Historisk arkiv

22 konferansar på 4 månadar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Barne- og familiedepartementet


Pressemelding
Barne- og familiedepartementet


13. februar 1996

Storsatsing i barnvernet:

22 konferansar på 4 månadar

Barne- og familiedepartementet vil i løpet av våren avvikle 22 konferansar rundt om i landet med tema informasjon og barnevern. Dette er eit samarbeid med fylkesmannsembeta.

- Ein god informasjon om barnevernet kan gjere kunnskapen større og misforståingane færre. Barneverntenesta må opnast meir for folk trass i at det er umogleg å informere om alle detaljane i barnevernet. Tilsette i barneverntenesta ønskjer å auke kompetansen sin for korleis dei kan formidle innhaldet i tenesta ut til folk. Difor startar vi desse konferansane, seier barne- og familieminister Grete Berget,

Den første av dei 22 konferansane startar i Bergen onsdag 14. februar på Scandic Hotel ved Flesland i Bergen.

Alle tilsette i kommunal og fylkeskommunal barnevernteneste som har informasjonsansvar og uttalerett i barnevernsaker er invitert til arbeidsseminaret i Bergen. Dei skal konkretisere planmessige informasjonstiltak i barnevernet basert på lokale og regionale tilhøve. Intensjonen er at deltakarane mellom anna skal få grunnleggjande kjennskap til informasjonsplanen for barnevernet. I tillegg skal deltakarane også få med seg attende til arbeidsplassen sin forslag til lokale informasjonstiltak med skisse for gjennomføring.

Målet med å satse på informasjonsplanen er mellom anna:

  • Betre barneverntenesta sin dialog med brukarane og folket.
  • Betre kunnskapsnivået om barneverntenesta sitt innhald, rettar og pliktar.
  • Auke legitimiteten til barneverntenesta i Noreg.

Informasjonssekretariatet i Barne- og familiedepartementet kan gi meir informasjon på telefon 22 24 24 07.


Lagt inn 14 februar 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen