Historisk arkiv

Stafett mot vald

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet


Pressemelding
Barne- og familiedepartementet


25. juni 1996

Stafett mot vald

Dei unge har fått nok av vald og mobbing. Dei vil no ta eit skikkeleg oppgjer med dette problemet. Den 25. juni startar første etappe i det ungdom vonar skal verte ein landsomfattande stafett mot vald og mobbing. Start er Manglerud fritidsklubb i Oslo.

Stopp valden! Ikkje mobb vennen min! Dette er to slagord vi kjenner att frå både medie og buttons. Tysdag 18. juni går startskotet for Landsforeningen for fritidsklubber (LFK) sin stafett mot vald og mobbing, "Ung ressurs mot vold og mobbing". Målet med stafetten er å gi barn og unge som ønskjer å arbeide mot vald og mobbing i nærmiljøet sitt moglegheit til å gjennomføre tiltak og aktivitetar. Dette skal vere idear unge skal bytte seg i mellom.

  • Barn og unge vil ikkje ha ein kvardag som består av blod og tårar. Dei er opptekne av det motsette, seier barne- og familieminister Grete Berget. Ho markerer starten på stafetten i dag ved å gi 1.1 millionar kroner til LFK.
  • Vi veit ein god del om vald og mobbing blant unge i skuletida, men mindre om korleis det er i fritida deira. Vi støttar denne stafetten av di dette legg opp til at dei unge sjølv skal kunne arbeide fram gode idear og tiltak mot vald og mobbing for å gjere kvardagen og fritida tryggare, seier Grete Berget.

"Statuttane" seier at mindre grupper kan få inntil 10.000 kroner i støtte til sine tiltak, medan meir omfattande arbeid kan få inntil 50.000 i støtte.

Tiltaka i tilknyting til stafetten skal vere avslutta ved årsskiftet 1996/97.


Lagt inn 25 juni 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen