Historisk arkiv

Lovframlegg om skadebot etter trafikkulukker

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Justis- og politidepartementet

Bilpassasjerar vil lettare kunne få skadebot etter bilulukker der den skadde visste at føraren var påverka av alkohol eller andre rusmiddel. Det har Regjeringa gjort framlegg om i dag. (20.04.2001)

Pressemelding

Nr.: 64-2001
Dato: 20.04.01

Kontaktperson: lovrådgjevar Atle Torvund, telefon 22 24 53 64

Lovframlegg om skadebot etter promilleulukker

Bilpassasjerar vil lettare kunne få skadebot etter bilulukker der den skadde visste at føraren var påverka av alkohol eller andre rusmiddel. Det har Regjeringa gjort framlegg om i dag.

Framlegget inneber at bilansvarslova vert endra for å kome i samsvar med EØS-retten. Endringa kjem som ei direkte følgje av ei høgsterettsavgjerd som slo fast at ei føresegn i bilansvarslova var i strid med EØS-retten.

Lovframlegget går ut på at den skadde passasjeraren i slike tilfelle skal vurderast etter den vanlege regelen om medverking, sjølv om den skadelidne visste eller burde vite at føraren var påverka av alkohol eller anna rusmiddel. Dette inneber m.a. at skadebotkravet ikkje kan minkast dersom skadelidaren berre kan leggjast lite til last.

Heile lovframlegget finnar du i Ot. prp. nr 67 (2000-2001)