Historisk arkiv

Utanriksminister Godal i 1. mai-tale på Hamar: Norge med nye tiltak mot Iran og Burma

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr. 60/97
1. mai 1997

Utanriksminister Godal i 1. mai-tale på Hamar:

Norge med nye tiltak mot Iran og Burma

- Norge vil trekkja tilbake tollpreferanseordninga (GSP) med Iran og Burma (Myanmar). Det sa utanriksminister Bjørn Tore Godal i sin 1. mai-tale på Hamar. Iran og Burma har til no vore omfatta av den generelle norske tollpreferanseordninga for import frå utviklingsland. Norge har tidlegare bare trekt tilbake GSP ved eitt høve. Det var i forhold til Jugoslavia i 1991.

- Norge har eit aktivt internasjonalt engasjement for menneskerettane. Bilateralt ønskjer vi å fremja desse gjennom dialog og positive verkemiddel. Men overfor enkelte regime fører ikkje dialog fram, sa utanriksminister Godal. - Dødsdommen (fatwaet) mot forfattaren Salman Rushdie og dommen i den såkalla "Mykonos"-saka der iranske styresmakter vart haldne ansvarlege for terrorhandlingar i utlandet, er eit grovt brot på grunnleggjande menneskerettsprinsipp og normer for mellomfolkeleg samkvem, sa Godal.

Norge har på einsidig basis sett i verk ei rekke tiltak overfor Iran som stans i eksportgarantiar for handel og investeringar. Vidare vil Norge motsetja seg at det blir gitt nye lån frå Verdsbanken til Iran. Norge går mot iransk medlemskap i Asia-banken og har vore med på å blokkera iransk medlemskap i WTO. Sidan 1995 har dessutan vår diplomatiske representasjon i Teheran vore redusert til chargé d'affaires nivå.

- Eit anna tilfelle er Burma der militærregimet bl.a. driv ei aktiv forfølging av opposisjonelle, sa utanriksminister Godal. - Vi oppmodar norske verksemder til ikkje å handla med eller investera i landet i dagens situasjon. Tidlegare har Norge innført visumrestriksjonar for besøkjande frå Myanmar, stans i besøk til landet på høgt nivå og våpenembargo.

- Bare ein samordna politikk vil på sikt kunna ha nokon verknad overfor land som Iran og Burma, sa utanriksminister Godal og tok til orde for skjerpa internasjonale sanksjonar.

Lagt inn 2 mai 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen