Historisk arkiv

Framleis fastprissystem for lærebøker

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgjevar: Administrasjonsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Administrasjonsdepartementet


Nr. 13/96

Dato: 29.03.96

Framleis fastprissystem for lærebøker

Administrasjonsminister Nils Totland har i dag avgjort at systemet med faste bokprisar også skal gjelde skolebøker og fagbøker. Konkurransetilsynet fastsette i november i fjor at fastprissystemet for skolebøker og fagbøker i bokbransjeavtalen må opphevast. Det er klagen frå Den norske forleggerforening og Den norske bokhandlerforening over dette vedtaket som Totland nå har avgjort. På ein pressekonferanse i Oslo i dag sa statsråden at saka ikkje har vore enkel, og at det har vore mange kryssande omsyn å ta.

- Så lenge vi ikkje har utvikla klare alternativ som sikrar viktige kulturpolitiske mål, vurderer eg det slik at det er nødvendig å oppretthalde bokbransjeavtalen, trass i dei positive konkurransepolitiske verknadene ei deregulering på dette området ville ha, sa Totland. Han påpeikte at bransjeavtalen har mye å seie for sentrale kulturpolitiske målsettingar. Blant desse er å oppretthalde eit stort bokhandlarnett for å sikre at både brei og smal litteratur blir godt tilgjengeleg over heile landet. Eit anna av fleire moment statsråden la vekt på, var at det framleis skal vere mogleg å utgi parallellutgåver av lærebøker i begge målformer til lik pris over heile landet.

Totland kunne godt forstå Norsk elevorganisasjon som meiner det er urimeleg at delar av finansieringa av kulturpolitikken blir velta over på elevar med slunkne lommebøker. I denne samanheng såg han med interesse på framlegget frå tre av Arbeidarpartiets unge stortingsrepresentantar om å etablere eit system for lærebøker i vidaregåande skole. - Dersom vi lukkast med dette, vil det bli mogleg å utnytte lærebøkene betre, og på den måten få ned elevanes kostnader til læremiddel, sa Totland.

Totlands avgjerd inneber at bokbransjeavtalen nå har fått dispensasjon frå føresegnene i Konkurranseloven til utgangen av 1999. Bransjeavtalen er ein avtale mellom forleggjar- og bokhandlarforeininga som regulerer omsetnaden av bøker, og som bl.a. fastset at det skal vere faste prisar på bøker over heile landet.

Kontaktperson: Byråsjef Helge Aske, Konkurransepolitisk avdeling, tlf. 22 24 47 86.


Lagt inn 29 mars 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen