Historisk arkiv

Utanriksminister Godal: - Positive resultat av samarbedsprogrammet for Sentral- og Aust-Europa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr.62/97
2. mai 1997

Utanriksminister Godal:

- Positive resultat av samarbedsprogrammet for Sentral- og Aust-Europa

- Samarbeidsprogrammet for Sentral- og Aust-Europa har gitt positive resultat og ført til eit stadig aukande samarbeid med dei sentral- og aust-europeiske land. På ei rekke område er det kome i stand samarbeid mellom norske og aust-europeiske verksemder og fagmiljø. Det sa utanriksminister Bjørn Tore Godal då han la fram årsrapporten for 1996 på ein pressekonferanse i Oslo i dag.

Samarbeidsprogrammet starta i 1992. Fram til i dag er det nytta 1.894 millionar kroner til hjelp og samarbeid med reformlanda i aust. - Ei av målsetjingane med programmet er at det skal støtta norsk næringslivs aukande satsing i dei aust-europeiske land og utløysa samarbeidsprosjekt og engasjement hos dei deltakande partar. - Sidan starten har Samarbeidsprogrammet utløyst midlar frå norsk og aust-europeisk side som er tre gonger så store som den statlege støtta, sa utanriksminister Godal.

- Eit viktig mål med samarbeidsprogrammet er å medverka til stabilitet, utvikling og trygging av demokratiet og støtta den økonomiske reformprosessen i dei sentral- og aust-europeiske land. Framvoksteren av ein marknadsorientert og berekraftig økonomi er av avgjerande betydning for at desse landa skal få sin rettmessige del av dei goder som kjenneteiknar dei demokratiske veldferdssamfunn, sa utanriksministeren og understreka at det enno er langt fram før reformprosessen er fullført.

Dei prioriterte geografiske områda for Samarbeidsprogrammet er Nordvest-Russland og dei baltiske land. I 1996 stod prosjekt i Barentsregionen for 117 millionar kroner av den totale løyvinga på 386 millionar. For 1997 er det sett av 269 millionar kroner i støtte til dei sentral og aust-europeiske land.

Lagt inn 2 mai 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen