Historisk arkiv

Utanriksminister Godal 1. mai-tale på Stange

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr.:61/97
1. mai 1997

Utanriksminister Godal i 1. mai-tale på Stange:

- Utanriksdepartementet tar initiativet til "klagelinje" for norske bedrifter i EØS-saker.
Norge arrangerer internasjonal konferanse om forbod mot miner.

- Utanriksdepartementet vil ta initiativet til å oppretta ei eiga "klagelinje" for norske bedrifter i EØS-saker. Det sa utanriksminister Bjørn Tore Godal i sin 1. mai-tale på Stange. Bedriftene skal her kunna henvenda seg med sine klagemål over handelshindringar eller diskriminering som dei møter i den indre marknaden. Nærings- og handelsdepartementet har tidlegare teke initiativet til oppretting av eit eige kompetansesenter for å støtta norsk næringsliv i utlandet.

- Hedemarksbedrifta Moelven (Nordia) sine problem med å få ein kontrakt i Belgia nyleg, viser at det er nødvendig med ei aktiv linje både frå styresmaktene og næringslivet si side for å sikra at EØS-reglane blir følgt opp innanfor EØS-området, sa utanriksminister Godal. I ein rapport frå NHO som vart lagt fram i fjor haust, rapporterte 75 av 100 bedrifter at dei opplevde handelshindringar.

- Utanriksdepartementet vil på grunnlag av henvendingane frå næringslivet, ta opp prinsippielle saker med dei relevante EU-organ. Norske styresmakter vil og aktivt støtta dei enkelte bedrifter når dei treng hjelp i konkrete saker, sa utanriksministeren.

Utanriksminister Bjørn Tore Godal opplyste og i 1. mai-talen på Stange at Norge i september vil arrangera ein større internasjonal konferanse i Oslo som eit ledd i arbeidet med å koma fram til ein avtale som forbyr antipersonellminer. - Bruk av antipersonellminer mot sivile er eit av vår tids største humanitære problem, sa utanriksministeren og tok til orde for ei snarleg inngåing av ein internasjonal avtale om totalforbod mot denne type miner.

Norge deltar i ei kjernegruppe på 11 land som har ein særleg pådrivarrolle i forhandlingane. Møtet i Oslo har som mål å koma fram til ein ferdig avtaletekst som så kan underteiknast i Ottawa innan utgangen av året.

Konferansen vil samla deltakarar frå over 100 land og vil truleg strekkja seg over to veker.

Lagt inn av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen