Historisk arkiv

Endra reglar for produksjonsstans for lakseoppdrettarane i Finnmark

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgjevar: Fiskeridepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Fiskeridepartementet


NR. 78/95, 20. desember 1995

ENDRA REGLAR FOR PRODUKSJONSSTANS FOR LAKSEOPPDRETTARANE I FINNMARK

Fiskeridepartementet har endra reglane for gjennomføring av produksjonsstansen for oppdrett av laks for fiskeoppdrettarane i Finnmark. Dei nye reglane tek omsyn til dei særskilde tilhøva som gjeld for fisk i oppdrettsanlegg i dette området.

Endringane i forskrifta som regulerer produksjonsstansen inneber at oppdrettarane av laks i Finnmark frå og med torsdag 21. desember 1995 får fritak frå den generelle stansen i fôringa som blei innførd for all laks over 2 kilo frå 5. desember i år til og med 15. januar 1996. I staden blir det for dei fiskeoppdrettarane dette gjeld innførd to periodar med stans i fôringa, den fyrste frå 4. januar til og med 15.januar 1996, den andre frå og med 27. mai til og med 9. juni 1996. Dette skulle, medrekna den perioden med stans i fôringa som fram til no er gjennomførd, bety at desse oppdrettsanlegga vil få ein produksjonsstans på til saman seks veker. Det er det same som no gjeld for oppdrettarane elles i landet.

Fiskeridepartementet har med dette opplegget teke omsyn til søknaden frå Finnmark fiskeoppdretterlag om unntak frå den allereie innførde produksjonsstansen for oppdrettslaks.

På bakgrunn av dei faglege tilrådingane vil ei slik lokalt tilpassa gjennomføring av stansen i fôringa gjere det mogleg for laksen å byggje opp næringsreservar i forkant av den naturlege perioden med svært lågt næringsinntak som oppdrettsfisk i dette nordlege området går gjennom kvar vinter.


Kontaktperson: Førstekonsulent Andreas Stokseth, tlf. 22 24 64 76


Lagt inn 3 januar 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen