Historisk arkiv

By eller bygd?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kommunal- og arbeidsdepartementet


Pressemelding

Kommunal- og arbeidsdepartementet


Informasjonsenheten, forværelse. Tlf.: (+47) 22 34 68 07
Informasjonssjef Erling Hansen. Tlf. priv.: (+47) 66 91 26 79
Informasjonsrådgiver Anne Marit Schiong. Tlf. priv.: (+47) 22 62 19 67

Oslo, 24.08.95

By eller bygd?

By eller bygd er eit spørsmål om lokal identitet. Det er meiningslaust å oppretthalde ei sentral statleg godkjenning av kva ord som høver best på den einskilde tettstaden, seier kommunal- og arbeidsminister Gunnar Berge. I eit høyringsutkast til justeringar i kommunelova konstaterer han at tildeling av bystatus ikkje lenger er eit statleg styringsverkty. Heretter kan dei som bur på staden sjølve vurdere kva ord som høver best.

Ein gong var tildeling av bystatus - med tilhøyrande handelsprivillegier - det sterkaste distriktspolitiske verkemiddelet staten rådde over. Seinare var bystatus viktig fordi det ga heimel for å la bymessige områder få sterkare kommunal organisering og høgre inntekter til å dekke kostnadane. Lovgjevinga var på ei rekke områder ulik for by og land.

  • Utbygginga av generalistkommunane - ein kommune som sjølv har alle tilboda til sine innbyggarar - har jamnt og trutt ført til at vi har fjerna skillene mellom by og land i lovverket. I proposisjonen vil vi foreslå å oppheve den siste regelen som skaper eit rettsleg skille. I dag er det ingen grunn til å ha ulike reglar for sal av småved i by og på land, seier Berge.

Tildeling av bystatus som statleg verkemiddel opphøyrde i realiteten då den nye kommunelova vart vedteken i 1992. Den formelle bystatusen hadde i tillegg utvikla seg på tvers av vanleg språkbruk. I kommunalrettsleg forstand har til dømes tettstadane Horten og Hønefoss ingen offisiell bystatus - bystatusen er knytta til Borre og Ringerike. Avklaringa departementet no kjem med opnar for at bynemninga kan knyttast til sjølve tettstaden og ikkje heile kommunen.

I høyringsutkastet peikar ein på at ei fornying av praksisen med statleg tildeling av bystatus vil medføre at det må skapast noko heilt nytt. Vurderinga som vart gjort tidlegare - er det mest tenleg å styre denne tettstaden etter byreglane - kan ikkje nyttast i dag.

Statleg tildelt bystatus høyrer ikkje heime i vår tid, og departementet vil med dette sette ein sluttstrek.


Lagt inn 24 august 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen