta på Verdas Matvarekonferanse i 1974, og har vore i verksemd sidan 1978. Fondet tilbyr lån på gunstige vilkår for å auke matproduksjonen i dei fattigaste utviklingslanda og for å betre levekåra for dei fattige på landsbygda.

Eit særetrekk ved IFAD var at fondet vart oppretta med like store bidrag frå OPEC-landa og OECD-landa. Ved tidlegare kapitalpåfyllingar på åttitallet skjedde det ei forskuving i byrde-fordelinga mellom dei to land-gruppene, slik at OECD-landa etter kvart sto for tyngden av finansieringa. Dette førte til at forhandlingane om den fjerde påfyllinga vart prega av OECD-landas krav om at dette måtte få følgjer for styringsstrukturen i fondet. Det vart etter lange forhandlingar semje om å tilføre fondet omlag 430 mill US dollar over tre år, der OECD-landas bidrag er på meir enn 70 prosent. Denne kapitalpåfyllinga vart knytta til eit vedtak om ei endring i fordeling av stemmer og styreplassar i favør av dei landa som har ytt mest, men slik at låntakarlandas innflytelse vert uendra. Resultatet er mellom anna at Noreg og Sverige åleine no vert ei eige valgruppe.

Noregs del av påfyllinga er omlag 4,2 prosent, og inneber eit bidrag på vel 118 mill kroner.

Lagt inn 30 mai 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen