Historisk arkiv

Barnehagetilsette fortener ros!

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Pressemelding

Nr. 96130
22.10.96

Statsråd Grete Berget på kommunekonferansen:

- Barnehagetilsette fortener ros!

Foreldra er i stor grad nøgde med barnehagetilbodet. Dei tilsette i barnehagane er entusiastiske - og innstilte på å utvikle barnehagen mot meir fleksibilitet og brukartilpasning. Dette er blant resultata i to ferske granskingar.

- Dei tilsette i barnehagane og dei som driv barnehagearbeidet i kommunar og fylke skal ha æra for slike resultat, fastslo barne- og familieminister Grete Berget på kommunekonferansen i Drammen tysdag.

Statsråd Grete Berget fann grunn til særskilt å framheve arbeidet som skjer i kommunane og barnehagane. Ho sikta primært til ei fersk gransking frå SIFO som viser at 42 prosent av foreldra har betre erfaringar med barnehagen enn dei sjølve hadde venta seg. Samstundes understreka statsråden kor viktig det er ikkje å sole seg for mykje i rosen.

- Tilfredse foreldre er eit godt utgangspunkt, men velnøye kan vere skummelt. Det kan nemleg føre til stagnasjon, men det kan også stimulere vilje til nye utfordringar. Det er det siste som må skje, poengterte Grete Berget.

I ei tid der det skjer veldig mykje i barnehagane, var statsråden oppteken av å anerkjenne dei barnehagetilsette:

- Omstilling er krevande og utfordrande, men det kan også vere utruleg spanande og lærerikt. Det finst heldigvis mange i barnehagane som er i stand til å ta desse utfordringane, sa statsråden.

Ho appellerte vidare til kommunen som styresmakt, arbeidsgivar og eigar å gi dei tilsette lovord for jobben dei gjer.

- Dei bør få ros, påskjønning og ære når dei fortener det. Samstundes må dei føle tryggleik for å verte tekne på alvor dersom dei vil prøve ut dristige tiltak. Dersom dei tilsette ikkje føler seg trygge, vil det avgrense engasjementet og viljen til å prøve ut nye tiltak, sa Grete Berget.

Statsråden minna også om dei viktigaste siktemåla med utviklingsprogrammet:

- Hovudutfordringane er fleire småbarnsplassar, eit meir brukastilpassa tilbod og dempa kostnadsvekst i barnehagesektoren. Desse tre faktorane er avgjerande for om vi skal kome i mål. Erfaringane i programarbeidet vert viktige for framtidas barnehagar, understreka Grete Berget.

Barne- og familieministeren trakk fram forslaget om eit eige omstillingstilskot i framlegget til statsbudsjett for neste år. - Omstillingstilskotet gir kommunar og andre barnehageeiarar økonomisk hjelp til å etablere fleire småbarnsplassar - anten ved å etablere nye eller tilpasse eksisterande plassar til dagens krav for småbarn og fleksibel bruk, sa Grete Berget.

Lagt inn 23 oktober 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen