Historisk arkiv

Bygging og langtidsleige av det nye kystvaktfartøyet «Tromsø»

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Forsvarsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Forsvarsdepartementet

Nr. 011/96
Dato: 04.03.96

Bygging og langtidsleige av det nye kystvaktfartøyet «Tromsø»

Etter at kontrakta mellom Troms Fylkes Dampskipsselskap (TFDS) og Trønderverftet blei broten slik at kontrakta mellom Sjøforsvaret og TFDS om levering av Kystvaktskipet «Tromsø» ikkje kunne oppfyllast som avtalt, har det kome til semje med TFDS om levering av Kystvaktskipet «Tromsø» seinast 31 mars 1997.

Skroget skal bli bygd i Polen og fartøyet skal bli stilt ferdig i Noreg ved eit verft som har kapasitet og kompetanse til dette. TFDS må betale dagbøter i inntil tre månader dersom fartøyet ikkje er levert pr 31 mars 1996. Dei økonomiske rammene for leigeavtalen er ikkje endra i høve til den opphavelege kontrakta.

Sjøforsvaret leiger idag sju fartøy til oppsynsteneste i Kystvakta. Det er for det meste eldre tidlegare fiskefartøy. Leigeperiodane har hittil vore toårige med høve til fornying av leigekontaktraktene. Dei fleste av dei innleigde fartøya har vore leigde i meir enn ti år, og fartøya har ein gjennomsnittsalder på over 30 år. Kystvakta har difor behov for nye fartøy. Ein har difor arbeidd med å få istand leige av to fartøy som blir spesialbygde for oppgåvene i Kystvakta, mellom anna for å betre evna til olje- og miljøvern.

Sjøforsvaret inngjekk i mai 1995 kontrakt for langtidsleige av to kystvaktfartøy som Remøy Shipping og TFDS skulle få bygd. Fartøya skulle etter planen bli leverte våren/sommaren 1996. TFDS har seinare fått problem med å oppfylle kontrakta si. Selskapet inngjekk kontrakt med Trønderverftet for bygging av Kystvaktfartøyet «Tromsø», men i vinter meddelte Trønderverftet at det ikkje var istand til å fullføre prosjektet som planlagt. Trønderverftet vart difor løyst frå kontrakta med TFDS. TFDS ønskjer likevel å sluttføre kontrakta og har tilbode å oppretthalde dei same leigeprisane, men at det blir endring når det gjeld overlevering, som skal skje seinast 31 mars 1997.


Lagt inn 5 mars 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen