Historisk arkiv

Gransking viser: 70 prosent av mødrene og 30 prosent av fedrene ønskjer foreldrerettleiing

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Pressemelding

Nr.96125
16.10.96

Gransking viser: 70 prosent av mødrene og 30 prosent av fedrene ønskjer foreldrerettleiing

Foreldre tenkjer og reflekterer over foreldrerolla, og mange veit mykje om barneoppdraging. Likevel viser ei gransking at 70 prosent av mødrene ønskjer foreldrerettleiing og om lag 30 prosent av fedrene.

- Begge foreldra er verdifulle for at barna får ein god omsorg, og dette krev at fedrene må bruke både meir tid på samt involvere seg sterkare i farsrolla, seier barne- og familieminister Grete Berget.

Ved utgangen av 1995 hadde landets kommunar etablert til saman 790 tiltak innan foreldrerettleiing og 37 kurs. Ytterlegare 354 foreldrerettleiingstilbod og 95 nye fedregrupper var då under planlegging. Mest truleg er over 1100 foreldrerettleiingstiltak etablert rundt om i heile landet i dag.

Mange foreldre er interessert i å få foreldrerettleiing, samstundes er fagfolk både på helsestasjonar og i barnehagane sugne på kunnskap om korleis dei skal snakke med foreldra om deira spørsmål. Med utgangspunkt i dette har Barne- og familiedepartementet laga informasjonsmateriell til både helsestasjonar, barnehagar, fagfolk og foreldre.

Statsråd Grete Berget vil lansere dei siste nyheitane på dette området på eit presseseminar i neste veke.

Noregs satsing på dette området har vakt internasjonal interesse etter at det er presentert i fleire samanhengar. Både materialet, tilbodet og måten rettleinga er organisert på gjer at det er stor interesse for og etterspørsel etter det norske foreldrerettleiingsprosjektet utanfor Noregs grenser.

Lanseringa skjer på Norges informasjonssenter, Sagarommet, Gamle Vestbanen. Tid: Måndag 21. oktober klokka 09.30 til 12.00

Lagt inn 17 oktober 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen