Historisk arkiv

Lokale Krefter Får Overta Landeskogen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Administrasjonsdepartementet

Pressemelding Statsbudsjettet 1997

37/96, 4 oktober 1996

LOKALE KREFTER FÅR OVERTA LANDESKOGEN

Administrasjonsdepartementet foreslår i statsbudsjettet for 1997 å avhende eigedommen Landeskogen vederlagsfritt til lokale krefter. Eigedommen Landeskogen er eit gammalt sanatorium ved Byglandsfjord i Setesdalen som vart oppført i perioden 1912-17. Eigedommen er på om lag 7 600 kvadratmeter. Ein har ikkje lukkast med forhandlingar om overdraging av eigedommen med utgangspunkt i takst, som sette salsverdien til 6,5 mill. kroner. Eigedommen har også vore lagd ut for sal på den opne marknaden utan at det har meldt seg interessentar.

Lokale krefter har etablert eit eige interimstyre for Landeskogen og fått utarbeidd ein rapport med framlegg om at det blir skipa eit senter for helse, opptrening, opplæring og kultur på Landeskogen. Nasjonalforeininga for Folkehelsa og Bygland kommune har med bakgrunn i dette arbeidet meldt si interesse for å overta eigedommen vederlagsfritt til bruk for desse formåla. Administrasjonsdepartementet ber på denne bakgrunn om samtykke frå Stortinget til å avhende eigedommen vederlagsfritt for bruk til dei nemnde formåla.

Sist oppdatert 4 oktober 1996 av Statens Forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen