Historisk arkiv

Administrasjonsministerens avgjerd vedr. bransjeavtalen for bokomsetning - invitasjon til pressekonferanse

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Administrasjonsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Administrasjonsdepartementet


Nr. 11/96

Dato: 28.03.96

Administrasjonsministerens avgjerd vedr. bransjeavtalen for bokomsetning - invitasjon til pressekonferanse

Frå Konkurransetilsynet har Administrasjonsdepartementet fått oversendt til behandling klager frå Den norske Forleggerforening og Den norske Bokhandlerforening over Konkurransetilsynets vedtak av 21. november 1995 vedr. ny bransjeavtale for bokomsetning.

Konkurransetilsynet har halde fast ved sitt vedtak i saka. Vedtaket går ut på å gi dispensasjon frå konkurranseloven for bransjeavtalen, men på vilkår av at bransjeavtalen ikkje skal omfatte skulebøker, fagbøker og lærebøker, og at punkta om bokklubbar og prismerking av bøker blir tatt ut or avtalen.

Klagene er nå ferdigbehandla av Administrasjonsdepartementet, og administrasjonsminister Nils Totland har tatt ei avgjerd i saka.

Administrasjonsministeren vil presentere og grunngi si avgjerd på ein pressekonferanse fredag 29. mars kl. 13.00.

Pressekonferansen vil finne stad i Auditoriet i det nye regjeringsbygget R5, Akersgata 59.

Auditoriet ligg i underetasjen, med inngang gjennom hovudinngangen frå Akersgata. Ein viser pressekort eller denne invitasjonen til vaktpersonalet.

Kontaktperson: Informasjonssjef Leiv Ellingsen, telefon 22 24 46 09.


Lagt inn 28 mars 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen