Historisk arkiv

Lise Sandsbråten ny avdelingsdirektør i Samferdselsdepartementet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Lise Sandsbråten er i statsråd i dag konstituert i stilling som avdelingsdirektør i Samferdselsdepartementet, der ho skal vere leiar for Seksjon for trafikktryggleik, i Veg- og miljøavdelinga. (14.09.01)

Pressemelding

Nr.: 90/2001
Dato: 14.09.01

Lise Sandsbråten ny avdelingsdirektør i Samferdselsdepartementet

Lise Sandsbråten er i statsråd i dag konstituert i stilling som avdelingsdirektør i Samferdselsdepartementet, der ho skal vere leiar for Seksjon for trafikktryggleik, i Veg- og miljøavdelinga.

Ho er 33 år gammal og er cand.polit, samfunnsøkonom, frå 1994. Sandsbråten vart i 1996 tilsett i Konkurransetilsynet, der ho sidan august i fjor har vore seksjonssjef og leiar for Seksjon for transport, bygg og eigedom.