Historisk arkiv

Uendra Frakttilskott For Bensin

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Administrasjonsdepartementet

Pressemelding Statsbudsjettet 1997

35/96, 4 oktober 1996

UENDRA FRAKTTILSKOTT FOR BENSIN

Regjeringa foreslår at tiltaksgrensa for frakttilskott for bensin m.v. framleis skal vere 7 øre pr liter. Tilskottet gjeld bensin og autodiesel, og særtilskott til frakt for fyringsolje og parafin i Nord-Noreg. Det blir også foreslått uendra tilskottssatsar for dei øvrige særtilskotta til Nord-Noreg.

Det blir likevel budsjettert med lågare utbetalingar til fraktilskott for bensin og autodiesel enn i 1996. Til bensin og autodiesel reknar ein med å betale ut tilskott på 104 mill. kroner og til saærtilskott for Nord-Noreg 30,5 mill. I forhold til 1996 er denne posten redusert med ca. 26 mill. kroner, eller vel 16 prosent. Konkurransetilsynet har funne at distribusjonen av bildrivstoff er blitt meir effektiv. Det har ført til ei nedjustering av transportkostnadene som ligg til grunn for utbetalingane.

Sist oppdatert 4 oktober 1996 av Statens Forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen