Historisk arkiv

Miljøvernsamarbeid mellom det amerikanske og norske forsvarsdepartement

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Forsvarsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Forsvarsdepartementet

Nr. 026/96
Dato: 09.05.96

Miljøvernsamarbeid mellom det amerikanske og norske forsvarsdepartementet

I dag blei det i Oslo underteikna fem vedlegg vedrørande prosjekt innan miljøvernsamarbeidet mellom det amerikanske og det norske forsvarsdepartementet. Prosjekta er delar av avtalen mellom det amerikanske og norske forsvarsdepartementet om miljøvernsamarbeid innan forsvarssektoren. Dei dekkjer samarbeid om metodar for å reinse grunn, grunnvatn og sjøsediment, standardar for støymåling av større våpen, undersøking av forplanting av impulsstøy frå våpen og giftverknader av jetbrensel.

Prosjekta vil betre informasjonsutvekslinga vedrørande problem, metodar og teknologi for å løyse eller redusere miljøproblem som følgje av militære aktivitetar. Gjennom desse prosjekta vil amerikanske og norske forsvarsstyresmakter dele forsknings- og utviklingsressursar for å utnytte eit større kunnskapsgrunnlag og unngå unødvendig duplisering av arbeid for å oppnå dei mest miljøvenlege og kostnadseffektive resultata.

Avtalen mellom det amerikanske og norske forvarsdepartementet om samarbeid om miljøvern innan forsvarsektoren byggjer på nytta som ein kan oppnå gjennom rasjonaliering, standardisering og såkalla interoperabilitet av både forsvarsmateriell og metodar for å identifisere og løyse miljøproblem som følgje av militære aktivitetar. Avtalen søkjer å utnytte på best mogeleg måte begge partar sine forsknings- og utviklingsressursar for i fellesskap å utvikle ny teknologi for å verne helse og miljø.


Lagt inn 10 mai 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen