Historisk arkiv

Stafett mot vald

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet


Pressemelding
Barne- og familiedepartementet


24. juni 1996

Stafett mot vald

Landsforeningen for fritidsklubber (LFK) startar ein landsomfattande stafett mot vald og mobbing "Ung ressurs mot vold og mobbing" i Manglerud Allhus i Oslo.

Barne- og familieminister Grete Berget vil markere starten av stafetten saman med lokale kunstneriske innslag. BFD støttar prosjektet, og statsråden vil markere dette ved aksjonsstart.

Målet med stafetten er å la barn og unge som ønskjer å arbeide mot vald og mobbing lokalt, skal få moglegheit til å realisere konkrete tiltak og aktivitetar. Utgangspunktet for stafetten er å fokusere på korleis situasjonen er i fritida til dei unge, og la dei unge kome med idear til å betre og trygge kvardagen lokalt.

Stafetten startar i Manglerud Allhus, Beiteveien, (Manglerud Senter) tysdag 25. juni klokka 10.00.

Det vert mellom anna innslag av ei lokal gruppe.

For meir informasjon om " Ung ressurs mot vold og mobbing" kan redaksjonen ringe informasjonssekretariatet i BFD, tlf. 22 24 24 07.


Lagt inn 24 juni 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen