Historisk arkiv

Justering Av Leiarlønnsordninga I Staten

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Administrasjonsdepartementet

Pressemelding Statsbudsjettet 1997

32/96, 4 oktober 1996

JUSTERING AV LEIARLØNNSORDNINGA I STATEN

Regjeringa går inn for ei justering av leiarlønnssystemet i staten frå 1.1.1997. I budsjettproposisjonen gjer Administrasjonsdepartementet (AD) greie for erfaringane med leiarlønnsordninga og retningslinjene for justering og vidareutvikling av systemet.

Administrasjonsdepartementet skal framleis ha ansvaret for plassering av stillingane i lønnskategori og regulering av basislønna. Nytt i ordninga er at kvart departement får fullmakt til å plassere stillingane på to eller tre ulike nivå innanfor kvar lønnskategori.

AD har under arbeid eit opplegg for offentleggjering av lønns- og tilleggsytingar for dei øvste leiarane i staten, og for betre kontrollrutinar ved inngåing og avvikling av kontraktar.

Leiarlønnsordninga blei sett i verk 1.6.91, etter at dei øvste leiarstillingane i staten var tatt ut av tariffområdet ved lønnsoppgjeret i 1990. Eit sentralt mål er å gjere staten tevlefør på arbeidsmarknaden, slik at statlege verksemder kan rekruttere og halde på dugande leiarar. Sentrale mål er og å auke leiarmobiliteten og å kunne stille klare resultatkrav til dei øvste leiarane og innføre faste rutinar for oppfølgjing av desse.

Pr 1.7.96 var det inngått 376 leiarlønnskontraktar. Det samla talet på kontraktar har vore svært stabilt over perioden. Kontraktane fordeler seg slik:
224 kontraktar i kategori 1 med basislønn kr 381 000.
95 kontraktar i kategori 2 med basislønn kr 433 500.
49 kontraktar i kategori 3 med basislønn kr 486 000.
8 kontraktar i kategori 4 med basislønn kr 538 500.

Ca. 30 % av leiarane på ordninga har individuelle tillegg utover basislønn. Desse er særleg innan konkurranseutsette sektorar. Gjennomsnittstillegget var kr 14 891 pr. 1.7.96. Toppleiar- lønn i større private bedrifter ligg omlag 75 % høgare enn leiarlønnssystemet i staten.

Sist oppdatert 4 oktober 1996 av Statens Forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen